Fra papirutgaven

Løgn. Drap. Usikkerheit. Uskyld. Tillit. Tilgiving.

Store ord floka seg saman då vi besøkte Halden fengsel for å spørje innsette og tilsette om ein tidlegare drapsdømd kan bli fengselsprest.

Publisert Sist oppdatert
–Ja visst kan ho bli fengselsprest!
«Stian» (26) sit ved eit lite firkanta bord i eit besøksrom i Halden fengsel. Veggane er glatte og kvite. Vindauget er smalt. Ein gul skinnsofa står langs eine veggen og tilfører litt farge til det anonyme rommet.
«Stian» har ei lettliva og positiv utstråling. Han har vore i fengsel i rundt fem år, fortel han. Men han ønsker ikkje å fortelje kvifor retten ein gong bestemte at han skulle stengast inne. For ein utanforståande er det vanskeleg å forstå, kanskje på grunn av kontrastane: den trivelege mannen, den lange straffa.
Og kanskje er det også kontrastane som gjer spørsmålet vi skal snakke om så inderleg vanskeleg: For korleis skal samfunnet eigentleg respondere, når ei som har sona for medverknad til trippeldrap vil bli ein tillitsperson? Når ei som aldri har tilstått og bede samfunnet om tilgjeving for det ho er dømd for, vil bli fengselsprest?

For å lese denne saken må du være abonnent

Samtiden - nye saker på nett hver dag og 6 papirmagasiner i året. Alle abonnement gir tilgang til alle artikler og e-utgaven.
For å få papirutgaven, velg nett og papir. Vi har disse tilbudene:

Samtiden
Nett og papir
3 mnd

99,- 275,-

KJØP

Samtiden
Nett og papir
12 mnd

1050,-

KJØP

Samtiden
Nett
1 mnd

1,- 75,-

KJØP

Samtiden
Nett
12 mnd

810,-

KJØP

Powered by Labrador CMS