Fra papirutgaven

Éin nasjonalstat ‒ eitt fotballandslag: Ut frå denne mytiske likninga søker nye nasjonar om opptak i FIFA, ofte før staten sjølv er internasjonalt godtatt.

Fotball: nasjonalkultur og ustyrlig pengemaskin

Finst det då ingen grenser for korleis dei superrike skal kunna nytta fotballen i jakta på profitt?

Publisert Sist oppdatert

Temaet i Samtiden 5-2023 er fotball. Alle artiklene om fotball vil være å finne her.

«Gjennom fotballen blir dei klassane som ikkje er leiande i samfunnet, reelt sett vande til den villaste forma for kapitalisme» (Brochand 1998: 26).

I snart 100 år har fotballen vore ein del av den nasjonale identiteten rundt om i verda. Berre tenk på Noreg sin siger over Brasil i fotball-VM i Frankrike i 1998, ein kamp som ikkje hadde noko å seia for brasilianarane ‒ dei var alt vidare i meisterskapet på første plass i gruppa. Men vi nordmenn bryskar oss framleis over denne triumfen, sjølv om vi rauk ut for Italia i kampen etter, i åttandedelsfinalen. Brasil tok seg vidare til finalen, der laget tapte for vertsnasjonen Frankrike.

Nasjonsbyggar

For den nasjonale mytologien blei Uruguay til nasjon takk vera fotballen. Det første VM i historia gjekk av stabelen i 1930, nettopp i Uruguay. Landet feira det året 100 år som fri nasjon, og hadde utvikla seg til å bli den første velferdsstaten i Latin-Amerika. Likevel såg dei store naboane, Argentina og Brasil, med ringeakt på den inneklemte veslebroren, som dei kvar på sitt vis hadde prøvd å innlemma i eige territorium i tiåret frå 1820 til 1830.

For den nasjonale mytologien blei Uruguay til nasjon takk vera fotballen

Uruguay fekk dette første VM fordi landet hadde blitt OL-meister både i 1924 og 1928. Vertsnasjonen var ikkje snauare enn at laget vann heile meisterskapet, etter 4‒2 over den eine store naboen, Argentina, i finalen. Uruguay gjekk like godt bort og vann også i 1950, og no var det den største naboen, Brasil, som fekk unngjelda. Aldri har så mange sett ein kamp på ein fotballarena: 205.000 skal det ha vore inne på det gigantiske Maracana stadion i Rio de Janeiro, dei aller fleste fanatiske brasilianarar som var overtydde om at heimelaget ville sigra. Men dei obsternasige uruguayanarane sigra 2‒1, og hadde synt sine storsnuta naboar at dei slett ikkje var underlegne dei. Ingen kunne lenger diskutera Uruguay sin plass som eigen nasjon og stat i det internasjonale samfunnet.

Uruguay skårer sitt første mål i VM-finalen mot Argentina i 1930. Foto AP Photo / File

Éin nasjonalstat ‒ eitt fotballandslag: Ut frå denne mytiske likninga søker nye nasjonar om opptak i FIFA, det internasjonale fotballforbundet, ofte før staten sjølv er internasjonalt godtatt. Først på 1990-talet nytta Estland, Litauen, Slovakia, Georgia, Kroatia, Slovenia og andre i den tidlegare austblokka ein slik strategi då dei førebudde lausriving og sjølvstende. Det har vist seg at fotballandslaget har ein viktig nasjonal symbolfunksjon, noko frigjeringsfronten FLN alt var merksam på då den på slutten av 1950-talet skipa eit fotballag som reiste rundt som representantar for «det frie Algerie». Og på 1960-talet tok den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO til å senda landslag ut på turnear for å samla støtte til den palestinske saka (Boniface 1998).

Kuriøst nok skulle fotballen spela ei sentral rolle då Tyskland ‒ eller rettare sagt Vest-Tyskland ‒ litt etter litt blei akseptert i internasjonal politikk. Det gjaldt å legga bak seg kompleksa som det nasjonale hadde skapt gjennom den 2. verdskrigen og den nazistiske ideologien. Historikaren Christiane Eisenberg hevdar at tysk fotball heilt frå sin spede start har vore meir orientert mot landslag enn mot lokale identitetar (i Sonntag 1998: 60). Etter 2. verdskrigen blei nasjonalismen stigmatisert og erstatta med føderale institusjonar og termar: Bundestag, Bundespost, Bundesbahn, og vesttyskarane blei Bundesbürger i Bundesrepublik Deutschland. Berre i fotballen heldt ein fram med det nasjonale som før: die Nationalmannschaft spelte for Tyskland, både i aust og i vest, har somme hevda (Leinemann 1997).

Uruguay-spiss Juan Alberto Schiaffino banker ballen forbi Brasils keeper Moacyr Barbosa og utligner til 1-1 i VM-finalen i 1950. Foto AFP Photo

Med VM-triumfen i fotball i 1954 tok tyskarane til å kasta av seg dei psykologiske hemningane etter verdskrigen. Ein del politiske kommentatorar hevdar at VM-sigeren i 1954 var det verkelege startskotet for Bundesrepublik Deutschland. 20 år seinare ser analytikarane på VM-triumfen på heimebane i 1974 som den endelege aksepten for Vest-Tyskland i det internasjonale fellesskapet. Året før var landet tatt opp i FN. Som om ikkje dette skulle vera nok: I 1971 hadde Willy Brandt fått Nobels Fredspris for sin Ostpolitik, og året etter gjekk Nobelprisen i litteratur til Heinrich Böll, forfattaren som intenst hadde arbeidd for at dei to Tyskland måtte samlast under ei demokratisk fane.

Rundt 1990 flamma dei nasjonalistiske emosjonane opp i Jugoslavia

I 1990 fekk Böll post mortem ønsket sitt oppfylt. Det året blei Tysland på nytt samla, berre månadar etter ein ny vesttysk VM-siger i fotball. Og då Tyskland også vann fotball-EM i England i 1996, viste den tyske regjeringssjefen Helmut Kohl til «gamle tyske kampdygder» for å forklara triumfen. Kan henda ikkje heilt heldig om han ville legga vekt på det demokratiske sinnelaget til den nyleg samla nasjonen (Noennenmacher 1996).

Fotball i politiske konfliktar

Rundt 1990 flamma dei nasjonalistiske emosjonane opp i Jugoslavia. Dei som følgde med på det som skjedde i fotballen, var alt førebudde. På slutten av 1980-talet tok valdelege slag på tribunane til å manifestera seg, som ein slags forvarsel om krigane som var like om hjørnet. Dette var tilfellet i kampar mellom serbiske Raude Stjerne og kroatiske Dynamo Zagreb.

Da kroatiske Dynamo Zagreb møtte serbiske Røde Stjerne, fekk ein gjennom tribunevald eit forvarsel om krigane som var like om hjørnet. Her i 2008. Foto Suradnik13 / Wikipedia

Mykje det same skjedde i det tidlegare Sovjet, i kampar der Spartak Moskva eller Dynamo Moskva spelte mot Dynamo Tbilisi i Georgia eller mot ukrainske Dynamo Kyiv. Fotballen fører konfliktlinene mellom nasjonalitetsrørsler til sin mest ekstreme konsekvens, og fotballaget blir eitt av dei viktigaste symbola på tilhøyrsle og eigenart, somme gonger meir enn flagget, nasjonalsongen og ein nasjonal mynt.

Då dei væpna konfliktane tok til i Jugoslavia på 1990-talet, tydde sportsjournalistane til termar og uttrykk frå militære strategar og PR-spesialistar. Med det førte dei konfliktlinene ut til sjølv dei mest avsidesliggjande krokane. Fotballen blei i høg grad politisert, og supporterane såg på seg sjølve ikkje berre som viktige støttespelarar for laget sitt, men nærmast som militære frontsoldatar. I tilfellet Jugoslavia nytta også det internasjonale samfunnet politiske pressmiddel mot landet då landslaget blei utelukka frå EM i 1992. Meir enn noko anna straff ‒ militær, økonomisk, politisk ‒ råka eksklusjonen frå Euro 1992 det serbiske folket, som no for alvor skjønte at landet deira var isolert internasjonalt (Colovic 1998).

I 1998 erklærte dåverande FIFA-president, brasilianske Joao Havelange (i midten), at han ville ta initiativet til ein fotballkamp mellom Israel og Palestina for å løysa den mest brennande konflikten i vår tid. Foto AP Photo / Bob Child

Det er ikkje berre i det tidlegare Jugoslavia ein nyttar termar som har med krig å gjera. Faktisk er det ikkje heilt uvanleg i vårt eige norske språk, der ein kan legga merke til at ein midtbanekrigar står høgt i kurs. Og under VM i Mexico i 1970 kom Alf Ramsey med ei ytring som fekk mykje merksemd: «Korleis kunne tyskarane slå oss i Leon når dei ikkje hadde klart det på fotballbana nokon gong i løpet av 69 år eller i tre krigar mellom våre to land!» (Hubert 1978: 202) Mange stussa nok over ei slik jamføring mellom krig og fotball, men kan henda var det ikkje tilfeldig at ei slik ytring kom nett då.

Året før hadde vi nemleg hatt den såkalla fotballkrigen mellom El Salvador og Honduras. Såkalla fordi det var europeiske journalistar som kalla den det. I Latin-Amerika er krigen snarare kjent som hundretimarskrigen fordi den varte i om lag 100 timar. Rett nok var det ein kvalifiseringskamp til VM i 1970 mellom dei to landa som var den mest direkte opptakten til krigen, men denne var eit resultat av meir alvorlege sosioøkonomiske problem.

Prisane på basisvarer gjekk opp i den mellomamerikanske regionen, medan prisane på kaffi, bomull og sukker, som landa produserte for eksport, fall på verdsmarknaden. I denne krisesituasjonen blei arbeidarar og bønder frå El Salvador jaga frå jordlappane sine i Honduras, noko som skapte ein svært spent situasjon mellom dei to nabostatane. Krigen var såleis ikkje eit resultat av «latinsk fotballfanatisme», slik det blei framstilt i nordeuropeiske presseorgan, den braut ut i ein situasjon med svolt, internasjonale marknadar, og internasjonale politiske og økonomiske interesser (Nymark 2002: 121‒122).

Då Argentina arrangerte fotball-VM i 1978 sette den to år gamle militærjuntaen alt inn på å presentera eit sameint land, i ein situasjon der diktaturet dreiv knallhard undertrykking, med tallause og særs alvorlege brot på menneskerettane. Etter kvart som Argentina avanserte, blei massemønstringane i sentrum av dei store byane større og større. I tv-bileta som blei sende ut over verda, dominerte det unisone «Ar-gen-ti-na!, Ar-gen-ti-na!», heilt etter generalane sin smak. Men folk flest tok òg til å ropa «Argentina campeón, Videla al paredón» («Argentina meister, Videla (leiaren for militærjuntaen) til rettarstaden!»), noko ikkje alle journalistane fekk med seg (Hernández Losada 2018).

Det er blitt peika på kor viktig fotballen har vore for nokre av dei verkeleg store prosessane i moderne tid: avkoloniseringsprosessane sør i verda. I Afrika ser ein på Brasil som ein modell innan fotballen, noko alle turneane til Santos, «Pele Futebol Clube», var sterkt medverkande til. Politiske leiarar i Afrika har sagt at populariteten til Pele inspirerte frigjeringsrørsler ved å visa at det går an for folka i sør å ta opp kampen mot det arrogante nord ‒ og tilmed vinna (Fitzpatrick 2022).

Den stormannsgale Havelange ville forresten også gjera sitt til at Sør- og Nord-Korea kunne stilla med eitt sameint landslag i VM i 2002

Det er ikkje alltid lett å planlegga å nytta fotballen som politisk symbol og konfliktløysar. I 1998 erklærte dåverande FIFA-president, brasilianske Joao Havelange, at han ville ta initiativet til ein fotballkamp mellom Israel og Palestina for å løysa den mest brennande konflikten i vår tid. «Fotball kan skapa forståing mellom folk som alt for lenge har stått med ryggen til einannan … Der politikk, diplomati og finansmiljø mislukkast, der trur eg fotballen kan lukkast.» Sa Havelange, med stor tru på eiga slagkraft og stor sans for det spektakulære, men heilt utan politisk teft og realitetssans (Boniface 1998:12).

Den stormannsgale Havelange ville forresten også gjera sitt til at Sør- og Nord-Korea kunne stilla med eitt sameint landslag i VM i 2002, som for første gong gjekk av stabelen i Asia, i Sør-Korea og Japan. Med like stort hell som i den palestinsk-israelske konflikten.

Narkobaronen Pablo Escobar med laget han kjøpte, Atlético Nacional frå Medellín. Foto X (Twitter)

Det kan henda klaraste tilfellet av bruk av fotballen i politiske konfliktar finn vi i Spania. Under Franco-diktaturet (1939‒1975) blei Real Madrid, med fem europacupsigrar på slutten av 1950-talet, utnytta propagandamessig av det autoritære regimet. Når Real Madrid spelte sine store kampar på 1950- og 1960-talet, fann diktatoren sjølv, Francisco Franco, det opportunt å sola seg i sigersglansen. At dette provoserte baskarar og katalanarar, er mildt sagt, og då den politiske opposisjonen tok til å røra på seg ‒ og det skjedde spesielt i Baskarland og Catalonia ‒ var det fotballklubbar som skulle komma til å spela nokre av hovudrollene: Athletic Bilbao i Baskarland og FC Barcelona i Catalonia.

Tallause gonger har eg spurt meg sjølv om vi har sove i timen når vi først no ‒ når Midt-Austen-landa Qatar og Saudi-Arabia trår inn på den internasjonale fotballscena ‒ får augo opp for den hårreisande pengebruken i fotballen

I FC Barcelona finn ein samla så vel ambisjonane som frustrasjonane til eit folk, det katalanske, med ein sterk nasjonal identitet som ikkje har kunna ‒ eller evna ‒ danna sin eigen stat. Striden katalanisme ‒ antikatalanisme, føderalisme ‒ sentralisme har for så vidt også sitt vedheng i Barcelona, for medan FC Barcelona er dei katalanske nasjonalistane sin klubb, så er den andre store klubben i byen, Real Espanyol, klubben til spanske immigrantar i Barcelona. Eller rettare sagt: klubben til dei immigrantane som ikkje kjenner seg integrerte i det katalanske samfunnet og held fast ved sin spanske identitet. Det har nemleg vist seg at dei integrerte innvandrarane også held med El Barҫa (Colomé 1998: 58).

Dei superrike tar over

Tallause gonger har eg spurt meg sjølv om vi har sove i timen når vi først no ‒ når Midt-Austen-landa Qatar og Saudi-Arabia trår inn på den internasjonale fotballscena ‒ får augo opp for den hårreisande pengebruken i fotballen. Det er nemleg eit uomtvisteleg faktum at denne sporten speglar utviklinga i kapitalismen etter 1980, då nyliberalismen tok til å dominera verdsøkonomien. Med Margaret Thatcher i førarsetet blei økonomien sleppt fri, og marknaden fekk mykje meir å seia enn den hadde hatt tidlegare. Fotballen var slett ikkje noko unntak.

Det er uhorveleg mykje pengar i fotballen, pengar som det ikkje alltid er så lett å spora opphavet til

Det er uhorveleg mykje pengar i fotballen, pengar som det ikkje alltid er så lett å spora opphavet til. Kan henda verst av alt: Fotballen er hamna i hendene på folk som er interesserte først og fremst i pengar, mykje meir enn i sjølve fotballspelet. Og tru i alle fall ikkje at det berre er arabiske oljesjeikar eller russiske oligarkar som styrer fotballen i våre dagar. Eit lite betydeleg fotball-land som USA er i høgste grad med på karusellen gjennom finanskapitalen, og er i England med på å kontrollera klubbar som Arsenal, Aston Villa, Chelsea, Crystal Palace, Liverpool og Manchester United.

Med VM-triumfen i fotball i 1954 tok tyskarane til å kasta av seg dei psykologiske hemningane etter verdskrigen. Foto Panini / Wikipedia

Det var først då Russland gjekk inn i Ukraina at Vesten reagerte på at Roman Abramovitsj åtte Chelsea, sjølv om vi meir enn ante at oligarken hadde kjøpt klubben med korrupsjonspengar frå privatiseringane då gamle Sovjet hamna på den historiske skraphaugen. Då Abramovitsj måtte kvitta seg Chelsea, bladde amerikanaren Todd Boeley opp tilsvarande 5 milliardar euro for å slå kloa i klubben, så langt den høgaste summen i historia for å kjøpa eit idrettslag (Chelsea 2022).

I 2026 skal fotball-VM gå føre seg i USA, Mexico og Canada. Det kunne jo då vera naturleg å peika på at USA berre 32 km frå Qatar sin hovudstad Doha har ein militærbase med 11 000 soldatar som landet har nytta til å bomba land som Afghanistan, Irak og Syria (Lendon 2017). Lite er så kynisk som internasjonal politikk, så vi held nok kjeft.

Pablo Escobar kvitvaska narkodollarane sine gjennom klubben Atlético Nacional i Medellín

Det er allment kjent at rikfolk kvitvaskar svarte pengar gjennom fotballen, som tener som springbrett til politiske karrierar: Silvio Berlusconi (AC Milan, statsminister i Italia ved fleire høve), Jesús Gil (Atlético de Madrid, ordførar i Marbella 1991‒2002) og Mauricio Macri (Boca Juniors, president i Argentina 2015‒2019). Og så må vi ikkje gløyma colombianske Pablo Escobar, som kvitvaska narkodollarane sine gjennom Atlético Nacional i Medellín (Tristán 2016).

Kjøpte Florentino Pérez, president i Real Madrid, Martin Ødegaard som ein strategi i tilbodet om Follo-bana? Foto Fotografías Archimadrid.es / Wikipedia

Det er derimot ikkje så godt kjent at Real Madrid sin president Florentino Pérez kjøper somme spelarar for å promotera selskapet sitt i bygg og tenester (ACS), med det for auge å sikra seg saftige kontraktar: Det skjedde då colombianske James Rodríguez i 2014 gjekk til Real Madrid, og ACS fekk tildelt arbeida med ein motorveg langs Stillehavet, verdt 691 millionar euro; og likeins då meksikanske Javier «Chicharito» Hernández same året gjekk til Madrid-klubben.

Då fekk Florenino Pérez sitt ACS tilslaget på bygging av eit vassverk og modernisering av ein dieselfabrikk i Mexico, tilsvarande til saman 432 millionar euro. Strategien slo ikkje til då Martin Ødegaard i 2015 blei kjøpt opp av Real Madrid, samstundes som ACS hadde inne bod på Follobana (Oslo‒Ski), som selskapet ikkje vann gjennom med (Ludt 2015).

Finst det då ingen grenser for korleis dei superrike skal kunna nytta fotballen i jakta på profitt?

Bibliografi

Boniface, Pascal (1998) Géopolitique du football. I Football et passions politiques, s. 10‒12. Le Monde Diplomatique: Paris.

Brochand, Pierre (1998) Entre le national et le transnational. I Football et passions politiques, s. 24‒26. Le Monde Diplomatique: Paris.

Chelsea (07.05.2022) Chelsea confirm Todd Boehly consortium has signed € 5 billion agreement to buy club. Tilgjengeleg frå https://www.the42.ie/chelsea-new-owner-5757280-May2022/ [lese 23. oktober 2022].

Colomé, Gabriel (1998) Conflits et identités en Catalogne. I Football et passions politiques, s. 57‒56. Le Monde Diplomatique: Paris.

Colovic, Ivan (1998) Nationalismes dans les stades en Yougoslavie. I Football et passions politiques, s. 54‒59. Le Monde Diplomatique: Paris.

Fitzpatrick, Michael (30.12.2022) Africa remembers special bond with Pelé, the greatest athlete in history. Tilgjengeleg frå https://www.rfi.fr/en/sports/20221230-africa-remembers-special-bond-with-pel%C3%A9-the-greatest-athlete-in-history [lese 23. januar 2023].

Hernández Losada, Diego (20.02.2018) Argentina campeón, Videla al paredón. Tilgjengeleg frå https://blogs.eltiempo.com/las-venas-del-balon/2018/02/20/argentina-campeon-videla-al-paredon/ [lese 12. mars 2021].

Hubert, Christian (1978) 50 ans de Coupe du monde. Ed. Arts et Voyages: Brussel.

Leinemann, Jürgen (1997) Sepp Herberger. Ein Leben, eine Legende. Rowohlt: Berlin.

Lendon, Brad (06.06.2017) Qatar hosts largest US military base in Mideast. Tilgjengeleg frå https://edition.cnn.com/2017/06/05/middleeast/qatar-us-largest-base-in-mideast/index.html [lese 25. august 2022].

Ludt, Øyvind (18.02.2015) Ble Martin Ødegaard kjøpt for å vinne Follobane-kontrakt? Tilgjengeleg frå https://www.at.no/anlegg/401525 [lese 03. mars 2015].

Nonnenmacher, Günther (02.07.1996) Fuβball, völkerkundlich. I Frankfurter Allgemeine Zeitung.

Nymark, Johannes (2002) Verdas viktigaste bagatell – essay om fotball og globalisering. Samlaget: Oslo.

Sonntag, Albrecht (1998) Un miroir des vertus allemandes. I Football et passions politiques, s. 60‒62. Le Monde Diplomatique: Paris.

Tristán, Carlos (22.11.2016) Cuando Atlético Nacional vivía bajo la sombra de Pablo Escobar. https://www.spherasports.com/cuando-atletico-nacional-vivia-bajo-la-sombra-de-pablo-escobar/ [lese 16. juni 2018].

Powered by Labrador CMS