Fra papirutgaven

Mørket

Det er ikkje lenge til jul no. Dagane er på sitt kortaste. Eg sit på fjellet. Og er heilt aleine. Eg sit og ser ut dei store vindauga og let mørket kome. Eg veit ikkje kor lenge eg torer å bli her. Eg er nemleg redd for mørket.

Publisert Sist oppdatert

Skikkeleg mørkeredd, og det har eg alltid vore. Heilt sidan eg var lita jente og ba mamma og pappa forsikre meg om at dei hadde låst ytterdøra om kvelden. Sjølv sette eg mi eiga dør litt på gløtt, for det var alltid litt lys på ute i gangen.

Eg er på fjellet for å finne ut av mi eiga redsle og det naturlege mørket. Kan det hende at det eg er så redd for, faktisk kan vere viktig?

Jula var ei skremmande tid. Det er ikkje lenge sidan jula var uendeleg mykje mørkare enn no. Det er berre rundt 70 år sidan det vart vanleg med elektrisitet i norske heimar. Jo lenger vi spolar tida tilbake, til før glødelampa, til gode gamle dagar, jo mørkare blir det. Var du ikkje storbonde eller rik på andre vis då, hadde du ikkje all verda å bruke på stearinlys og oljelamper. Då var jula ei skremmande tid. For jo mørkare og kortare dagane var ute, jo sterkare kraft hadde dei underjordiske maktene.

Det er ikkje lenge sidan jula var uendeleg mykje mørkare enn no.

Sjølv etter at kristendomen vart innført og nordmenn feira jul og Jesu fødsel, var høgtida prega av merkedagar, ritual og tradisjonar for å sleppe for mykje nærkontakt med dei underjordiske, mørkemaktene og daudingane. Mange av dei var knytte til Djevelen og hans mørke. Felles var at dei ikkje såg ut, kunne gjere stor skade og hadde mykje makt.

Nokre dagar og netter måtte folk vere ekstra forsiktige, vart det sagt. For då kom dei opp frå underverda, fram frå gøymestadene sine. Då var grensa mellom menneska si verd og desse maktene så tynn og skjør, lettare å overskride. Dette gjaldt mellom anna lussinatta, julenatta og nyårsnatta. Natt til 13. desember var lussinatta, og då herja den grufulle Lussi. Frå 1200-talet og fram til rundt 1700 trudde dei dette var den lengste natta i året. Natta markerte overgangen til mørketida då alle daudingar og troll og underjordiske vesen var ute.

Det var viktigå ikkje kome i utakt med dei underjordiske. Blidgjere dei. Verne seg. Tjære vart brukt for at treverk ikkje skulle rotne, og mange meinte at det kunne hjelpe mot mørke makter også. Så folk tok målarkosten og måla tjærekrossar både over senga og over dører, i tillegg vart sakser og knivar av stål lagde i vindauge og senger. Også i senger. Og alt du bakte, var det lurt å setje ein liten kross i.

Foto Journalist og forfatter Sigri Sandberg drog til ­fjellandskapet på Finse for å finne ut av si redsle for mørket.

«Alt som ikkje har kross i kake, skal huldra smake», vart det sagt.

No veit vi at 21. desember er den lengste natta – og 13. desember er først og fremst Luciadagen, til minne om den kristne helgenen St. Lucia. Ho var ei ung jente som døydde då dei kristne vart forfølgde for trua si, rundt år 300 etter Kristus. Lucia betyr lysande, ho som lyser – og er god mot andre.

Men lenge før ein i Sverige byrja tradisjonen med luciatog og barn med lys i 1927, mange hundre år før dette, vart ofte eldstedottera på garden send ut på lusseferd. Ho hadde kvit kjole og stearinlys i handa. Ho gjekk innom fjøset og låven og rundt heile huset. På kvart hjørne skulle ho synge magiske vers med den vesle, kvite stemma si.

Slik skulle lyset jage mørket bort.

For i mørket vert vår sterkaste sans, synet svekka. Og då er det plass til alt det som ikkje kan sjåast, berre anast. Då er det ikkje rart nokon av oss blir redde.

Høgtida var prega av ­merkedagar og ritual for å sleppe for mykje nærkontakt med dei underjordiske og ­mørkemaktene.

Og eg sit framleis og ser ut på eit fjellandskap som viskast ut framfor auga mine. Eg heklar og håpar ikkje mørket og frykten vil ta meg så hardt denne kvelden.

Mørkeredsel, ei urfrykt. Genmaterialet i kroppen vår er urgamalt, designa for å hjelpe oss i farar – og før i tida var mørket, svimlande høgder og giftige edderkoppar noko det var lurt å frykte. Det var i det heile ganske praktisk å ha respekt for natta. Redsel for mørket kunne til dømes hindre at holebuaren luska så mykje kring i det svarte, og dimed slapp ho å bli utsett for rovdyrangrep eller andre nattlege farar. Det var betre å sitje ved bålet, finne roa, sove. For når synet blir svekt, mistar vi også kontroll og oversikt, kroppen fortel oss at vi må vere på vakt – og andre sansar, som høyrsle og lukt, blir skjerpa.

I dag er ikkje denne redselen like viktig for å overleve, men kjensla har fått eit namn: Achluofobi heiter det å ha angst for eller i mørket. Om det hemmar deg i dagleglivet, er det ein fobi. Og ein fobi er ei irrasjonell, intens og vedvarande frykt for enkelte situasjonar, aktivitetar, gjenstandar, dyr eller menneske.

Eg kjenner ikkje at det er fint og spennande i ­mørket. ­Absolutt ikkje. Ikkje enno.

Psykologiprofessor Asle Hoffart seier mørkeredsel er ei overdriven frykt for å vere i mørket.

– Du mistar oversikta du har i lyset, og personar med denne fobien får ei kjensle av å miste kontroll og kjenner seg sårbare. Dersom ein i tillegg byrjar fantasere om farlege ting som kan skje, aukar angsten, seier han.

Og når vi blir redde, blir amygdala kopla inn. Amygdala er ein struktur i hjernen som blir skrudd på når vi er i fare og kroppen går i alarmberedskap, klar til å handtere kriser og farar og Gud veit.

Då blir hormonet adrenalin skilt ut i blodet, og det set i gang ei rekkje reaksjonar: Pusten går fortare, hjartet slår raskare, du sveittar, og musklane spenner seg. Kroppen gjer seg klar til flukt eller kamp. I tillegg kan det kome katastrofetankar.

Foto Sigri Sandberg

Sjølv liker professorHoffart mørket. Han liker at hans eigne tankar, bilete og kjensler – og også kroppslege sansingar – blir tydelegare. Han kan også fryde seg ved det uvisse og skremmande ved mørket.

Men han har likevel laga ei liste med gode råd for personar med denne redselen. Dei handlar om å utsetje seg for det du er redd for. Setje seg eit mål, til dømes å gå på utedoen aleine eller på ein mørk sti. At det kan vere lurt å gjere det i lag med nokon først. Og dersom angsten kjem, oppmodar Hoffart deg til å halde ut, observere tankane og kjenslene i denne situasjonen. Og eventuelt også til å gå djupare inn i situasjonen for å finne meir angst. Utvide komfortsona. Han spør om det også er mogleg å kjenne kor spennande og fint det er i mørket?

Eg tenkjer at det er nett det eg gjer. Sit her og kjenner etter. Sit her og kjenner etter. Men eg kjenner ikkje at det er fint og spennande i mørket. Absolutt ikkje. Ikkje enno.

Kampen mot mørket. For meg gir ordet mørke eit slags søkk. Eit djupt søkk lengst inne. Det er knytt til sorg og sjukdom og natt og fargen svart – og min eigen mørkeredsel.

Og også generelt er mørke eit negativt ord, eit ord som er tungt og trist og også dreg andre ord med seg ned: mørkemenn. Ein mørk periode i livet, historia. Mørketal. Mørk fortid og framtid. Mentalt mørke. Mørkt raseri. Mørk mellomalder. Det må ofte tennast lys for at alt skal bli bra, både i dikt og songar og i skjønnlitteraturen og livet generelt.

Meir enn to tredeler av ­nordmenn kan ikkje lenger sjå Mjølkevegen frå der dei bur.

Til alle tider har menneska kjempa både mot det indre og det ytre mørket i verda. Mørket var ein fiende, som kulden, noko utrygt. I gresk mytologi er det sagt at elden vart stolen frå gudane. Etter at dyra i skapinga hadde fått alle dei gode eigenskapane, stal guden Prometevs elden og gav han til menneska som trøyst. Guden over alle gudar, Zevs, vart rasande og skapte kvinna for å straffe menneska.

Og sidan har menneska jobba for å skaffe seg meir lys. I vestleg tenking vart lyset sett i samband med sanning, kunnskap og det å kunne sjå. Lyset står for livet og det gode, mørket for døden og det vonde. I religiøse skrifter frå fleire tusen år før Kristus finn vi solgudar – og eit mørkt og kaldt dødsrike. Lys er tryggleik, i lyset mistar dei mørke maktene krafta – og trolla sprekk og blir til stein.

Todelinga av himmelog helvete, det gode lyset og oppfatninga av mørket som noko negativt lever stadig vidare – i religion og songar, i skjønnlitteratur og språk, i sub- og populærkultur, i teikneseriar, film, tv-seriar og spel – og i vår eigen fantasi.

Har denne kulturelle todelinga hindra oss frå å sjå at mørket også kan vere mjukt, kan vere bra? For berre no, i dei aller siste sekunda av mennesket si historie, har nokon ymta om at, kremt, kanskje mørket også er viktig. Kanskje litt. Viktig. For ganske mykje.

Eg vart født i 1975, så både min generasjon og den før har vakse opp i og med elektrisk lys. I mi levetid har det ikkje blitt ordentleg mørkt nokon stad anna enn langt utanfor byen og bygda. Kanskje er det difor eg er redd for mørket? Kanskje er det difor eg ikkje har teke innover meg kva vi er i ferd med å miste?

Foto Bileta frå NASA viser korleis Europa gløder om natta. I Noreg når dette kunstige lyset 20 mil ut av store byar som Oslo. Foto: Nasa

Vi treng mørket. Då glødelampa kom, vart søvnen redusert med i gjennomsnitt 1,5 time. I 2012 vart slike lamper forbodne i EU. LED-lyset er mykje meir energieffektivt, så no er det ingenting å spare på, no står det sterke blå lyset på overalt, heile døgeret, heile året. Ute og inne. Det er diverre dette blå lyset som er det farlegaste, og som det også diverre er mest av i skjermar og telefonar og tv.

Dette lyset går rett inn i hjernen vår og seier at «Hei, du – no er det dag!» Produksjonen av mørkehormonet vårt melatonin stoggar, dette er heilt naudsynt for at vi skal få sove. Og søvnproblema aukar. 30 prosent av nordmenn seier dei tidvis har trøbbel med søvnen, og tala stig over heile kloden. Nokon kallar det ein global epidemi. Vi menneske er nemleg subtropiske dagdyr med cirkadisk rytme, det vil seie at vi treng både mørke og lys, i passe dosar. Vi treng kvile og søvn så hjernen og resten av kroppen skal kunne takle dagen og verda og alt som skjer.

Foto Det er få stader att i verda som ikkje er forureina av kunstig lys, skriv Sigri Sandberg. Her eit bilete fra NASA av lysande storbyar i Europa. Foto: Nasa

Det finst få stader att i verda no som ikkje er forureina av kunstig lys. Kveldane og nettene våre byrjar likne dagane. Bilete tekne av NASA viser at lysforureininga har auka dramatisk dei siste tjue åra. Lysforureining blir definert som uønskt eller overflødig kunstig lys, og forskarane oppdagar no stadig fleire område der dette lyset gjer skade.

Det blir stadig meir tydeleg blant forskarar i ulike fagfelt at det naturlege mørket er essensielt. Ikkje berre for oss menneske, men også for den biologiske klokka og navigasjonsevna til dyr, for livsløpet til plantar – og for å kunne sjå stjernehimmelen.

Meir enn to tredeler av nordmenn kan ikkje lenger sjå Mjølkevegen frå der dei bur. Ein organisasjon som heiter Dark Sky Association, kjempar for nattehimmelen, dei meiner at det å sjå ein tent nattehimmel er ein menneskerett. 18 amerikanske delstatar har no vedteke lover mot lysforureining. I New Mexico må til dømes alle lamper med meir enn 150 watt skjermast, og om ikkje dei er skjerma, må dei vere avslått frå klokka 23 om kvelden og til soloppgang. Nokre statar har gått så grundig til verks at turistar og stjernekikarar no strøymer til for å få oppleve mørket.

Og etter kvart skjønte eg det, der eg sat, kveld etter kveld på fjellet: At mangelen på naturleg mørke er mykje meir skremmande enn mørket sjølv.

Journalist og forfattarSigri Sandberg har skrive boka «Mørke - stjerner, redsel og fem netter på Finse». Teksten er basert på boka.

Powered by Labrador CMS