Bok

ILLUSTRASJONSBILDE.

– Litteraturhistoria kan også vera nær og konkret og er nærmare enn me trur

Dosent i norsk didaktikk, Sveinung Nordstoga, har behandla litteraturhistoria ut frå eit – i norsk samanheng – uvanleg perspektiv i boka «Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814».

Publisert Sist oppdatert

Kvifor har du skreve denne boka?

– For å behandle litteraturhistoria ut frå eit perspektiv som er heller uvanleg. Staden og det konkrete erstattar rigide periodenemningar som kan vera upresise. Men eg har også prøvd å gjera litteraturhistoria meir historisk, ved å knyte ulike forfattarskap til den meir allmenne historiske utviklinga.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Landskap og romlege kategoriar betyr mykje for korleis eit litterært verk blir til - om det er forhold i verket eller utanom den litterære teksten. Eg har, som nemnt, også prøvd å historisere forfattarskapa tydelegare. Men det er også viktig å understreke at min ambisjonen ikkje har vore å skrive ei samanhengande litteraturhistorie.

– Ein kan heller lesa testen som kortare eller lengre fragment, der heilskapen kan forsvinne til ein viss grad. I lys av dette – ein kan også lesa teksten som ein type norgeshistorie der dei skjønnlitterære tekstane er uttrykk for ein historisk situasjon.

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– Staden som kategori i litteraturhistoriografien er forholdsvis ny.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Utfordringa var å kople saman det kronologiske og det som har å gjera med stad. Men det har også vore utfordrande å forme teksten som ein heilskap. Det utvalet eg gjer av tekstar og forfattarar har også skapt ein del hovudbry.

Kva vil du oppnå med boka?

– At særskilt lærarstudentar – framtidige norsklærarar - les boka, og at dei er med å sikre den historiske dimensjonen i faget

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– At litteraturhistoria også kan vera nær og konkret og er nærmare enn me trur.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Masterstudenten i grunnskulelærarutdanninga, for han/ho skal formidle litteratur til sine elevar.

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– Bjørn Tysdals biografi om James Joyce. Ein eksemplarisk biografi. Og James Joyce skriv om sin stad – Dublin – i Ulysses

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Bergljot Hobæk Haffs episke kraft, Tarjei Vesaas' modernisme, Kjartan Fløgstads essayistiske prosa og ikkje minst originaliteten og humoren til Thure Erik Lund.

Kvar hentar du informasjonen om nye bøker frå?

– Dag og Tid, Bok 365, NRK og Klassekampen.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Pandemien har vist at me har store sosiale forskjellar her i landet.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Sveinung Nordstoga (66)

  • Yrke: Dosent
  • Utdanning: Lektor i nordisk og ph.d. i norsk litteratur
  • Bustad: Kongsberg
  • Aktuell med: «Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814»
  • Forlag: Vidarforlaget
  • Sidetal: 553
Powered by Labrador CMS