BOK
Boka mi om Donald Duck og bøkene, Litteratur i Andeby, er boka eg har drøymt om å skrive så å seie sidan eg lærte å lese. Andeby var min andre heimstad, Donald ein av mine trufaste omgangsvener. Eg slukte Donald-historier der dei var å finne, ikkje minst hos alle dei eldre naboane våre som hadde bunkar av blad liggande etter utflytta barn, hos mormor og morfar i sommarferiane, og etter kvart på nærbutikken – der eg fekk råd til Donald ved å lirke ut myntar frå sparegrisen min ved hjelp av ein kniv.
Allereie då eg var barn, forstod eg kor mykje eg lærte ved å lese om Donald Duck. Blant det som skapte nysgjerrigheit, var alle historiene som refererte til eller parodierte klassiske verk frå verdslitteraturen. Eg tvilar på at eg hadde fått den same hungeren etter litteratur utan Donald. Andeby er nemleg ein døropnar inn til verdslitteraturen. Donald lærte meg å lese, og følgde meg vidare gjennom barndom, ungdom og i vaksen alder – også då eg las mange andre bøker i tillegg til teikneseriane. Då eg studerte litteraturvitskap på Blindern, kunne eg raskt konstatere at eg hadde lese fleire av verka på pensumlista frå før, i Donald-versjon.
I Litteratur i Andeby går eg på mange måtar attende til røtene, til leseglede og stimulering av fantasi. Eg går attende til bøkene. For dette er på mange måtar ei bok om bøker. Bøkene har påverka Donald-universet i stor grad, slik Donald-historiene også har påverka kulturen, bøkene og oss. Mange av oss som i dag er vaksne – ja, for Litteratur i Andeby er ei bok for vaksne, sjølv om ho også kan lesast av yngre Donald-fans – har gode minne frå tida vår med Donald-lesing.
Då Nasjonalbiblioteket for nokre år sidan skulle markere 200-årsjubileet til Universitetet i Oslo, inviterte dei publikum til å stemme fram gjenstandar i «Nasjonens hukommelse». Carl Barks-historia «Eggemysteriet» kom på førsteplass. Forteljinga om Donald og gutane som møter eit nynorsktalande firkantfolk i ein avsides dal i Peru, tronar med andre ord på topp i vårt kollektive minne. Kåringa seier noko om den store betydninga historiene frå Andeby har for mange av oss. Vi er mange som er glade i Donald Duck i dette landet.
Mange av historiene frå Donald-universet er påverka av bøker. Hakkespettboka er sjølvskriven som det store orakelet i Andeby; papirboka som har svaret på alt! Ho held stand endåtil i vår digitaliserte samtid – berre i dette ligg det håp! Don Rosa har gitt oss den beste opphavshistoria, i «Visdommens voktere» frå 1993: Hakkespettboka er essensen av all verdas kunnskap, eit oppdatert konsentrat av det forsvunne biblioteket i Alexandria.
Eg skriv også om bibliotekvesenet i Andeby, og om Donald både som boklånar og som bibliotektilsett. Som regel har han gode forsett, anten det måtte vere å besøke biblioteket for å auke sitt «åndelege nivå», eller han får jobben med å vakte bokbasen som blant anna inneheld dei uerstattelege Andeby-rullane. Donald blir nysgjerrig, opnar skuffa i det mørke rommet der Andeby-rullane står lagra, må tenne ei fyrstikk for å sjå betre og utløyser sprinklaranlegget. Han gløymer å lukke skuffa og Andeby-rullane blir oppløyste til ein tjuktflytande graut.
Eg skriv om poesien i Andeby («Lyrikkens andeliv»), der Donald utmerker seg med kjærleiksdikting – ikkje minst i konkurranse med fetter Anton om Dolly gunst. Donald må dikte for å vinne Dolly! Og eg skriv om han som legendarisk songlyrikar i historia om «Den sorgfulle sjømann» («Viseforfatteren» på norsk; «The Screaming Cowboy» på engelsk). Her kan vi høyre dei vakre strofene «O, skjenk meg en grav i det isgrønne hav! / La bølgene kvele min gråt» – ei av dei mange sterke gjendiktingane av Barks' Hank Williams-inspirerte original.
Eg skriv om Donalds forfattarstrategiar når han skal skrive roman, og om den sterke tiltrua hans til sakprosaen: Ved å lese bøker om høvesvis segling, wienervals, musikk, hagebruk, baking, reparasjon eller barnepass blir han straks ekspert på feltet. Donalds evne til å tileigne seg bokleg lærdom er enorm. Den raske kompetansehevinga burde imponere ein kvar lærar og næringslivsleiar – før den uunngåelege katastrofen rammar.
Og alt dette er berre litt av det du kan finne i Litteratur i Andeby, som eg har arbeidd med i fleire år. Del to av boka er ei heil litteraturhistorie sett med andeblikk, frå Homers epos og Bibelen via Shakespeare («Hovudlinjer i den duckske dramatikken») til eventyrromanar som Defoes Robinson Crusoe, Swifts Gullivers reiser, Dumas' Greven av Monte Cristo og Dei tre musketerane, Stevensons Skattøya, Vernes Jorda rundt på 80 dagar og Reisa til jordas indre – blant anna! – og vidare til klassiske verk av Dickens, Tolstoj, Dostojevskij og Melville. For ikkje å nemne alle grøssarklassikarane: Shelleys Frankenstein, Stokers Dracula, Stevensons Dr. Jekyll og Mr. Hyde – alle i Donald-versjon! I tillegg til, heilt fersk frå bladhyllene, Ibsens Peer Gynt – i min gode ven og tidlegare Samtiden-redaktør Christian Kjelstrups turnering!
Boka inneheld også meir, mykje meir! Kafka, Mitchell, Wells! Språk og leven, dialektar, banning og tjobing! Nynorsk! Og sjølvsagt språkstriden kring «Eggemysteriet»! Haha! Ein må truleg vere litt sprø for å gå i gang med eit slikt bokprosjekt, som eg ikkje trur finst frå før heller i den internasjonale litteraturen. Åndeleg beslekta av Jon Gisles kultklassikar Donaldismen, sjølvsagt, som den blandinga av humoristisk skråblikk og omfattande forsking som dette arbeidet har vore. Eg har endåtil samla inn historier frå Italia, Brasil, Finland, Frankrike og Tyskland, mellom anna, som enno ikkje finst på norsk! Men ein treng slett ikkje vere ekspert på Donald for å ha utbytte av boka. Det held rett og slett å vere glad i å lese Donald-historier – og helst også bøker.
Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Eg har ønskt å ta han på alvor, om enn med eit smil om nebbet. Å mimre om og humre av gamle Barks-klassikarar står ikkje for meg som å leve livet sitt i fortida, men som å vere med på ei kontinuerleg utviding av horisonten. Å lese Don Rosa er som å ta elleville krasjkurs i historie, litteratur og geografi. Den samla vekta av seriane hans er som eit heilt utdanningsløp.
Andebys avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten, er formidabelt. Det same er biblioteket av bøker som ligg til grunn for mange av Donald-historiene. Å gjere seg kjent med desse, eller iallfall somme av dei, er ikkje noko mindre enn ein klassisk danningsprosess. Å gjere seg kjent med parodiane er danning med skråblikk. Donald er norsk og internasjonal kulturarv!
Eg trur Donald-historier framleis kan spele ei viktig rolle i å gi norske barn både lesetrening og leseglede. Sjølv lærte eg som sagt å lese av Donald, og teikneseriar er framleis godt eigna til å lære unge i dag å knekke lesekoden. Guten min på åtte, som er vaksen opp med tanken om at «Donald er noko som pappa elskar», har dei seinaste året sjølv blitt ein ivrig Donald-lesar. Det gjer underverk for leselysta! Lurt er det også, trur eg. Samspelet mellom bilete og tekst står sentralt i moderne tekstforståing. I ein visuell kultur som vår har Donald-historier større relevans enn nokon gong.
Stadig lærer eg mykje om litteratur av å lese Donald. Framleis kan historiene frå Andeby opne litterære univers eg blir freista til å gå vidare inn i. Formålet med Litteratur i Andeby er nettopp dette, å gi eit skyv til å ducke inn i verdslitteraturen med fornya interesse. Sjølv får eg iallfall fornya glede og nysgjerrigheit av å oppleve litteraturen gjennom Donalds meisterlege krumspring og spektakulære eventyr.