Bok

Hans Johan Sagrusten er aktuell med diktsamlingen I diktet har du fått eit evig liv. I stride mot undergangen med ord.

Hans Johan Sagrusten: – Dei kjempar alle mot undergangen på kvar sitt vis

DERFOR DIKT ‎| Ifølge Hans Johan Sagrusten er dikt små kunstverk, ja, underverk. Ordene fra eldre dikt kan resonnere med livet vårt og samtiden vår i dag, sier han.

Publisert Sist oppdatert

­

Hans Johan Sagrusten (53)

  • Yrke: Bibelomsetjar, foredragshaldar og forfattar
  • Utdannelse: Teologisk embetseksamen
  • Bosted: Spydeberg
  • Aktuell med boken: «I diktet har du fått eit evig liv. I stride mot undergangen med ord.»
  • Forlag: Efrem forlag

Hva skriver du dikt om?

– Eg gjendiktar britiske diktarar til norsk. I denne samlinga har eg teke med gjendiktingar frå dei siste 25 åra, av William Shakespeare, Dylan Thomas, R.S. Thomas og George Mackay Brown.

Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?

– Eg kjenner at orda frå eldre dikt kan resonnere med livet vårt og samtida vår i dag. Dei fire diktarane som eg omset til norsk, kjempar alle mot undergangen på kvar sitt vis. Dei kjempar for å ta vare på det sant menneskelege, det opphavlege i livet – ja, sjølve livet. Imot dei står alt som vil bryte ned det enkle, reine og opphavlege livet som menneska alltid lengtar etter.

Hvorfor dikt og ikke roman?

– Dikt er småe kunstverk, ja, underverk. I nokre fåe ord kan dei fange inn ei kjensle, ei stemning, eit paradoks som ein roman ville ha brukt mange sider på å skildre. Dikt er frå éi side sett den lates litteratur; det er bøker for den som berre orkar å lesa éi side om gongen. Samtidig opnar dikta djup og avgrunnar og høgder som lesaren aldri kunne ha tenkt seg, berre nokre liner høgare opp på sida.

Hva vil du formidle gjennom diktene dine?

– Eg vel ut dikt å gjendikte som gjev gjenklang i meg sjølv, i min eigen lengt etter opphavet, etter dei reine luktene og smakane frå barndomen, etter meining og samanheng i tilværet. For meg er meininga og samanhengen nært knytt til det guddomlege mysteriet, som eg aldri blir ferdig med å utforske. Eg vonar at lesaren kan kjenne noko av den same undringa over mysteriet.

Er det et av diktene dine du vil dele – og hvorfor nettopp dette diktet?

– Diktet Jul av George Mackay Brown, fordi det er enkelt – og samtidig sprekkande fullt av metaforar og bilete som peikar til ulike stader i dei heilage skriftene:

JUL

‘Ring inn til gravferd’ sa sola til jorda
då gras stod tynt i sno.
Stjernehjulet rulla med naglar og tornar
over mølle og kyrkje og kro.

Den gamle sola døydde. Jorda vart enkje
og slo med svart bjølle.
‘Kongen vår kjem att’ sa rota til beina,
til beingrind-treet på fjellet.

Ved midnatt ropa okse og esel
mellom lampe- og stjerneljos:
Ære vere Gud ... Lux in tenebris ...
midt i eit vinterkaldt fjos.

Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din - og hvorfor?*

– Eg håpar den gamle norsklæraren min frå Kvitsund Gymnas, Dagfinn Køhn, les boka. Undervisinga hans formidla glede over kunsten og det vakre i språket, ja, gleda over å forme ord på ein vakker og kunstnarleg måte.

Hvem eller hva har inspirert deg til å skrive dikt?

– Eg er sjølv ein ivrig diktlesar. Det er møtet med bøkene til store diktarar som har inspirert meg. Den fyrste som verkeleg fascinerte meg, og som fekk meg til å byrje å lesa dikt, var Arnold Eidslott.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Eg har ikkje særleg stor tru på kunstig intelligens innan kunsten. Eg har sjølv utfordra ChatGPT til å bryne seg på ei verseline eller to som eg sleit med å gje form på norsk – og resultatet vart katastrofalt dårleg.

Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?

– Det må vera Å resirkulere lengselen – avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen. Det er stor litteratur, skriven midt i miljøkrisa som omgjev oss, med slåande sterke skildringar av ein natur i samanbrot.

Hva er det aller beste du har lest, sett eller hørt i det siste?

– Konsert med Oslo Domkor og Bergen Domkor i Oslo Domkirke under kirkemusikkfestivalen nå i mars: Rachmaninovs Vesper, eit makelaust sterkt korverk med tekster frå kyrkjeslavisk liturgi.

Hvis du måtte velge?

Jon Fosse – Dag Solstad

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Sykkel – Sparkesykkel

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Taylor Swift– Lady Gaga

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS