Notiser

Kulturminister Anette Trettebergstuen.

Spelemidla 2023: Målretta innsats og nær ein milliard kroner for å få fleire med i kulturlivet

Regjeringa fordeler i dag 966 millionar til mange kulturformål i heile landet. Fordelinga er gjort for å styrke det frivillige kulturlivet, få fleire med og motverke fråfall.

Publisert Sist oppdatert

­– Vi ønskjer eit mangfaldig og inkluderande kulturliv der folk bur. Vi må sikre oss mot at fellesskapa i kulturlivet raknar fordi kostnadsnivået er for høgt. Med denne fordelinga gir vi meir til barn og unge slik at fleire kan delta i aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Den kulturelle skulesekken sørger for kulturopplevingar for barn og unge i heile landet, dei får 20 millionar kroner ekstra til å spreie kunst og kultur på barnehagar og skular.

– Den kulturelle skulesekken er ei unik ordning som gir alle barn og unge lik tilgang til å oppleve kunst og kultur av høg kvalitet heilt gratis. Det er ei uvurderleg demokratisk og utjamnande ordning, seier kultur- og likestillingsministeren.

Regjeringa har nyleg lagt fram «Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi 2023-2025», og jobbar med ein strategi for leselyst.

Strategiane vert mellom anna følgt opp med ekstra pengar til leselyst, kulturlokale, korps, kor og orkester. Regjeringa styrker fleire tilskotsordningar, som til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale (Kulturrom).

– Kulturfrivilligheita er kjempeviktig for å skape liv og samhold i lokalsamfunna våre, for å utvikle oss kreativt og for å vidareføre viktige tradisjonar og læring, seier Trettebergstuen.

Nokre av satsingane:

  • 20 millionar ekstra til DKS
  • 30 millionar kroner meir til regionale kulturbygg – desentralisert ordning
  • 15 millionar kroner til leselyst og litteratur
  • 10 millionar kroner meir til Kulturrom
  • 4 millionar kroner ekstra til Ungdom og Fritid
  • 5 millionar kroner til andre tiltak i kulturfrivilligheitsstrategien, Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023–2025)

Totalt går 6,6 milliardar frå overskotet til Norsk Tipping til idrett, kultur og frivilligheit.

I 2023 blir det fordelt 966 millionar kroner til kulturformål frå overskotet til Norsk Tipping. Dette er ein auke på 40 millionar kroner frå i fjor:

Tiltak – kulturformål Forslag 2023 (kroner)
Den kulturelle skolesekken330 000 000
Frifond190 000 000
Regionale kulturbygg – desentralisert ordning86 250 000
Kulturrom56 050 000
Bibliotektiltak54 700 000
Amatørteatertiltak29 600 000
Nasjonale musikkorganisasjoner26 930 000
Museumstiltak25 750 000
Instrumentfondet20 000 000
Tiltak for publikumsutvikling, mangfold og inkludering19 685 000
Leselyststrategi og litteratur15 300 000
Ungdom og Fritid15 000 000
Aktivitetsmidler for kor12 700 000
Arkivtiltak12 300 000
Scenekunsttiltak10 000 000
Studieforbund9 850 000
Folkeakademienes Landsforbund9 370 000
Krafttak for sang8 610 000
Tilskuddsordning for korps og orkestre6 500 000
Orkesteråret2 000 000
Såkornmidler regionale kulturråd2 500 000
Kulturalliansens kartlegging av kulturllokaler500 000
Kulturstøtta4 280 000
Ordninger for kordirigenter3 450 000
Tvibit2 815 000
Norske kirkeakademier2 300 000
Midler til fordeling senere i 20239 596 000
Totalt966 036 000

Powered by Labrador CMS