Kulturpolitikk
Kulturminister Anette Trettebergstuen.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Regjeringa foreslår 150 millionar til full momskompensasjon for frivillige organisasjonar og 100 millionar meir til kultur og likestilling
I tilleggsproposisjonen foreslår regjeringa å auke momskompensasjonen med 150 millionar kroner. Dermed sikrar regjeringa full momskompensasjon for dei frivillige organisasjonane allereie neste år.
– Med dette peiker vi ut ei tydeleg retning for kva denne regjeringa ønskjer. Vi prioriterer frivilligheit, og er oppteken av at det frivillige Noreg skal ha gode vilkår for å gjere det dei er best på. Denne auka betyr meir pengar til aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
I tillegg foreslår regjeringa å styrke kulturbudsjettet med 100 millionar kroner, 59 millionar går til å styrke kunstnarøkonomien.
– Eg er glad for å kunne gi denne gruppa eit etterlengta løft. Pandemien har vist kor små marginar kultursektoren har å gå på og kor spesielt sårbare og utsette kunstnarar er som gruppe. Mange har samansett økonomi med usikre inntektskjelder og ustabile arbeidsmoglegheiter, seier Trettebergstuen.
100 millionar kroner er fordelte på kulturbudsjettet følgande måte:
59 millionar kroner til å styrke kunstnarøkonomien
-
33,2 millionar kroner fordelt på 100 nye kunstnarstipend
-
20 millionar kroner til Norsk kulturfond. 10 millionar går til ordninga for musikkfestivalar og 10 til ordninga for turné- og verksemdstilskot for musikarar, artistar og band.
-
4 millionar til etablerte scenekunstkompani
-
1,8 millionar kroner til Fond for lyd og bilde
15 millionar kroner ekstra til film
-
8 millionar kroner til filmfondet
-
5 millionar kroner til Bygdekinoen
-
2 millionar kroner til Samisk filminstitutt (ISFI)
11 millionar ekstra til likestilling
-
5 millionar til likestillingssentra
-
2 millionar kroner til likestillingsorganisasjonar
-
2 millionar til LHBTIQ-organisasjonar
-
2 millionar kroner til eit mannsutval
10 millionar ekstra til journalistikk
5 millionar kroner til markeringa av 1000-års jubileet på Stiklestad i 2030
– Likestilling er svært viktig på alle områder og vi løftar difor arbeidet med likestilling og mangfald i budsjettet. Vi startar også vår satsing på mediemangfald, pressefriheit og ytringsfriheit. Vi styrker den undersøkande journalistikken samtidig som vi ser til at lokalavisene har gode kår, seier Trettebergstuen.
Samtiden
Nett og papir
3 mnd
99,- 275,-
KJØP
Samtiden
Nett og papir
12 mnd
1050,-
KJØP
Samtiden
Nett
1 mnd
1,- 75,-
KJØP
Samtiden
Nett
12 mnd
810,-
KJØP