Annonse
Kulturpolitikk
926,1 millionar kroner til kulturformål frå speleoverskotet
– Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål, er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Annonse
– Vi vil ha eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Barn og ungdom som spelar i korps, syng i kor, spelar i band eller spelar teater er blant dei som nyt godt av desse tilskota. Vi styrker no Den kulturelle skulesekken, dei når alle barn og unge og er det største tiltaket i tildelinga, seier Trettebergstuen.
Overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespillova.
Fordelinga av spelemidlar til kulturformål (beløp i kroner):
Tiltak – kulturformål | Fordeling 2022 |
Den kulturelle skulesekken | 310 000 000 |
Frifond | 190 000 000 |
Gåveforsterkingsordninga | 70 000 000 |
Regionale kulturbygg | 56 250 000 |
Bibliotektiltak | 49 700 000 |
Kulturrom | 46 050 000 |
Instrumentfondet | 30 000 000 |
Museumstiltak | 25 750 000 |
Amatørteatertiltak | 23 000 000 |
Nasjonale musikkorganisasjonar | 21 930 000 |
Arkivtiltak | 12 300 000 |
Aktivitetsmidlar for kor | 12 100 000 |
Ungdom og Fritid – aktivitet for ungdom | 11 000 000 |
Scenekunsttiltak | 10 000 000 |
Studieforbud | 9 380 000 |
Folkeakademienes Landsforbund | 8 925 000 |
Frivillighetens år 2022 | 6 000 000 |
Krafttak for sang | 5 610 000 |
Skeivt kulturår 2022 | 5 000 000 |
Historiske spel | 4 100 000 |
Ordningar for kordirigenter | 3 250 000 |
Norske kirkeakademier | 2 190 000 |
Midlar til fordeling seinare i 2022 | 13 543 000 |
Totalt | 926 078 000 |