Bok

Den gamle songskatten er borte frå skulen, og julesongane som har eit kristent innhald, er endå meir borte, sier Oddgeir Bruaset.

Slår et slag for julesangene

Julesangene har en sentral plass i julefeiringa vår. Men hvordan har de ulike sangene blitt til? Oddgeir Bruasets nye bok gir en ny dimensjon til julesangene.

Publisert Sist oppdatert

Hvorfor har du skrevet denne boken?

Julesongane har ein sentral plass i julefeiringa vår. Men korleis songane er blitt til, kva historier som ligg bak, har vore lite kjent. Når eg har vore med på julekonsertar og fortalt korleis dei ulike songane er blitt til, har mange sagt at historiene gjev songane ein ny dimensjon.

Hva er de viktigste poengene i boken?

Målet har vore å vise den verdien julesongane for julefeiringa vår. Dei skaper stemning og ro, noko vi i vår rastlause, oppjaga tid treng, ikkje minst i jula. Ved å fortelje historiene som ligg bak songane, håper eg mange kan få ny og større interesse for både eldre og nyre juletonar.

Er det nye synspunkter eller teorier som presenteres?

Eg trur at historiene bak julesongane er lite kjende for folk flest, og dei som har vore kjende, byggjer gjerne på legender. Ved sida av å fortelje historer frå både eldre og nyare tid har eg også måtta avlive nokre mytar, som at gnagande mus skulle vere den indirekte årsaka til at "Glade jul" eller "Stille Nacht" vart skapt.

Hva vil du oppnå med boken (ut over det at så mange som mulig leser den) ?

Håpet er å kunne vere med på å auke interessa for julesongskatten, ved å setje songane inn i ein samanheng og sjå dei i eit nytt lys.

Hvem er målgruppen?

Alle som er glade i julesong og julemusikk. Den eldre generasjonen håper eg finn ekstra glede av å høyre historiene om songar dei hugsar frå si barndoms jul, medan den yngre kanskje vil ha ei særleg interesse for dei nye songane som også byggjer på konkrete hendingar og opplevingar.

Kan du gi oss navn på tre personer du håper leser boken?

Plateprodusent og tekstforfattar Erik Hillestad som har skrive teksten til tre av songane som er med i boka, og som villig har fortalt om dei spennande historiene som ligg bak songane. Per Oddvar Hildre - karismatisk og folkekjær kordirigent, ein trollmann med kor. Og så håper eg at vår nye storsongar og ferske vinnar av Stjernekamp, Knut Marius Djupvik, ville likt å høyre historiene om dei songane han sikkert skal syngje sjølv no ved juletid.

Hvor mange bøker leser du i året – og hva slags?

Talet på bøker varierer - men som regel ligg det vel ein stad mellom ti og tjue. Mange er sakprosabøker som eg må lese i samband med førearbeidet til eigne bøker. Men ein del skjønnlitteratur blir det også. Siste boka til Jon Fosse - Eg er ein annan - håper eg blir ein del av julelektyren i år.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?

I jula i fjor las eg biografien Hans Olav Lahlum skreiv om Reiulf Steen. Det var eit storverk som gav eit eineståande innsyn i livet i toppolitikken på godt og vondt, i motsetnad til dei politiske sjølvbiografiane som gjerne er prega av sjølvros.

Fritt valg på øverste hylle, uavhengig av tid og geografi: Hvilken forfatter kunne du tenkt deg å ha en lang og god lunsjprat med?

Henrik Ibsen.

Hvilken forfatter vil du gjerne gi en rose til?

Edvard Hoem - som på sine eldre dagar er blitt ein av våre mest folkekjære. Han har ein imponerande arbeidskapasitet, og han har levd eit spennande, uredd for å skifte syn og endre kursen.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Agatha Christie

Twitter – Facebook

Lydbok – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagbladet – VG

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Ibsen – Hamsun

Papirbok – E-bok

Fagbok – Roman

Netflix – YouTube

Ved sjøen – På fjellet

Oddgeir Bruaset (75)

  • Yrke: Pensjonist / forfattar / foredragshaldar (tidlegare TV-journalist)

  • Utdannelse: Adjunkt (lærarskole, norsk, historie)

  • Bosted: Ålesund

  • Aktuell med boken: «Stille natt»

  • Forlag: Vigmostad & Bjørke

  • Antall sider: 296

Powered by Labrador CMS