Bok

Erlend Skjetne ble nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for Skare (2019). I 2021 ble han tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfatterstipend. For ungdomsromanen Eit anna blikk fikk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For samme bok ble han også nominert til Kritikerprisen. Nå er han aktuell med diktsamlinga Liv, eg har drukke.

Erlend Skjetne: – Eg har det nok ikkje i meg å skrive særleg tidsriktig

DERFOR DIKT ‎| Erlend Skjetne har en drøm om å omvende en diktskeptiker til å bli en diktentusiast.

Publisert Sist oppdatert

­

Erlend Skjetne (35)

  • Yrke: Lærar og forfattar
  • Utdannelse: Master i nordisk språk og litteratur
  • Bosted: Trondheim
  • Aktuell med boken: «Liv, eg har drukke»
  • Forlag: Flamme
  • Antall sider: 92

Hva skriver du dikt om?

– I dette tilfellet har eg skrive dikt med utgangspunkt i gleda ved å lesa gode dikt. Boka mi spinn vidare på ord og verseliner hjå forfattaren Olav Nygard, som døydde for ganske nøyaktig hundre år sidan, i februar 1924. Det er vel ein slags lyrisk ungdomskjærleik for min del, ein diktar som på sitt beste skriv så fortryllande at tankane, til liks med dikta hans, får venger og flyg i veg mot dei ytste blånane.

Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?

– Det er vanskeleg å koma heilt utanom både sitt eige liv og samtida si når ein skriv, men denne gongen er eg førebudd på kritikk for å vera tilbakeskodande og opphengd i fortida. Eg har det nok ikkje i meg å skrive særleg tidsriktig; til dømes er eg glad i tradisjonell nynorsk og dikt på rim.

Hvorfor dikt?

– Fordi dikt, på sitt beste, er språket i si mest gjennomtenkte og foredla form. Fordi ein alltid kan gå rundt og resitere for seg sjølv eit godt dikt skrive av andre, og finne glede i det. Stundom må ein prioritere å gruble vidare på sine eigne forsøk på dikt, og til og med dette filigransarbeidet, denne endelause pirkinga i einskildord, er gjevande.

Hva vil du formidle gjennom diktene dine?

– Det veit eg ærleg talt ikkje, og eg trur det er bra for eit dikt om ein ikkje veit dette når ein skriv det. Eller jo, eg vil sjølvsagt formidle at Olav Nygard er ein fantastisk lyrikar. Men det kunne eg vel ha sagt gjennom ein kronikk òg, så vi får vone at eg har greidd å formidle noko meir enn akkurat den innsikta.

Er det et av diktene dine du vil dele – og hvorfor nettopp dette diktet?

– Vi kan ta eit lite eit som står under overskrifta «(I eit usortert album)». Det handlar om eit eller anna slags samband med fortida som kanskje er viktig i den nye boka mi.

Om eit bilete talar ein i presens.
Han lener seg mot veggen,
enno er ikkje huset ferdig.

Ein dag vil det finnast fotografi
som er tusenvis av år gamle,
og framleis vil dei seia verba fortruleg –

Vesten er knept, sola skin på fjeset,
tømmeret gløder sjølv i svartkvitt,
og enno er ikkje huset ferdig.

Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din?

– Det må vel helst vera nokon som ikkje liker dikt. Dei som allereie har ei interesse for lyrikk, kan eg neppe imponere, men draumen min er å omvende ein diktskeptikar til å bli ein diktentusiast.

Hvem eller hva har inspirert deg til å skrive dikt?

– Ettersom eg no har nemnd Olav Nygard rundt sytten gonger, bør eg kanskje svara noko anna. Eg blir inspirert av for lengst avlidne menneske på gamle bilete, og av jenter eg gjekk i klasse med på skulen, som eg ikkje har møtt på tjue år. Eg blir inspirert av ein gyllen haustdag i skogen, fuglesong, fjerne stjerner og planetar, slike ting.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Det har eg ikkje mykje tru på. God kunst er vel helst det motsette av det kunstige, og har heller ikkje så mykje å gjera med intelligens, iallfall ikkje slik vi vanlegvis bruker det ordet. Eg tviler på at kunstig intelligens kunne ha skrive dikt som som Olav Nygard sine. Men for oss andre kan jo dei mange talenta til kunstig intelligens kanskje inspirere til å skrive betre og meir kreativt, altså skapa noko som kunstig intelligens ikkje evnar å skapa.

Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?

– Eg har figurert i denne spalta ein gong tidlegare, og på akkurat dette spørsmålet svara eg Ved vebande av Olav Nygard, enno uvitande om kva den neste boka mi kom til å dreie seg om. Så no bør eg velja noko heilt anna. Diktsamlinga La av Geir Halnes, som kom i 2022, hadde eg veldig sansen for. Ei på same tid svært ambisiøs, audmjuk og lågmælt bok om mennesket på jorda og jorda i universet.

Hva er det aller beste du har lest, sett eller hørt i det siste?

– Eg las Søndager i august av Patrick Modiano for ei tid sidan. Det var ei forunderleg lita bok, eit mysterium der ein knapt forstår kva mysteriet er, og aldri får løysinga sleppt ned i fanget. Så sit ein der, då, og undrar seg og nyt den særeigne, dunkle stemninga, utan å skjøna nesten noko som helst.

Hvis du måtte velge?

Jon Fosse – Dag Solstad

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Sykkel – Sparkesykkel

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Taylor Swift– Lady Gaga

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS