DERFOR DIKT
– Det er ei underleg tid å debutere som skjønlitterær forfattar
Knut Ivar Bjørlykhaugs debut er en god miks av virkeligheten og fantasien, stort sett med rot i samtiden, forteller han. Selv håper han Sophie Elise og den lille gutten han selv var leser diktene.
Hva skriver du dikt om?
– Det eg «trur» at eg ser og føler og høyrer og fantaserer om, kanskje. Om magiske ting og triste ting, som finst i kvardagen og i alt vi ikkje ser. Om å få hjelp til å leve og skape nytt liv.
Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?
– Ja, i denne diktsamlinga er det ein god miks av verkelegheita og fantasien, som er del av det same, trur eg. Stort sett med rot i samtida, naturtilstanden og tvilen i eige liv.
– «Tankane har vel dei same vokstervilkåra som liljene på marka», sa Aslaug Vaa ein gong. Dårlege vokstervilkår for tida, som vi veit. Mykje inspirasjon er òg henta mellom generasjonane og slektstrengen, inspirert av forsøksvis forsoning og tilgjeving mellom ein far og ein son, animismen frå ein oldefar, og dei små marginane mellom liv og død.
Hvorfor dikt?
– Fordi det kan vere gøy å prøve å skrive dikt, og eg øver på å gi meir rom til poesien i praksis. For å skrive dikt må ein helst stoppe oftare opp, fjerne meir av støyen. Berre vere til, observere, kvile litt i uroa, det usikre. Sniffe, sjå, lytte, gråte. Og så har det blitt ein naturleg måte for meg å la sjela få litt meir pusterom, både å lese andre poetar og skrive sjølv.
Hva vil du formidle gjennom diktene dine?
– Eg trur dikta i boka formidlar ulike ting. Men kanskje ei kjerne: at livet er verdt å leve og tru på så lenge ein har det, sjølv om det er aldri så vanskeleg og fylt av smerte. Og, ikkje særleg originalt, at fuglane er magiske vesen og ofte rettleiarar. At vi lev med skapningar som flyg kvar dag vi er her, berre det i seg sjølv gjer det kanskje verdt å sette barn til verda, om ein er så heldig og får det til.
For å skrive dikt må ein helst stoppe oftare opp, fjerne meir av støyen.
Er det et av diktene dine du vil dele?
– Eg kan dele eit av kortdikta, som har tittelen Marginal salme, fordi det er kort:
Gud har aldri vore aleinemor.
dette veit eg ingenting om.
kanskje det er akkurat det
Gud er.
Aleine. Mor.
Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din?
– Haha, å, tøff nøtt. Meg sjølv som liten gut. Og Sophie Elise, sjølvsagt, fordi eg trur på ho når ho seier at ho likar nynorsk og at det kan vere ei slags trøst i nynorskens magi. HJELP MEG Å NÅ UT TIL UNGDOMEN; VER SÅ SNILL, dessutan treng eg ei gulløks som eg ikkje finn (ifølgje ein kritikar)!
Hvem eller hva har inspirert deg til å skrive dikt?
– Det er så mange og så mykje, alt eg les er stort sett inspirerande inn mot eiga skriving, sikkert ubevisst og bevisst. Og så innser eg jo at det å lære seg å lese naturen betre kanskje er den viktigaste leseevna. Eg byttar oftare ut smarttelefonen med kikkerten og prøvar å bli ein annleis kikkar, men veit ikkje om eg får det til.
Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?
– Eg tenkjer som mange at det er deprimerande og øydeleggjande, og at det er ei underleg tid å debutere som skjønlitterær forfattar. Kor mange skogar har ikkje allereie gått tapt til datasenter på rekordtid, kor truga er ikkje tenkjeevna vår frå før, kan ikkje vi stole på noko lenger, og så vidare.
– Men eg trur at dei aller, aller fleste ønskjer å skape ting utan å involvere maskinene og tech bros meir enn vi allereie gjer på anna vis. Det har, og eg trur også det på lang sikt, ein stor verdi å forsøkje å stå imot og heller omfamna andre teknologiar.
At vi lev med skapningar som flyg kvar dag vi er her, berre det i seg sjølv gjer det kanskje verdt å sette barn til verda, om ein er så heldig og får det til.
Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?
– Samlinga Forest of Noise av Mosab Abu Toha, og Wera Sæthers: Jeg angrer ikke raseriet. Det er diktsamlingar som kan bli med deg lenge, trur eg.
Hva er det aller beste du har lest, sett eller hørt i det siste?
– Noko av det beste eg har lest heilt nyleg er dette, av Alain Bosquet, frå Duggvokteren, gjendikta av Charlotte Vailot Knudsen: Alt ved diktning er fortvilet: diktet er ennå ikke funnet; fullkommenhet er ikke dikt lenger.
– Det er kanskje mest som ei trøst til meg sjølv, så eg må anbefale noko meir. Ja, dette sitatet frå dotter mi: «biggi boggi baaa, hahahaha!»