TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL

 







E-post til Samtiden

Innhold 4 2004

 

Ottar Grepstad

Historien om Norge: den andre historia

 

 

Der kjem dei. Ein liten flokk av historikarar. Dei bøyer hovuda mot alle sitata som strøymer ut frå kjeldene. Dei er nesten ikkje til å få auga på i dei lange forteljingane.

Det blir sak av slikt.

Alnæs-saka har minst fire sider. Til no har berre tre av dei vore diskuterte. Morgenbladet har teke for seg forfattarens arbeidsformer og skrivemåtar. Gyldendal har retta merksemda mot journalistens arbeidsformer og skrivemåtar. Begge partane, for ikkje å seie alle, har teke opp dei juridiske spørsmåla kring opphavsrett. Den fjerde sida har til no vore mest synleg i innskotne bisetningar: Medan forlaget og forfattaren reviderer det som alt er skrive, er det på merkeleg vis blitt nødvendig å leggje fram ei subjektiv revisjonsberetning om forlagets arbeidsformer og skrivemåtar.

Merkeleg av di det var blitt stille i bokheimen om Alnæs-saka, og eg tenkte at no hadde mange gått i tenkjeboksane sine for å dra lærdommar for ettertida. Så braut einkvan togna. Forleggjaren slo tilbake med ein artikkel i Samtiden, utgitt 4. november 2004.1 Det var 13 år sidan sist Geir Mork hadde publisert ein tidsskriftartikkel, og det var den første større tidsskriftartikkelen han hadde publisert som konsernsjef i Gyldendal.2 Noko stod openbert på spel. Det Mork skreiv, gjorde det umogleg å teie for den som set boka høgt.3

Eg bryt togna med megen ulyst, for eg held Geir Mork for å vere ein klok kar og ein dyktig forleggjar, og ser på Karsten Alnæs som ein god lesar og ein kløktig forfattar. Men kvifor no? tenkte eg. Og kvifor dette?

Svaret på det første spørsmålet kan vere så enkelt som at nokon har kjent eit behov for at iallfall børa av dei tyngste skuldingane skulle bli teken frå forfattaren. Det andre spørsmålet dreg i retning av ønsket frå Gyldendal om ein meir prinsipiell debatt.4 Likevel kan det bli vanskeleg å unngå at tankane går til den legendariske forleggjaren Stanley Unwin: ”Det er tvilsomt, om noen annen samfunnsklasse i forhold til sitt medlemstall er utsatt for så megen kritikk eller får sine minste feilgrep i den grad offentlig utbasunert som forleggerne.”5


Eit forlag importerer ein idé frå Sverige og finn ein forfattar
Det var tydeleg viktig for Geir Mork å skrive artikkelen i Samtiden. Så mykje hadde det å seie at han etterpå sa i eit avisintervju: ”Jeg er godt fornøyd med å ha blitt publisert i Samtiden.”6 Denne eg-forma er interessant. I intervjuet talar han mest i vi-form, men her er det hans ego som kjem til orde. Det må vere ein grunn til at ein forleggjar set så mykje inn på å bli forlagt. Så la oss ta til der: i det individuelle. Det er der historia om dette bokverket tek til, skal vi tru aktørane. I etterordet til band I skriv iallfall Karsten Alnæs at ”direktør Geir Mork er den som fikk ideen til verket”. Då det bandet var lansert, sa forleggjaren at ”idéen til ’Historien om Norge’ kom fra mitt hode”.7

Så enkelt? Nå ja. Historien om Norge er ingen original norsk bokidé. Ideen om å skrive ei ny noregshistorie importerte forlaget frå Sverige.

Der hadde Norstedts Förlag i 1992 gitt ut første bandet av Historien om Sverige. Siste bandet låg føre i 2000, og så kom eit samleband om 14 000 år svensk historie i 2002.8 Grunnideen var like enkel som den var krevjande: éi historie, éin forfattar, éi bok i året. Og kvart år kom dei, regelmessig som årstidene kom dei i ni år og blei eit einmannsverk på 5117 sider.

Forfattaren heiter Herman Lindqvist.9 Han er fødd i 1943, tok til som journalist i 1965, blei etter kvart utanrikskorrespondent, var utsend medarbeidar til meir enn hundre land og hadde rapportert frå eit tjuetals krigar og større konfliktar då han i 1990 blei forfattar på heiltid og no bur i Paris. Etter kvart er det blitt bort imot 30 bøker. Den første kom i alt i 1969 og var ei reportasjebok frå invasjonen i Tsjekkoslovakia året før. Den nyaste kom i september 2004: Napoleon. Det er ein tittel det høver godt å nemne i denne saka. Bøkene av Lindqvist er til no selde i om lag tre millionar eksemplar.

Her var det tale om eit bokprosjekt som var blitt ein medie- og salssuksess frå første stund, men med blanda kritikkar. Som forlagsredaktør Lars Erik Sundberg i Norstedts sa då salet av Lindqvist-verket etter fire år nærma seg ein million eksemplar: ” Ikke rart at et forlag i nabolandet hopper på idéen. Aschehoug var lei for at de ikke gjorde det. Det hadde jeg også vært hvis jeg var dem”.10 Dette har bokbransjen gjort så mang ein gong: kopiere ein bokidé og finne ein tilsvarande forfattar på heimemarknaden. I det ligg ingen dramatikk eller noko kritikkverdig, berre rom for godt skjønn.11

Gyldendal brukte dei same grunngrepa for prosjektet og fann ein tilsvarande norsk forfattar. Iallfall nesten. Dei fann ein journalist, ein prisheidra romanforfattar med universitetsutdanning i historie som hadde lang fartstid som kritikar, som hadde vore kulturredaktør i Dagbladet og formann i Den norske Forfatterforening. I 1992 blei Brageprisen delt ut for første gong, og Karsten Alnæs fekk prisen for den beste romanen, Trollbyen. Same året trekte han det lengste strået i forlaga sine sjarmoffensivar då dei bokhandeltilsette skulle kåre vinnaren av Bokhandelprisen 1992. To år etterpå kom han med ny suksess: Sabina.

Journalistikken er felles for Alnæs og Lindqvist, men ikkje så mykje meir. Alnæs hadde først og fremst etablert seg som skjønnlitterær forfattar med stor evne til å skape gode historier og forteljingar. Lindqvist hadde i alle år arbeidd med forteljande former innanfor sakprosaen. Før han gjekk laus på Historien om Sverige hadde han skrive om mellom anna Kina, Spania, Europa. I alle år hadde han i kraft av si sakprosaskriving arbeidd med kjelder – og fått kritikk for måten han brukte kjelder på.

Også Alnæs var kjend med kjeldebruk, men mest som skjønnlitterær forfattar. Den første boka hans var rett nok Språk og massemedier frå 1973, men etter at han hadde debutert skjønnlitterært med ei novellesamling i 1975, blei det mange historiske romanar. I 1984 hadde han skrive ei lærebok i noregs- og verdshistorie.12 Difor skulle han vere godt kjend med mange former for historiske kjelder då han tok til på Historien om Norge. No skulle han for første gong i eit stort format etablere ei historisk framstilling i eit nøye og ryddig samspel med store kjeldemengder.

Karsten Alnæs skulle debutere som populærvitskapleg allmennhistorikar ved å skrive heile noregshistoria åleine.

Eit forlag haipar eit verk og får femårsabonnement i ein bokklubb
Det var altså ein både røynd og urøynd forfattar Gyldendal hadde sikra seg til det store prosjektet. Forlaget må likevel ha tenkt at dette var eit godt val. Både pengar og prestisje stod på spel. I ein slik situasjon ville eit forlag til vanleg heilgardere seg. Éin vanleg framgangsmåte ville vere å teie til ein visste at ein fekk det til. Det var av dei tinga eg lærte av legendariske Olav Hr. Rue i Det Norske Samlaget. Dit kom han i 1964, og der døydde han over sine manuskript i 1999. Eg held han for å vere ein av dei aller fremste språkrettarane i dette landet på 1900-talet. Som strateg var han nok av gamleskulen, men eg trur som han sa: Ikkje snakk for mykje offentleg om ei bok før manuskriptet er der. På den måten har ikkje forlaget bunde seg opp og heller ikkje stilt forfattaren i noko uheldig lys viss noko skjer seg. For mange år sidan fekk Erling Bø meir enn eitt stort avisoppslag då han skulle skrive biografi om Haakon Lie. Boka er aldri blitt utgitt. Det er heller ikkje boka Carl I. Hagen og Fremskrittspartiet av Ingolf Håkon Teigene.13

Det skjer jamt oftare at forlag haipar idear og planar i staden for ferdige bøker. Difor veit eg ikkje om det er rett å skrive at med eit prosjekt som Historien om Norge ville det vanlege vere at forlaget no arbeidde i det stille med verket til verket og første bandet skulle lanserast. Gyldendal valde iallfall ein annan strategi. Dei starta den lange lanseringskampanjen.

I dei bøkene ein ser etter i når ein skal kontrollere om dei biografiske opplysningane er rette, står det å lese at Geir Mork (fødd 1955) med doktorgrad i litteratur hadde brote av ein lysande universitetskarriere då han satsa på forlagsindustrien og sette i gang arbeidet med Historien om Norge. Han var blitt henta til Gyldendal som kronprins i 1991 og blei konsernsjef i 1995.

Eitt av dei første bokprosjekta han fronta offentleg og la all sin faglege og formelle prestisje i, var nettopp Historien om Norge, der første bandet kom hausten 1996. Få gonger i norsk forlagshistorie, trur eg, er eit einmannsprosjekt blitt så kraftig haipa før éi manuslinje var skriven. Forlaget viste musklar; det var tydeleg at Gyldendal skulle sikre (eller vinne tilbake) eit forlagshegemoni. For forlaget hadde dette den gunstige tilleggsverknaden at konkurrentane fekk ei klar melding om at dette er det Gyldendal som gjer.14 Difor kunne det ha noko for seg å lansere Karsten Alnæs som suksessforfattar alt før verket var blitt ein suksess.

Både Norstedts og Gyldendal spelte openlyst på assosiasjonen til Grimberg; Norstedts var jamvel Grimbergs gamle forlag. Det er skummelt med slike namn som Grimberg. Dei har alltid vore der og ein trur ein veit så mykje om dei, og så er det berre utvendigheiter som har festna seg. Difor såg eg på ny etter i dei bøkene ein ser etter i når ein skal finne ut slikt. Der stod å lese at Carl Otto Grimberg (1875–1941) med doktorgrad i historie hadde brote av ein lysande universitetskarriere då han satsa på forleggeri og folkeopplysning, og skreiv både ei Sverige-historie og ei verdshistorie.

Mellom 1908 og 1918 var han sjef i Norstedts. På elleve år mellom 1913 og 1924 skreiv han dei ni første banda i verket med den fenomenale tittelen Svenska folkets underbara öden, og to tilleggsband i 1932 og 1938. I 1926 kom første bandet av Världshistoria. Då han i 1935 hadde kome til hundreårskrigane mellom England og Frankrike på 1300-talet og halvvegs i verket, tok han Ragnar Svanström inn som medforfattar. Langt frå heile det verket som vi her til lands berre kallar Grimberg, er altså skrive av Grimberg. Med ein av dei største og mest profesjonelle lanseringskampanjane for eit bokverk til då gav Cappelen ut første bandet i den norske utgåva 15. september 1955. Etter berre to veker kom ein ubeden gjest og øydela festen. Jens Bjørneboe hadde oppdaga at det norske forlaget hadde endra det Carl Grimberg hadde skrive om utviklingslæra fleire tiår tidlegare.15 Cappelen har forfalska Grimberg! ropte han. Det blir sak av slikt. Debatten blei innfløkt, men saka var enkel. Cappelen hadde gjort klare avtalar med enkja Eva Grimberg, Ragnar Svanström og Norstedts om fagleg nødvendige oppdateringar av eit verk frå ein forfattar som sjølv jamleg reviderte skriftene sine. Hausten 1955 hadde Svanström sjølv to band att å skrive i det som skulle bli ei revidert svensk utgåve på 13 band, og som den norske utgåva bygde på.16

Grimberg var ikkje journalisten eller romanforfattaren som ville skrive historie. Han var historikaren som ville skrive som journalist og forfattar. Den dag i dag har fagmiljøa respekt for han. Historikaren og journalisten Anders Björnsson seier det slik: ”Grimberg skilde samvetsgrant på dikt og verklighet; han införde fylliga och uppdaterade litteraturförteckningar och forskningsöversikter i sin framställning.”17 Vurderingane frå fagmiljøet i samtida gjekk i same lei: ”Förträffligt har författaren lyckats sammanfatta tidens historiska vetande och bjuder blott vad vetenskapen anser visst eller åtminstone antagligt.”18 Der var også dei som sette Svanström høgare enn Grimberg.19

I Sverige gjorde forlaget Lindqvist til ”vår tids Grimberg”. I Noreg lanserte Gyldendal band I med slagordet ”vår tids Grimberg”.20 Sitata ovanfor fortel meg at historia om Grimbergs eineståande forfattarsuksess har forenkla det han gjorde. La gå at kjeldekritikken kanskje var mindre avansert for hundre år sidan enn den er no, og at vår tid ikkje har det så enkelt med skiljet mellom røynd og fiksjon som tilfellet var på Grimbergs tid. Men Carl Grimberg hadde ein tydeleg intensjon om å fortelje historie utan å strekkje stoffet. Han sette standarden for nyare historisk skrivekunst i Norden, og Norstedts viste potensialet i konseptet éin forfattar, éitt verk, mange bøker på kort tid.

Gyldendal kunne ikkje bruke fagleg autoritet som argument då dei skulle marknadsføre forfattaren og dermed verket. Derimot kunne dei spele på litterære og personlege eigenskapar. Alnæs var respektert, omtykt, og hadde med Brageprisen og andre prisar etablert seg i det fremste sjiktet av populære skjønnlitterære forfattarar. Dei kunne altså love lesarane velskrivne bøker, og i eit land med ein viss tradisjon for god historieskriving er det eit godt argument. At Alnæs på alle vis er ein vennleg person, ein å vere i lag med, var kanskje eit argument for mindre krinsar, men det er no ein gong slik at det er lettare å selje ein sympatisk person enn ein som er tilbaketrekt og tverr. Jo, Gyldendal hadde nokre gode kort på handa med forfattarvalet sitt.

Poenget var ikkje berre å skrive noregshistoria og at det var éin forfattar som skulle gjere det, men at det skulle gjerast på berre fem år, med éi ny bok i året. Slikt var gode salsargument overfor både bokhandlane og Bokklubben Nye Bøker. Forlaget gjorde eit framifrå arbeid med marknadsføringa av dette historieverket. Det var som det skulle vere at alle fem banda blei hovudbøker i Bokklubben Nye Bøker. Ingen forlag kan tinge eller abonnere på noko slikt, ikkje ein gong dei som eig bokklubben. Men haipinga av verket gjorde sitt til at både bokklubbredaksjonen og bokbransjen elles blei klar over at Gyldendal hadde noko stort og viktig på gang. Om no Bokklubben Nye Bøker ikkje hadde teke dette verket som hovudbøker, ville det ha vore eit alvorleg skot for baugen, for på denne tida var framleis mottoet til bokklubben at dei gav ut dei beste bøkene. Som kjent blei dette seinare endra til ”Bøkene folk snakker om”. Bokklubbredaksjonen må alt i 1996 har drøfta prinsipielt korleis dei skulle handtere dei seinare banda i verket. Tok dei meir enn eitt band som hovudbok, måtte dei helst ta alle.

Dei tok alle. Det forsterka tidsdynamikken. No var det to tunge kommersielle aktørar, forlaget og bokklubben, som hadde sterke økonomiske eigeninteresser i det høge tempoet. Heller ikkje forfattaren kan ha gått fri for den forsterka økonomiske motivasjonen som låg i moglege utsikter til fem hovudbøker. Økonomisk vinst var ei legitim interesse ein vanskeleg kunne sjå bort frå. Faren var samstundes stor for at mangelen på tid også kunne føre til andre manglar. Det som var ein varsla suksess kunne bli ei feilmelding.

No har Gyldendal haipa Historien om Norge i snart ti år. Det må ha passa forlaget godt at forfattaren fekk heidersprisen då Brageprisane 2003 blei delte ut onsdag 10. november 2003. Samstundes er nok det den heidersprisen som dei har kunna bruke minst, for prisen blei delt ut berre fem dagar etter at Morgenbladet hadde lagt om stilen og prenta første artikkelen om Alnæs-saka. Vedtaket om å gi prisen til Alnæs må ha vore gjort mange veker tidlegare. Ikkje veit eg, men det er ikkje innlysande at vedtaket ville ha blitt det same etter Alnæs-saka. Ved dette høvet spela tida på lag med dette prosjektet.



Eit forlag utfordrar kalenderen og gjer fallhøgda høgast råd
Alnæs var galen nok til å seie ja, jubla Mork då forlaget lanserte band I 18.9.1996.21 Det var ei stilig setning, som skapt for å bli sitert, og det blei den, i Aftenposten midtsommars 1997.22 Og slik forleggjaren gjentok seg sjølv hausten 1998: ”Over fem store bind skal historiene om nordmenn skrives. Av én mann. Det er selvsagt galskap.”23 Utsegna blei på ny henta fram att som eit salsargument frå Bokklubben Nye Bøker då band IV låg føre sommaren 1999.24

Galen nok? Det var eit godt val å be Alnæs gjere dette, tenkte eg då eg las og høyrde om saka. Her trongst ein god forteljar med evne til å bruke ei mengd ulike historiske kjelder. Likevel var det sjølvsagt krevjande for éin person å lage éi slik samla framstilling. Galskapen låg ikkje først og fremst i dette skrivegrepet. Galskapen låg i kalenderen.

Det skulle kome éi bok i året. Éin forfattar skulle skrive så fort at det skulle kome ut ei ny bok på 400-500 sider kvart år i fem år. Sjølv har forfattaren sagt at han tok til på arbeidet i 1995, og det inneber vel eit drygt års arbeidstid før første bandet låg føre.

Både Historien om Sverige og Historien om Norge er tufta på kulturindustriens idealkrav til regelmessig produksjon. Den årvisse utgivinga var ein vesentleg del av heile prosjektet. Det kom ei ny bok frå Karsten Alnæs i 1996, 1997, 1998, 1999, 2000. Tempoet var jamvel høgare enn årstala fortel. Mellom dei to første banda var det berre eit halvt år. Band I kom i september 1996, band II alt i mai 1997, band III juni 1998, band IV juni 1999 og band V kom i juni 2000.25 I 2001 kom det også ei samla eittbandsframstilling i dette verket - Historien om Norge i bilder og fortellinger, i norsk og engelsk utgåve. Og i 2003 kom spørjeboka Historien om Norge.26

For bokklubben var utgivingstidspunkta for dei fem hovudbøkene truleg svært viktige. Ved at desse bøkene kom i den stillare forsommartida, tok ikkje Alnæs opp plassen i dei sterke salsmånadene om hausten. Det fekk nok greie seg at første boka var haustbok.

Om bøkene hadde kome innanfor ein tiårsperiode – til dømes i 1996, 1998, 2001, 2004 og 2006, ville også det ha vore ein kraftprestasjon av ein forfattar. Men prosjektet hadde mista mykje av trøkket sitt. Tempoet var ein viktig ingrediens alt då prosjektideen blei haipa. I dette tempoet låg samstundes ein risiko som var vanskeleg å kalkulere. Ville forfattaren greie å skrive så godt som ein ventar at Karsten Alnæs gjer? Ville han få tid til å arbeide seg gjennom alle kjeldene han burde bruke? Ville han greie å ordne det enorme stoffet godt nok på så kort tid? Og ville han greie å bearbeide stoffet nok før han skulle fortelje det vidare, med sine grep?

Når eg no ser etter i kjeldene, viser det seg at det ikkje mangla på åtvaringar. Den svenske historieskrivaren kom med femte bandet få dagar etter at den norske hadde kome med sitt første. Kritikkane av det svenske verket kunne gi vink om kva ein burde vere særleg merksam på. Gyldendal kunne til dømes ha lese Anders Björnssons artikkel ”’Historien om Sverige’ – en kulturskandal!”27 Han fnyser over det Herman Lindqvist, denne ”fullblodsentusiast med ett uppskruvat livs- och arbetstempo”, har fått til: ”Norstedts, Grimbergs gamla förlag, borde ha insett att mannen inte varit uppgiften vuxen.” Då hadde han blant anna nettopp vist at Lindqvist hadde gjort Snorre Sturlason til ein mann frå 900-talet.

Eller Gyldendal kunne ha merka seg det Peter Englund skreiv i omtalen av band III av Historien om Sverige hausten 1994: ”Visa av erfarenheten från de två föregående banden har Norstedts nu folk som sitter och kammar igenom texten och bland annat kontrollerar vart årtal, för, som en person på förlaget har sagt om hans manus, ’inte en siffra är rätt’. De flesta av dessa lätt kontrollerbara uppgifter har därför blivit rätt. (…) Men Norstedts heroiska tvättningsarbete till trots: texten är fullspäckad av sakfel och missförstånd. Vad har hänt? Den bitvis bristande korrekturläsningen och det usla kartmaterialet antyder att det blev bråttom på slutet.”28

Tidsmomentet hefta ved den norske historia gjennom heile tilblivingsfasen. På aftenposten.no finn eg ei bokmelding Terje Stemland skreiv då siste bandet låg føre på forsommaren i 2000. ”Karsten Alnæs’ historieskrivning har foregått i et vanvittig høyt tempo,” konstaterer Stemland.29 ”Denne ilsomme aktivitet har formentlig hatt lite eller ingenting å si for det samlede blikk på historien, hovedgrepene.” Mot den vona ville eg seie at det einaste oppsiktsvekkjande i dette prosjektet ville vere viss eit slikt tempo ikkje fekk følgjer. Ein slik framdriftsplan var ikkje redaksjonelt forsvarleg. Forlaget sette forfattaren i ein krevjande situasjon ut frå det som var kommersielt ønskjeleg. Berre forlag og forfattar veit om forfattaren i denne situasjonen stilte krav som forlaget ikkje såg seg syner med å innfri.

Eit dyrt bokverk blir utstyrt med kjeldelister og ein detaljjeger les dei, nøye
Den ambisiøse forleggjaren varsla ein suksess under tidspress og gjorde fallhøgda maksimal. Rammevilkåra for eit bokprosjekt set sine fingeravtrykk, synlege for dei som veit kva dei skal sjå etter. For bøker med kjeldelister og namneregister er det som oftast veldig enkelt. Dei tekstane er sjeldan betre forlagsarbeid enn resten av boka. Register og kjeldelister kan også vere gode lakmustestar på presisjonsnivået i ei bok. Den som har det travelt med å bli ferdig, røper seg gjerne nettopp der. Etter at eg hadde lese Geir Morks forsvarsskrift, tok eg for meg kjeldelistene i alle fem banda.

Det burde fleire ha gjort.30

Forlag og forfattar snakka tidleg om korleis tilvisingane skulle vere. Dei blei samde om det forlaget kallar ”et system for kildehenvisninger der Alnæs redegjorde for kilder til hvert kapittel under en samlet kildeoversikt bak i boken”.31 Dette kjeldeoversynet er i kvart band forma som ei eg-forteljing der forfattaren losar lesaren gjennom kjeldene han har brukt mykje, litt, mellom anna eller er blitt inspirert av. Slike kjeldelister er ikkje noko særsyn og er ofte ei grei løysing. Men å kalle det som her er gjort for eit system, er å ta sterkt i.

Det er uråd å vite kva slags prinsipp kjeldene er ordna etter under kvart kapittel. Der er ein god del interessant informasjon om forfattarens vurdering av mange kjelder. Formuleringane hans tyder på at vi ikkje får vite om alle kjeldene han har brukt. Referansane kjem ramlande hulter i bulter, stundom som annoterte tilvisingar, andre gonger som nakne innførslar, stort sett med utgivingsår. Ei og same kjelda er oppført på ulike måtar. Etternamn kjem som oftast først, også når dei ut frå tilrådd norsk norm ikkje skal gjere det.32 Dei to advokatane Gyldendal engasjerte i saka, har oppdaga at under kapittelinndelingane i kjeldeoversynet i band IV ”angis kildene i alfabetisk rekkefølge”.33 Slik er det også i band V, men i band I, II og III myldrar kjeldene fritt ikring utan noko alfabetisk tyranni eller annan systemtvang.

Debatten om forfattarens arbeidsform har konsentrert seg om det som ikkje står i desse kjeldelistene. Den som vil drøfte forlagets arbeidsform og det Gyldendal sjølv omtalar som forlagets faglege standard, må sjå etter noko heilt anna. Då er det ikkje så viktig kva som eventuelt ikkje står i kjeldelistene. Problemet er det som faktisk står der.34

Med eit minimum av velvilje forstår eg kven det blir vist til, men gudane og Geir Mork skal vite at det røyner på. Historien om Norge fyller alfabetet med eit persongalleri av dei sjeldne:

Brynjulf Alver blir Brynjulf Alver Alver, Gidske Andersson blir Giske Andersson, Svein Ivar Angell blir Svein Ivar Angel, Brit Berggreen blir Brit Berggreen og Berggren og Bergren, Trond Bergh blir Trond Bergh og Berg, Reidar Bertelsen blir Reidar Bertelsen og Berthelsen, Halvard Bjørkvik blir Halvard og Hallvard Bjørkvik og Hallvard Bjørkum, Colin Campbell blir Colin Campell, Ingulf Diesen blir Ingulf Diesen og Disen, Atle Døssland blir Astle Døssland, Ludvig Daae blir Ludvig Daae og Dae med tre linjers mellomrom, Rolf Fladby blir Rolf Fladby og Fladeby, Jonas Frykman blir Jonas Frykman og Frykmann, Ronald Grambo blir Ronald Grambo og Gambo, Bernt Hagtvet blir Bernt Hagtvedt, Tore Hanisch blir Tore og Tor Hanisch, Knut Helskog blir Knut Helskog og Hellskog, Ørnulf Hodne blir Ørnulf og Ørulf Hodne på to linjer etter kvarandre, Andreas Hompland blir Andreas og Anders Hompland, Christian Høy blir Christian Høy og Høi, Steinar Imsen blir Steinart Imsen, Tor Jonsson blir Tor Jonson, Wilhelm Keilhau blir Wilhelm Keilhaug, Knut Kjeldstadli blir Knut Kjeldstad og Kjelstadli, Halvdan Koht blir Halvdan Koht og Koth, Dag Kullerud blir Dag Kullrud, Bokken Lasson blir Bokken Lasson og Lassen på to linjer etter kvarandre, Haakon Lie blir Haakon og Håkon Lie, Astrid Lorenz blir Astrid Lorens, Mimi Sverdrup Lunden blir Mimi Sverdruo Lunden, Leiv Mjeldheim blir Leif Mjeldheim, Moltke Moe blir Moltke og Molkte Moe, Lise Nordenborg Myhre blir Lisen Nordenborg Myhre, Arnved Nedkvitne blir Arnved og Arnvid Nedkvitne, Britt-Mari Näsström blir Britt Mari Nässström, Liv Jorunn Ramskjær blir Liv Jorunn og Liv Jorun Ramskjær, Carl Schøyen blir Carl Scøyen, Jens Arup Seip blir Jens Aarup Seip (og det blir han seks gonger i band III), Povl Simonsen blir Povl og Poul Simonsen, Stonglandseidet blir Stoglandseidet, Hallvard Tjelmeland blir Halvard Tjelmeland, Stein Tveite blir Stein og Svein Tveite, Jon Tvinnereim blir Jon Tvinnerheim, Vilhelmine Ullmann blir Vihlemine Ullmann, Jorunn Veiteberg blir Jorun Veiteberg, Gunnar Wasberg blir Gunnnar Wasberg, Per M. Aadnanes blir M. Per Aadnanæs, Nils Klevjer Aas blir Nils Klevjer Aass.35 Som om ikkje det var nok, og det er det ikkje, er forfattarane Bugge-Steen, Høigård-Ruge og Reichborn-Kjennerud-Grøn-Kobro komne med. Med på kjøpet får lesarane puslespelet Feiring, Trond-Rovde; Olav-Tøsse; Sigvart (finn tre forfattarar).

I mitt nesten stille sinn ser eg for meg ein arbeidssøkjar som er på stillingsintervju i redaksjonen til Caplex og får det ultimate spørsmålet: Var det du som laga kjeldelistene til Historien om Norge?

Det var til å forstå om det dukka opp nokre feil i eitt band, kanskje særleg i det første, før det omtalte systemet var kome heilt på plass. I så fall ville det bli færre feil for kvart nytt band. Men det blei det ikkje. Kjeldefeila er på demokratisk vis strødde utover heile verket, om enn slik at det er færre i siste bandet enn i dei andre. Forlaga passar gjerne nøye på å avtale i forlagskontrakten om det er forfattaren eller forlaget som skal lage desse listene. I alle tilfelle vil ein forlagsredaksjon kjenne eit særleg ansvar for å sjekke at dei ser bra ut.

Her støyter tidsklemmeteorien min på eit uventa problem.

Etter som verket blei ein stor salssuksess, blei det nødvendig å prente både nye opplag og nye utgåver. Andre utgåva kom i 2002 og tredje i 2003. Nye opplag og nye utgåver gir det høvet som trengst til å rette små og store feil slik at dei ikkje blir ståande for ettertida. Både forfattarar og forleggjarar søkjer alltid mot den best moglege boka og vil gjerne luke ut slike feil. Som regel bed forlaget forfattaren sjå etter feil, og forlaget sjekkar særleg viss ein har mistanke om at noko gjekk vel fort unna då førsteopplaget skulle ut. Einkvan må berre ta seg bryet med å lese nøye gjennom dei tekstelementa der faren for feil er størst, og forlagsfolk veit at bilettekstar, namn og alle former for referansar er skumle saker.

I Gyldendal var det ingen som brydde seg. År etter år trykte dei opp feila i til saman meir enn 300 000 eksemplar.36 Ein kyndig lesar ville neppe ha brukt mindre enn ein time på å rette iallfall dei verste feila i kjeldelista i kvart band, til saman mindre enn éin arbeidsdag for heile verket. I 2003 hadde det gått sju år sidan førsteopplaget av band I. Sju år, men ikkje éin dag å avsjå. Difor er Wilhelm Keilhaug framleis med. Som kjent var Wilhelm Keilhau ein av fire hovudredaktørar for det viktige tibandsverket Det norske folks liv og historie. Ein forlagsredaksjon som arbeider med eit slikt verk som Gyldendal gjorde i 1990-åra, kan ikkje vere uvitande om det storverket som nærmaste naboen og største medeigaren i norsk bokbransje, Aschehoug, hadde gitt ut på fem år mellom 1930 og 1935. Nå ja, nokon kan vere uvitande. Men alle?

I mars 2004 opplyste forlaget at dei no hadde sett i gang ein grundig revisjon av verket. Geir Mork stadfesta dette i forsvarsskriftet sitt. Det er, sa forlaget i mars, ”allerede foretatt en rekke rettelser fra første til tredje utgave”.37 Men ikkje i kjeldelistene.

Forfattaren då? Ja, kva med han? Det er ikkje alle forfattarar som ser slike namnefeil. Dei fleste les dårleg korrektur på det dei sjølve har skrive fordi dei ser det dei trur står der, ikkje det som faktisk står der. Dessutan: Det var alltid ei ny bok som skulle skrivast. Så hadde han tid til slikt? Eller måtte han rette all merksemd mot neste bandet?

Karsten Alnæs burde ha sett det. Gyldendal skulle ha sett det. Men Gyldendal tok seg ikkje tid til å ta det så nøye. Dei hadde årevis å gjere det på, men brukte heller tida si på å forvalte ein varsla suksess. Enno levde denne suksessen sitt skuldlause liv, for i 2000 var det tre år til nokre avisartiklar sette forlagsredaksjonen og konsernsjefen i Gyldendal på den tanken at det kunne vere ein god idé å lese Historien om Norge ein gong til og revidere den såkalla faglege standarden.

Kva var det Mork skreiv i Samtiden? ”La oss likevel se stort på slurvet.” Den oppmodinga går særleg til Kumle, Sterin, der han står i all si namneprakt som medforfattar av boka Den norske velferdsstaten på s. 568 i band V. Kumle, Sterin? Sterin Kumle? Eg grunda litt, eg også, til eg hugsa aforismen til den sveitsiske forleggjaren Peter Schifferli: ”Det største litterære verket er i røynda ikkje anna enn eit alfabet i uorden.”38 Bokstavane fekk orden på seg og Kumle, Sterin blei til Stein Kuhnle. 39

Det er no eg trur eg forstår, rett nok ironisk, kvifor Mork, rett nok ironisk, vil vi skal sjå stort på slurvet. Kor stort må vi sjå? Iallfall så stort at vi skimtar toppen av isfjellet.

I forsvarsskriftet sitt nemner ikkje Geir Mork denne kritikkverdige sida av verket. Det finst fire moglege forklaringar på det.40 Den første forklaringa er at han ser på slikt som uviktig; då blir det uklart kva han meiner med fagleg standard. Den andre er at han ikkje har visst om desse feila fordi ingen i forlaget har sett dei; då har forlaget dårlege rutinar for klargjering av manus og lesing av korrektur. Den tredje er at desse rutinane har svikta og han ikkje har visst om feila fordi andre i forlaget ikkje har informert han; då er det nokon som ikkje har snakka nok saman. Den fjerde forklaringa er at Geir Mork og andre i forlaget har oppdaga feila, men med vilje ikkje har sagt noko om dei; då treng eg ikkje seie meir om dette.

Hadde berre ikkje forlaget sagt i mars at ”en del av revideringsarbeidet vil være å gjennomgå kildelister på nytt”.41 På nytt, sa dei, det står på nytt. Forlaget har altså gått gjennom desse listene før.

Ein tilfeldig boklesar tel titlar og lurer på om reknearket lurer han
I debatten har Gyldendal brukt to store tal som autoritetsargument. Det eine argumentet har vore 1200, det andre 1300.

Då skuldingane kom om altfor kort litterær avstand mellom den nye framstillinga og det som stod i kjeldene, tok Den norske historiske foreining (HIFO) affære. Foreininga sende brev til dei 1200 medlemmene sine og bad dei melde frå om eventuell kopiering av deira tekstar i Alnæs-verket.

Berre sju svara. ”Overraskande lite,” konkluderer Mork i Samtiden. Er det?

Kor mange av medlemmene som har svara, blir først relevant når vi veit kor mange av dei som er forfattarar av kjelder Alnæs har brukt. Den som skal skrive historie, bruker fleire kjelder enn dei som er skrivne av historikarar. Nokre av dei som har sagt seg misnøgde med kjeldebruken til Alnæs, har tydeleg andre fagprofesjonar enn historikar og er ikkje HIFO-medlemmer. Mork bruker altså ikkje kongruente storleikar når han skal prøve å få rett.42

Gong på gong har Gyldendal vist til at Alnæs har med om lag 1300 kjelder i listene sine. Berre i Samtiden bruker Mork dette talet seks gonger. I eit seinare avisinnlegg heiter det at dei fem banda ”inneholder hele 100 sider henvisninger til ca. 1300 kilder, noe som er en betydelig høyere standard enn hva som har vært vanlig for lignende verk.”43 Gyldendal var sikker på talet og talet var viktig for Gyldendal. Når ein forfattar har brukt så mykje som 1300 kjelder, er det forståeleg at nokre få ikkje kjem med, var meldinga frå konsernsjefen.

Ein novemberkveld gjekk snøen til uventa åtak på landet, og eg blei sitjande landtroll på ein flyplass aust i lendet. Då alle avisene var lesne ein gong til, stakk eg innom bokhandelen. Eg hadde ikkje anna å gjere og kunne jo for moro skuld telje kjelder i Historien om Norge. Bokhandelen hadde berre band III og IV, i tredje utgåva. På summarisk vis kom eg fram til om lag 300 kjelder i band III og om lag 200 i band IV. Då høyrdest det rimeleg ut at det er om lag 1300 kjelder i heile verket.

Der var berre eitt men.

Kjeldelistene hadde eg vore gjennom før. Då hadde det slått meg at mange kjelder som rimeleg er går att frå band til band, jamvel i same bandet. Det hadde vel forlaget teke omsyn til, tenkte eg. Dei hadde vel ikkje rekna same kjeldene fleire gonger? Den kvelden blei det med det ubehagelege spørsmålet.

Dagen etter tok eg til å lage eit enkelt kjelderegister. I eit rekneark skreiv eg inn etternamn og utgivingsår, sorterte og strauk innførslar som alt var komne med frå eit tidlegare band.44 Det høyrest ut til å vere eit forferdeleg arbeid, men det går ganske greitt å skrive forkorta kjeldereferansar. Det talet som no stod på skjermen, var ikkje slik det skulle vere.

I Historien om Norge er det vist til vel 930 kjelder. Tek vi så med alle banda i om lag 40 fleirbandsverk, aukar kjeldetalet til nær 1050. Meir nøyaktig orkar eg ikkje vere. Innførslane er så ulike og årstala så skiftande at det nokre stader knapt er mogleg å vite om same kjelda står andre stader. Summa summarum: Der er noko over 1000 kjelder i form av enkeltband eller enkeltutgåver av aviser, men same korleis eg reknar, kjem eg aldri i nærleiken av storleiken på det autoritetsargumentet Gyldendal seier dei har rekna seg fram til.

1000 eller 1300, ja vel, 30 % avvik, men er det så nøye? Begge delar er formidable kjeldemengder å halde orden på.45 Der er berre ei lita hake: Forlaget har ikkje halde orden på verken kjelder eller kjeldemengd, men har med stor konsekvens skapt inntrykk av at kjeldemengda er mykje større enn den faktisk er. Denne informasjonen, som no viser seg å vere misvisande, har tent til å skape tillit til verket – elles hadde det ikkje vore så viktig å bruke talet 1300 så ofte.

Om dette kan kvar og ein tenkje sitt. For min del stoppar eg før ein jurist kjem og tek meg.

To juristar les på bestilling og lagar utilsikta vanskar for oppdragsgivaren
I Alnæs-saka har Gyldendal brukt to juridiske konsulentar frå firmaet Bull & Co. Advokatane Kristine M. Madsen og Irina Eidsvold Tøien har skrive eit notat til Gyldendal 2. november og ein kronikk i Dagbladet 9. november 2004. 46 Dei juridiske vurderingane let eg liggje. Men juristane er ikkje juristar heile tida. Dei tek steget ut av jussen og inn i litteraturvitskapen når dei skriv at ”det er ikke grunnlag for et generelt krav til gjengivelse av kilder i løpende tekst i populærvitenskapelige verk, da dette ikke anses som ’god skikk’. En løpende henvisning til kilder i en fremstilling som Alnæs’ ville forstyrre leserens nærvær til teksten.”47 Dette er inga kvalifisert juridisk vurdering, berre ei ikkje-fagleg synsing om litterære sjangerkrav. Det har etter kvart gått opp for oss at Gyldendal vurderte dette som god skikk då dei arbeidde med manuskripta til Alnæs. Etter kvart har det altså gått opp for Gyldendal at dei treng ein ny fagleg standard. Det er likevel ikkje sikkert at synspunktet er sætande sjølv om to juristar skriv noko liknande mange år etterpå. Kva som uroar lesaren i lesinga, veit vi faktisk lite om. Synspunktet til juristane har lenge vore gjengs i mange norske forlag, men vi treng ikkje kave med det spørsmålet i denne saka. Det finst enkle redaksjonelle grep som gjer det mogleg å ha med nøyaktige kjeldetilvisingar i teksten utan at lesaren blir uroa av verken parentesar eller notetal.48

Dei litterære juristane slår seg laus ein gong til i den same artikkelen. ”Når det gjelder faglitteratur,” skriv dei, ”er det god skikk å gjengi faktum på en tilnærmet objektiv og beskrivende måte. Dette innebærer at fremstillingen ofte får mindre preg av forfatterens kunstneriske stemme enn hva tilfellet er for skjønnlitterære verk.”49

Dette standpunktet byd på minst to vanskar. Den eine vansken er at juristane ikkje gjer greie for kva for nokre litteraturfagleg oppdaterte framstillingar av sakprosaens retorikk dei tuftar standpunktet på. Kjeldeproblemet melder seg på ny når Gyldendals juristar set fram kontroversielle synspunkt på sakprosaens retorikk utan å forankre synspunkta i ei einaste kjelde og samstundes gjer krav på at det dei meiner, er ei allmenn oppfatning.50 Like sidan 1970-åra har det kome mange resonnerande skrifter om desse emna, og er det nokon forleggjar i dag som er lommekjend i desse skriftene, er det konsernsjefen i Gyldendal.

Desse diskusjonane om sakprosa har flytta mange posisjonar. Ein av fleire raude trådar har vore nettopp populærvitskapen. Grunnen er opplagd: Vitskapen er blitt så institusjonalisert og så omfattande at det å skrive populærvitskapleg har endra seg radikalt. I dag vil fleire enn eg med gode grunnar hevde at den som skriv populærvitskapleg, har like mange litterære utvegar som forfattarar av visse andre former for sakprosa og skjønnlitterær prosa generelt. I dag er det nok heller ikkje lenger gangbar mynt å sjå bort frå at sakprosa rommar mange sjangrar, at det finst ulike konvensjonar for ulike sjangrar og at desse sjangergrensene jamt blir utfordra. Sakprosaskrifter kan plasserast ein stad på aksen mellom kunstprosa (type essay eller historisk framstilling) og bruksprosa (type handbok eller juridisk kommentarlitteratur). Det Gyldendal-advokatane kallar den kunstnarlege røysta, vil altså vere eit skjemmande framandelement berre i nokre sakprosasjangrar.51

Forlaget har hevda at dei følgde den tids skikk og bruk for tilvisingar i teksten då dei planla dette verket i 1995: ”Her forholdt vi oss til de retningslinjer som var rådende innenfor en norsk populærvitenskapelig formidlingstradisjon midt på 90-tallet. Siden den gang har vi alle sett en skjerping av kjelde- og referansekravene til generelle sakprosagenrer som historie og biografi.”52

Så det var då vi såg det?

Eg såg etter i bokhyllene mine. Aschehoug gav ut Menneskenes hjerter. Sigrid Undset – en livshistorie av Tordis Ørjasæter i 1993. Ho brukte det tilvisingssystemet som er omtalt i fotnote 48. Det same gjorde Rolf Brandrud i Drømmejegeren. En biografi om Mikkjel Fønhus (Aschehoug 1993), Birgit Gjernes i Marie Hamsun. Et livsbilde (Aschehoug 1994) og Janneken Øverland i Cora Sandel. En biografi (Gyldendal 1995). Derimot har Ove Røsbak berre med ei svært enkel kjeldeliste i Alf Prøysen. Præstvægen og Sjustjerna (Gyldendal 1992). Slik er det også i Den unge Amalie Skram. Et portrett fra det nittende århundre av Liv Køltzow (Gyldendal 1992). Men i Arne Garborg. Ein biografi av Tor Obrestad (Gyldendal 1991) finst det ingenting.

Eg er nok ikkje så sikker som Gyldendal er på kva retningslinjer som rådde tidleg i 1990-åra. I beste fall var det ulike tradisjonar forlaga imellom, og eventuelle allmenne endringar var på veg inn lenge før Historien om Norge tok til. Den dag i dag finst slike variasjonar, men Alnæs-saka har vore ein vekkjar for mange, forfattarar så vel som forlag og kritikarar. At Gyldendal hamna i søkjelyset, hadde likevel ein grunn. Ved inngangen til 1990-åra var Gyldendal blitt eit forlag som tok lettare på all denne akribien enn somme andre forlag. Dette må du gjere noko med, sa eg til litteraturvitaren Geir Mork då han drog til Gyldendal i 1991. Ja, sa han.

Den som skriv ei historisk forteljing, gjer mykje meir enn å referere såkalla fakta. Å ”beskrive” eit emne er alt anna enn å skrive ”tilnærmet objektivt”. Kritikken mot Alnæs er berre delvis tufta på at han refererer fakta feil.53 Rett nok hadde kritikarane somt å melde. I omtalen av siste bandet skreiv såleis Terje Stemland: ”Det skal ikke dølges at man i bind etter bind, med varierende frekvens, har ergret seg over trykkfeil, språklige inkonsekvenser, sprikende tallinformasjon fra brød- til billedtekst og gjentagelser på gjentagelser.” Også dette fortel at det er noko med dette prosjektet som ikkje har klaffa. Gyldendal har heilt rett i at eit forlag må stole på at forfattaren held orden på kjeldebruken sin. Men alt stoffet rundt hovudteksten kan og skal ein forlagsredaksjon arbeide grundig med og dermed hindre at unødvendige feil oppstår. Denne typen feil oppstår lettast når tida er som knappast. Då rekk ikkje forfattaren å disponere stoffet så stramt at han kan skrive vekk unødvendige gjentakingar, og forlaget må ta nokre spanske når til dømes bilettekstar og kjeldelister skal skrivast; det er sjeldan at nokon har god tid når bilettekstar skal skrivast.

I prosjektet Historien om Norge hadde ikkje forlaget sett av nok tid til å ta seg av vanlege forlagsfunksjonar. Når det skjer, går det mest ut over forfattaren, som då både må svare for det som er hans bord og det bordet som ingen enno har rydda.

Ein forfattar endrar litterær strategi, men forlaget endrar ikkje tidsplanen
Den andre vansken som resonnementa til Gyldendal-juristane fører til, er at det er noko som ikkje lenger stemmer. Vi har forfattarens ord for kva Gyldendal-sjefen ønskte med dette verket. I eit intervju med medlemsbladet til Bokklubben Nye Bøker fortalde Alnæs at Geir Mork ”ønsket at norgeshistorien skulle bli fortalt av en nær og tydelig fortellerstemme og at alt skulle siles gjennom et temperament.”54 Forleggjarens intensjon er aldri utan vidare identisk med det forfattaren til slutt skriv, men her står vi overfor den situasjonen at anten har forfattaren gjort som forlaget vona, eller så har han ikkje greidd å oppfylle det litterære målet forlaget hadde. Alnæs har ein utsøkt sans for dei gode forteljingane i det kjeldematerialet han har arbeidd med. Mitt inntrykk er at forteljarstemma til Alnæs er både nær og tydeleg, og at hans faglege og litterære temperament i høgste grad pregar verket. Viss dette er ei nokolunde allmenn oppfatning, er grunnlaget for advokatpoenget om fråvær av forfattarstemme borte vekk.

Frå debatten veit vi at forfattaren blant anna hadde sett ein del sitat og utdrag i hermeteikn. Vi veit også at Gyldendal strauk nokre eller mange av desse hermeteikna. Så langt er alt greitt. Problemet er at dei som strauk, levde i den trua at dei kunne gjere det utan at dei då måtte endre teksten. Kvar einaste forlagsredaktør som arbeider med sakprosa kjem opp i situasjonar der det må vurderast om det som skrive står, skal stå som sitat eller om det bør skrivast om til forfattarens eiga stemme. Ofte er det slik at forfattaren kan skrive det same like bra sjølv. Eg tvilar ikkje på at Alnæs er ein slik forfattar.55

For å få eit litteraturfagleg grep om dette kjem ein langt ved å sjå etter innhaldsorda, nøkkelorda, dei mest meiningsberande setningsledda. Ein kjem lenger på den måten enn å sjå om heile setningar er identiske. I forsvarsskriftet sitt gjer Geir Mork eit avsporande stort nummer av at ein journalist, Jon Hustad, har sitert feil. For oss andre blir sitatrekneskapen frå konsernsjefen og på nettstaden www.gyldendal.no ei påliteleg kjelde til å sjå kva forfattaren faktisk har gjort. Eg kjenner ikkje grunnen til at forfattaren ikkje fekk dreis på kunsten å skrive om og forme enkelthendingane sterkare gjennom sitt eige temperament. Sikkert er det iallfall at forfattaren har gjort lite for å bruke eigne nøkkelord. 56 Eit barn som stabber på ei side hos Kristian Ottosen, stabber hos Alnæs også. Når det ringjer hardt og vedvarende på døra hos Ottosen, ringjer det hardt og vedvarende hos Alnæs. Kultiverte kvinner hos Astrid Lorenz er kultiverte hos Alnæs. Den som fører nøye rekneskap hos Lorenz, fører nøye rekneskap hos Alnæs. Det som er første bud for VG hos Martin Eide, er første bud for VG hos Alnæs. Når ein pris er overkommelig hos Eide, er den overkommelig hos Alnæs.

I norsk står mange synonym og setningsbygnader til rådvelde for den som vil fortelje same historia og med same presisjonsnivå, men på sin måte. Gyldendal gjer eit nummer av at forfattaren har lagt inn sjølvstendige setningar fleire stader i avsnitta frå boka av Kristian Ottosen. Undringa aukar: Kvifor gjorde han ikkje meir av det? Meinte han det var unødvendig? Eller, igjen, var det fordi han ikkje hadde tid?
Slike spørsmål er legitime, men det er viktigare å finne fram til det som har vore forfattarens uttrykte litterære strategi.

I årevis har eg samla på medlemsblada til nokre norske bokklubbar. Det blir papir av slikt. Kvar gong eg ryddar, og det er ikkje så ofte, lurer eg på kva eg skal med stablane. Det gjer eg ikkje lenger, ikkje etter at eg oppdaga at eg sat med ei interessant kjelde til den andre historia om Noreg.

Då band I ligg føre, seier forfattaren i eit lanseringsintervju med Bokspeilet at ”det er tydelig at journalistikken har gått meg i blodet. Jeg har en barnlig glede av å kunne fortelle nyheter.” På spørsmål frå bokklubbredaktøren om ikkje dette er ei tradisjonell historiebok (her vil ein forleggjar vone at forfattaren svarar negativt, for det aukar salet; kven vil vel ha noko så heslig som tradisjonelle historiebøker, kva no det måtte vere for noko, og heldigvis, det går bra:), svarar forfattaren: ”Nei, jeg bruker en helt spesiell form. Det er egentlig en sjangermessig nyskapning. Jeg lager fiksjon av hendelser og mennesker som det allerede finnes gode kilder på. Selvfølgelig dikter jeg videre der kildene slutter.”57 For meg høyrest det ut til å vere ein framifrå definisjon av sjangeren historisk roman. Då band II er ferdig, er ikkje dette med diktinga så sjølvsagt lenger: ”Jeg har måttet holde meg selv i tømmene, ja. Ikke minst fordi kildematerialet har vært så mye rikere enn i første bindet.”58 Etter band III seier forfattaren: ”1800-tallet er så rikt, det holder lenge å skildre det som det var. Derfor har jeg holdt dikteren i meg i tømme. På mange måter synes jeg det gjør skrivingen morsommere.”59

Undervegs har altså forfattaren av denne noregshistoria endra litterær strategi. Frå dei første tusenåra med så få sikre kjelder at han ikkje kan lage ei samanhengjande forteljing av det som er dokumentert, hopar kjeldene seg etter kvart så opp at han får meir enn nok med å sortere. Forfattarens utsegn om at det er mogleg ”å skildre det som det var” når kjeldematerialet er så rikt som det er for 1800-talet sin del, går vel inn på kontoen for forenklande, salsfremjande journalistikk. Ja, for viss forfattaren faktisk meiner dette, blir det nødvendig å dra til Prøyssen, og dit vil eg ikkje.60

Det som i desse bokklubbintervjua blir framstilt som forfattarens subjektive vilje, kjem i eit anna lys når vi grip tak i det forlaget mange år seinare sa om denne endringa i litterær strategi. Kåre Lunden hadde i si melding av band I i bladet Prosa hausten 1996 kome med skarpe synspunkt på forfattarens sans for fiksjon i ei historisk framstilling. ”Lundens krasse ord falt i god jord,” seier forlaget i ettertid: ”Fiksjonalisering av historiske personer er et virkemiddel som Alnæs er langt mer forsiktig med å benytte i de følgende fire bindene.”61 Forlaget tok altså nokre positive grep undervegs, men det springande punktet blei ikkje rørt. Med sin bakgrunn frå romankunsten var forfattaren kanskje på tryggast grunn nettopp i det første bandet, der framstillinga går fram til 1319. Her meinte han, til kritikken sa det motsette, at han kunne fortelje friare enn han kunne når jamt fleire av dei sentrale historiske hendingane, samanhengane og brota er nøye dokumenterte. Kjeldemengdene auka. Likevel skulle kvar bok skrivast like fort. Utruleg nok greidde han det.
Kritikken av første bandet var jamt over svært positiv og sette standarden for lesinga av bøkene som kom seinare. Gyldendal hadde følgt med i det Norstedts dreiv med: ”Lindqvist har et helt annet konsept. Han fikk med rette faglig kritikk,” sa Geir Mork i 1996, og la til: ”Vi har registrert at ingen faghistoriker har funnet faktiske feil hos Alnæs.”62 Når meldingane var positive, forfattaren hadde klart å følgje den ambisiøse framdriftsplanen og tusen på tusen kjøpte bøkene, kunne forlaget senke skuldrene og feire eit lykkeleg punktum i beretninga om ein varsla suksess.

Så kom ein ubeden gjest og inviterte til nachspiel i Morgenbladet.

Ein forleggjar blir til og ser inn i kamera
For eventuelt nye lesarar: Det er sjølvsagt at ein forlagssjef går god for kvar einaste utgiving frå forlaget sitt. Sjefen i Gyldendal gjorde meir enn dette. Det var Geir Mork som varsla suksessen.

Det var ikkje berre i lanseringa at Geir Mork knytte seg sterkt til dette verket. ”Han har lest grundig gjennom fleire versjoner av manus, gitt konstruktiv kritikk, boblet av ideer, og oppildnet forfatteren i tunge stunder,” skriv Karsten Alnæs i etterordet til band I. Geir Mork er kjend som ein god lesar. Norske boklesarar mista ein god litteraturkritikar då han blei Gyldendal-sjef. Før det melde han bøker i blant anna Dag og Tid og Bergens Tidende. Denne lesekunsten har vore viktig for Mork som forleggjar. Den har vore med og skapt sterke band mellom forlaget og meir enn éin sentral Gyldendal-forfattar. No kunne leseevna hans brukast til å forbetre manuskript, til beste for lesarane, i staden for å felle dommar i ettertid. Både formelt gjennom haipinga og reelt gjennom arbeidet som manuskonsulent er Geir Mork knytt sterkare til dette verket enn til dei fleste andre utgivingane frå Gyldendal det siste tiåret. Så lenge verket fekk ei positiv mottaking, og det gjorde det lenge, kom dette også sjefen til gode. Den kritikken som kom då Morgenbladet tok til å skrive om saka, ramma dermed også konsernsjefen meir enn kritikkar av enkeltbøker plar gjere. Den første større fagartikkelen Geir Mork har skrive etter at han blei forleggar, handlar om nettopp dette verket. Han er ikkje skipperen som styrtar ned frå brua, det skal han ha. Men så sterkt som han hadde knytt seg til dette verket, var det også nødvendig at han stilte opp. Det kunne tene til å få på plass autoriteten att. Eg seier ikkje at det var intensjonen hans, berre at det var konsekvensen. Mannen på toppen hefta for alt ved dette verket og bokprosjektet, frå dei minste salstala til dei største feila, og omvendt. Difor blei det personleg viktig å kome til orde i Samtiden, akkurat som det i 1996 var viktig å få fram at same kor mykje dette likna på eit svensk verk, så var dette hans idé.

Den årelange kampanjen for Historien om Norge tente til meir enn å selje bøker. Det er rimeleg å lese dette også som ein kampanje for ein ny, stor forleggjar. Den nye noregshistoria var med og etablerte han som ein av dei fremste. Den einaste illustrasjonen til artikkelen i Samtiden kan lesast som avslutninga av den kampanjen. I tradisjonen frå dei store forleggjarane, dei kraftfulle menn i forlagsbransjen, har Geir Mork late seg fotografere i den mektige manns posisjon, slik dei heng på rekkje og rad på veggene i Den norske Forleggerforening, Øvre Vollgate 15, Oslo 1. Sindige. Reflekterte. Sårbare.

Ein bokbransje tek til å gjere bøkene ferdige etter at dei er prenta
Diskusjonen om forholdet mellom tekst og kjelde blir ikkje avslutta i noko fall med denne saka av di forholdet mellom vitskap og populærvitskap er dynamisk, ikkje statisk. Den litterære kvaliteten i vanleg tyding, altså komposisjon, skrivemåte og alt det som høyrer til, som er så viktig for bøker flest, har kome i bakgrunnen i Alnæs-saka. Dét må vere trist å sjå for ein så god forteljar som Karsten Alnæs. I dette ser eg eit uttrykk for at kjeldemakta pressar vurderinga av kvaliteten på ei bok frå det litterære over mot nettopp forholdet mellom tekst og fakta.63

Gyldendal greidde nesten det dei hadde sett seg føre. Dei heldt tidsplanen, gjorde verket til ei av dei viktigaste bokutgivingane i 1990-åra og selde (saman med bokklubben) uhorveleg mange bøker. Forteljaren Karsten Alnæs gav mange lesarar store lesestunder og formidla mange viktige sider av norsk historie. Det er når vi ser på det forlagsfaglege at den varsla suksessen kverv for oss. Her gav forlaget verken seg sjølv eller forfattaren tid til å lykkast. Det kommersielt ideelle og redaksjonelt forsvarlege kunne ikkje sameinast.

Historien om Norge dreiar seg om meir enn eit forlag som sette éin forfattar i tidsklemma. I seinare år har det skjedd merkeleg mange gonger. Det er som om ein heil forlagsindustri har sett seg sjølv i tidsklemma. Det har gått ut over både lek og lærd.

I 2000 gav Cappelen ut Norske ikoner av Nils Johan Ringdal. Så kom det for ein dag at her var det feil på feil. Cappelen trekte opplaget tilbake og lova ny utgåve. Den har vi no venta i over fire år.

I 2002 gav Forlaget Press ut New York. Forfatternes by av Eva Bratholm. Så kom det for ein dag at her var det feil på feil. Press trekte opplaget tilbake og trykte ny utgåve.

I 2002 gav Gyldendal ut Norges førstedamer. Fem portretter av Anne Torjusson Diesen og Anne Grosvold. Så kom det for ein dag at her var det feil på feil. Gyldendal trekte opplaget tilbake og trykte ny utgåve.

Slik kunne eg skrive avsnitt på avsnitt i samtidshistoria om tidsklemma i forlagsindustrien, for der er fleire døme enn dette. Eit symbolsk utgangspunkt for denne historia er ein lærebokskandale i 1993. Den respekterte bokmeldaren Steinar Sivertsen i Rogalands Avis gjorde då noko så uvanleg som å melde Litteraturhistorie for den videregående skolen av Espen Haavardsholm og Janneken Øverland. No kom det for ein dag at her var det feil på feil. Gyldendal trekte opplaget tilbake og trykte ny utgåve.64

Det er ikkje sikkert at tidsklemma er einaste forklaringa i alle desse tilfella. Di meir ein skriv og tenkjer, di vanskelegare blir det i det heile å nøye seg med Den eine forklaringa. Her og no skimtar eg ei anna mogleg forklaring, og det er at forlaga har begynt å tukle med den redaksjonelle spisskompetansen sin. Viss det er slik, passerer feila fordi dei som arbeider med tekstane, rett og slett ikkje kan nok om det dei driv med. Gyldendal har sjølv sagt at åtte personar hadde oversett feila i Norges førstedamer.65 Slikt gir ord som ”korrekturlesing” og ”fagleg standard” nye og uventa tydingar.

Heller ikkje dei fastare konserngrepa om bransjen er forklaring god nok.66 Når eit stort forlag kjøper om fleire små og slår saman funksjonar, får det også følgjer for kapasiteten og kompetansen i redaksjonsdelen av bokproduksjonen. Det er nok påfallande at store og ressurssterke forlag rotar seg opp i situasjonar som dei eg har nemnt ovanfor. Men også mindre forlag sender av og til store pengesummar inn i makuleringsmaskinene.

Dette dreiar seg altså ikkje om eitt bokprosjekt i samanbrot, men om ein redaksjonell kompetanse som blir svekt fordi den ikkje blir halden ved like eller ikkje blir respektert nok. Historien om Norge syner uakseptable mengder av banale trykkfeil og openberre faktafeil i eit godt fortalt, påkosta og grafisk pent utstyrt verk som bokkjøparane betaler ein høg pris for.

Kor mykje er det rimeleg å ta seg betalt for dårleg forlagsarbeid?

Det er som om den redaksjonelle kjernekompetansen har kome i andre rekkje, at det er blitt viktigare å selje mykje enn å skrive rett. Marginane er små i den norske bokbransjen, og eg heiser gjerne ein hyttevimpel for den bedriftsutviklinga denne bransjen har vist i fleire tiår. Men eg heiser ikkje noko flagg for måten bokbransjen no fer fram på mot kjernen i forleggjeriet. Den kjernen er bokmediets posisjon og prestisje. Boka er eit medium som nyt høg respekt. Det er ikkje noko nytt under sola at publikum ventar meir av ei bok enn av ein avisartikkel, og at dei godtek fleire feil i avisa enn i boka. Likevel har Gyldendal i Alnæs-saka prøvt å leggje død ein kritikk mot feil i eit bokverk ved å vise til feil i ei avis.

I forlaga som i andre delar av kulturindustrien er dei redaksjonelle funksjonane blitt sette under press i seinare år, særleg frå 1980-åra av. Det er sunt at der er blitt meir motstand i systemet ved at marknadsseksjonane utfordrar redaksjonane – og omvendt, berre ein har respekt for spisskompetansen til kvarandre. Marknadsorienteringa har i dette tidsrommet vore ein viktig premiss for mang ei omorganisering, og omorganisering har neimen ikkje vore noka mangelvare i forlagsindustrien. Samstundes er mange av forlagsfunksjonane blitt meir spesialiserte, både redaksjonelle og andre. Dette har auka behovet for redaksjonelt kompetente prosjektleiarar som både veit kva eit rekneark kan brukast til og korleis skrivepapir bør brukast. Det hjelper lite med åtte manus- og korrekturlesarar viss ikkje den niande held det heile i sitt myndige grep eller ansvaret smuldrar som gamle aviser.

Det dreiar seg nok om meir enn eit spørsmål om organisering. Det dreiar seg om å rehabilitere respekten for teksten og for redaksjon som profesjon. Kvart år kjem det ut svært mange bøker, også frå Gyldendal, som tener bokbransjen til ære, bøker som er gode, velskrivne, godt redigerte, strøkent komponerte og nøye korrekturlesne. Eg kan vanskeleg førestille meg at det nokon gong i bokhistoria har vore enklare enn i dag, teknisk og praktisk, å nærme seg det uoppnåelege idealet om den perfekte boka. Likevel blir vi boklesarar kvart år utsette for bøker som er den reine greinaløysa.

Eg trur den norske bokbransjen er heilt avhengig av at lesarane har tillit til boka. Når dei økonomiske eller redaksjonelle marginane er små, blir det berre endå viktigare. Då Gyldendal hausten 2004 skreiv eit nytt kapittel i historia om eit varsla problem, stod minst éin bokhandlar og undra seg: På det tidspunktet låg boksalet sju prosent under fjoråret. Saker som denne er ikkje akkurat med og reduserer det prosenttalet.

Når marginane er små, kan nokon kome på den ideen at no gjeld det å marginalisere brysame redaksjonskostnader. Mi forståing av dette, om no det har interesse, er at di fleire lesarar ei bok kan få eller di lenger boka skal bli ståande, di viktigare er det at alle sider ved boka er så gode som mogleg. Viss forlaga ikkje kjem seg ut av tidsklemma og samstundes hevar sin faglege standard, og ikkje satsar dei midlane som trengst for å halde ved like tilliten til boka, står berre eit lite spørsmål att på siste linja i denne historia:

Kven skal då gjere det?

Noter

1 Geir Mork: ”Morgenbladet og Karsten Alnæs”, Samtiden 4/2004, s. 22–35. Når ikkje anna er sagt, er Mork-sitat frå denne artikkelen.

2 Søk i NORART syner at den siste større artikkelen var ”Ironien som eksistensform. Eit ikkje-ironisk svar” i Edda 1/1991, s. 24–31. Artikkelen var eit svar til dei to opposisjonsinnlegga under doktordisputasen til Geir Mork 10.3.90. Seinare skreiv Geir Mork ein kort artikkel om Lars Amund Vaage i Bøk 4/1994, s. 3–6.

3 Alnæs-saka har gjort mange til blinde motivjegerar og amerikaniserte konspirasjonsteoretikarar. Eit par veker etter artikkelen av Mork gav Kjartan Fløgstad ut pamfletten Brennbart på Gyldendal. Der retta han svært kvass kritikk mellom anna mot noko Hans Fredrik Dahl har skrive i verket Norsk idéhistorie. Ein professor i idéhistorie som var hovudredaktør for dette verket, svara med å lufte spekulasjonar om at utgivinga var eit ledd i Gyldendals motoffensiv i Alnæs-saka. Han hadde fått den ideen at pamfletten til Fløgstad skulle vere eit strategisk utspel frå Gyldendal mot Aschehoug (Klassekampen 18.11.04). Når til tider tenkjande menneske reagerer slik, får vi andre heilgardere oss: Bak denne artikkelen ligg ingen skjult dagsorden eller noko usnakka med ein einaste aktør i Alnæs-saka. Eg dreg vekslar på observasjonar og røynsler frå dei 24 åra eg har hatt noko med bokbransjen å gjere, i rollene som forleggjar, forfattar, kurshaldar, lesar, kritikar. Døma hentar eg frå bøker eg ikkje har hatt noko med å gjere. Det heile er tenkt og skrive ut frå den idealistiske og dermed håplaust forelda posisjonen at bøker skal vere betre enn andre skrifter. Eg skuldar å gjere merksam på at eg tidlegare har publisert iallfall tre studiar i moderne forleggeri. Den første var ”Det ubrukte språket” (Dag og Tid 28.2.85, trykt opp i Retorikk på norsk, 1988), om Kari Storækre si bok God tur til Paris som Gyldendal gav ut like før Treholt-saka kom for retten. På den tida hadde tabloidavisene sett til sides all sedvane om korleis ei sak bør omtalast før rettsforhandlingane. No følgde eit forlag etter. Den andre var ”Historia om ein bestseljar” (Syn og Segn 4/1986, trykt opp i Retorikk på norsk), eit kjeldeskrift om haiping og maktbruk då eit forlag gav ut Dagbok frå Kongens råd av Jens Haugland. Den tredje er ”Den første moderne forleggjaren”, eit fagleg portrett av Johs. Aanderaa (Norsk kulturårbok 1994, trykt med mindre endringar i Det nynorske blikket, 2002).

4 Fram til fredag 26.11.04 hadde Gyldendal i fleire veker hatt (rett nok selektivt, men likevel) viktig bakgrunnsstoff liggjande på www.gyldendal.no. Onsdag 24.11. hadde det gått ut melding om ei minneleg ordning mellom Gyldendal og ein av dei forfattarane som sterkt hadde kritisert mangelen på kjeldetilvisingar. Tre veker etter nyopninga av saka i Samtiden såg altså forlaget heile saka som avslutta og tok vekk alle saksdokumenta sine frå den allment tilgjengelege nettstaden. Ønsket om ein prinsipiell debatt hadde veikna og visna, bleikna bort. Men nokon hadde teke utskrifter.

5 Stanley Unwin: The Truth about Publishing, 1926, her sitert etter Harald Grieg: Hvad er et forlag?, Oslo 1945, s. 27. Boks til Unwin er seinare komen i mange nye utgåver. Unwin gjorde seg gjeldande som uavhengig forleggjar i Storbritannia frå 1914 med det seinare så kjende forlaget Allen & Unwin. På forfattarlista hans stod både Bertrand Russell og Mohandas Gandhi.

6 Morgenbladet 12.11.04.

7 Aftenposten 2.10.96.

8 Från islossning till kungarike (1992), Historien om Gustav Vasa och hans söner och döttrar (1993), När Sverige blev stormakt (1994), Storhet och fall (1995), Nyttan och nöjan (1996), Gustavs dagar (1997), När riket sprängdes och Bernadotte blev kung (1998), Ånga och dynamit (1999), Drömmar och verklighet (2000). Den samla framstillinga i eitt band er på 727 sider: Från istid till framtid (2002).

9 Bakgrunnsstoff om Lindqvist er m.a. henta frå www.norstedts.se, Morgenbladet 21.6.01 og frå artikkel i journalisten.se datert 19.8.03.

10 Aftenposten 2.10.96.

11 Aftenposten tok opp dette i artikkelen ”Millionsalg for svensk ’Alnæs’” 2.10.96. Geir Mork avviste påstanden om at Gyldendal hadde kopiert svenskane. Argumentet hans var at noregshistoria såg forbi kongane og krigane og bygde meir på eit mentalitetshistorisk grunnlag. Det har han rett i. Men ut over dette er likskapane mange og skilnadene få mellom dei to verka som bokprosjekt.

12 I 1986 tok faghistorikarar tok for seg både denne og mange andre lærebøker i historie på eit seminar. Dei felte ein knusande dom, ifølgje Nils Johan Ringdal som minte om dette då han melde band I av Historien om Norge (Dagbladet 19.9.96). Men Ringdal var sikker i si sak: ”De som fant ’feil’ i hans [Alnæs’]1984-bok, vil lete forgjeves nå.”

13 Annonsert av Cappelen i katalogen Årets nye bøker 1988, s. 81.

14 Den einaste grunnen til at eg hugsar litt av den svenske forhistoria til dette prosjektet, er at eg sjølv var ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget då første bandet av Historien om Sverige låg føre. Det hadde vore noko, det, tenkte eg. Samlaget hadde svært kompetente og skriveføre historikarar på forfattarlistene sine. Kva som skjedde vidare, hugsar eg ikkje. Kanskje rekna eg litt og såg at dette ville bli for dyrt for eit forlag med så lite eigenkapital som Samlaget. Då Gyldendal fortalde om planane sine, sat eg på ein stol og tenkte mitt.

15 Prosjektplanen, lanseringskampanjen, debatten og salet er omtalt i Harald L. Tveterås: I pakt med tiden. Cappelen gjennom 150 år 1829–1979, Cappelen, Oslo 1979, s. 369ff og 425ff. Grimberg sjølv emna på å kalle verket Alla folks underbara öden. På norsk blei tittelen Menneskenes liv og historie. Tveterås gjer greie for dei mange manøvreringane for å få til eit komplett manuskript til den norske utgåva, som også blei lagd til grunn for ei dansk og ei finsk utgåve. Det har i det minste kuriøs interesse at den første artikkelen av Bjørneboe stod i Frisprog og at det meste av debatten kom i Morgenbladet. Henrik Groth oppsummerte kritikken slik: ”Et forlag må tåle kritikk, om den føles aldri så urettferdig. Men selv et forlag må på bakgrunn av ovennevnte kjernsgjerning ha lov til å slå fast at den ærekrenkende journalistikk Morgenbladet har boltret seg i, savner enhver berettigelse” (Tveterås, same stad, s. 374). Verket var komplett i 21 band i august 1958, og salet gjekk strykande. Alt ved årsskiftet 1958/59 kom dei første banda i ei ny 22-bandsutgåve av det forlaget kalla ”kjempeverket om virkelighetens drama” (Årets bøker 1958, s. 53). No hadde verket fått endå fleire medforfattarar. Hausten 1959 melde forlaget at dei til då hadde prenta ein million band (Årets bøker 1959, s. 23). Femte utgåva kom i 1979, og verket var dermed trykt i 120 000 eksemplar.

16 ”Svanström satt i en krevende stilling hos Norstedt, og det var unektelig ganske dristig å love publikum presisjon i leveringane av et arbeid som ikke var skrevet ferdig” (Harald L. Tveterås, same stad, s. 430).

17 Anders Björnsson er fødd i 1951 og kan ved sida av profesjonane historikar og journalist leggje til lærar, har arbeidd i vitskapsredaksjonen i Sveriges Radio, var vitskapleg medarbeidar i Svenska Dagbladet 1994–2000, sjefsredaktør i Dagens Forskning 2002–2003, og har skrive bøker om mellom anna svensk, finsk og fransk historie. Den nyaste boka er Osmanernas rike. Ett försummat europeisk arv (2004).

18 Ludvig Stavenow, professor i historie ved universitetet i Uppsala og medforfattar av eit verk om svensk historie tidleg på 1900-talet, sitert frå www.ukforsk.se/subjects/grimberg.htm .

19 Holger Ahlenius skreiv ein stad om ”detta sällsynt vulgära och på urusel svenska skrivna verk”, og John Landquist, han som i 1929 skreiv ein biografi om Knut Hamsun, tvilte på om ein så god historikar og stilist som Svanström ville ”lyckas sänka sig till den grimbergska lågprosa” (sitert etter Harald L. Tveterås, same stad, s. 428). Det ligg mykje svensk aristokratihistorie mellom desse få orda.

20 Uttrykket blei brukt på pressekonferansen ved lanseringa 18.9.96. NTB opna referatet derifrå slik: ”Dette er vår tids Grimberg, annonserer Gyldendal som nå lanserer sin Norges-historie med Karsten Alnæs som forfatter” (sitert frå A-tekst).

21 Aftenposten 19.9.96.

22 Aftenposten 24.6.97.

23 Geir Mork i forord til Gyldendals julebok 1998, her sitert etter Geir Mork i Samtiden 4/2004.

24 Cille Biermann i Bokspeilet 6/1999, s. 7.

25 Utgivingstidspunkta for dei fire første banda er henta frå A-tekst. Få dagar før band I blei lansert, hadde forfattaren levert manuskriptet til band II (Aftenposten 19.9.96).

26 I 2003 sende NRK TV 16 halvtimars-episodar, det blei opplesingsserie i NRK Radio og i 2004 gav Lydbokforlaget ut eittbandsversjonen Historien om Norge – Fortellinger. Herman Lindqvists verk er blitt like multimedialt. Sveriges Television tok alt i 1991 til med serien Hermans historia, som fram til 2002 kom opp i om lag 30 timar om svensk historie. Eittbandsversjonen til Lindqvist om 14 000 års svensk historie kom som lydbok i 2004.
27 Artikkelen stod på prent i Finanstidningen 18.11.92 og i Folkvett 2/1993, her sitert frå www.physto.se/~vetfolk/Folkvett/19932Bjornsson.html.
28 Peter Englund i Expressen september 1994 (www.peterenglund.com). For Gyldendal var historikaren Peter Englund eitt av dei fagleg-litterære føredøma i arbeidet med noregshistoria, sa Geir Mork til Aftenposten 2.10.96.

29 Terje Stemland: ”Et storverk er fullført”, Aftenposten 6.6.00.

30 Namneregistera i kvart banda har eg ikkje lese like nøye, men jamt over ser dei ut til å vere bra.

31 Seniorredaktør Hans Petter Bakketeig i Gyldendal i foredrag på seminar 4.3.04 arrangert av Gyldendal og Den norske historiske forening, manuskript på www.gyldendal.no.

32 Olav Hr. Rue ville ha sagt det slik: I tilvisingar til skrifter med meir enn ein forfattar, kan namnet på første forfattaren gjerne stå med etternamn først, men for dei andre forfattarane skal alltid fornamn kome først.

33 Kristine M. Madsen og Irina Eidsvold Tøien: ”Historien om Norge – vurdering av Karsten Alnæs’ kildebruk”, datert 2.11.04, www.gyldendal.no.

34 For ein nynorskbrukar er det så vanleg å sjå at nynorske boktitlar blir feilskrivne på bokmål at eg ikkje bruker store bokstavar på at desse kjeldelistene opplyser om at Anders Hagen har gitt ut Helleristninger i Noreg og at Kåre Lunden har skrive Norsk grålysning.

35 Eg gjer ikkje krav på at lista er komplett. Dette var dei namna eg festa meg ved utan å konferere med trykte oppslagsverk eller digitale bokregister av typen BIBSYS.

36 I artikkelen ”Kraften i en unnskyldnng”, VG 17.11.04, skriv Guri Hjeltnes at i gjennomsnitt er kvart band til no trykt i 63 000 eksemplar. Det blir 315 000 i alt.

37 Hans Petter Bakketeig, same stad.

38 Peter Schifferli: ”Forleggjarlatin”, Syn og Segn 4/1988, s. 357.

39 Aksel Hatland, Stein Kuhnle og Tor Inge Romøren (red.): Den norske velferdsstaten, 3. utgåva, Gyldendal Akademisk Forlag 2001.

40 Der er ei femte forklaring også: At dei redaksjonelle rutinane for klargjering av manuskript og lesing av korrektur ikkje er blitt følgde i dette tilfellet. Viss det var slik det hang saman, må nokon forklare korleis desse rutinane kunne glippe i sju år for fem førsteutgåver og mange seinare opptrykk.

41 Hans Petter Bakketeig, same stad.

42 Det gjer heller Andreas Skartveit, adm. direktør i Gyldendal 1980–90, i eit innlegg om saka i Aftenposten 12.11.04. Han reknar seg fram til ein svarpromille på 6. Slik polemisk reknekunst kan vere underhaldande, men kastar lange skuggar og lite lys over saka.

43 Geir Mork: ”Faglige standarder i ’Historien om Norge’”, Aftenposten 10.11.04.

44 Gyldendal har ikkje sagt noko om korleis dei har rekna. Slik har eg rekna: For verk er det samla talet på band rekna med, anten verket har ein eller fleire forfattarar. Viss det er vist til meir enn to artiklar i ei artikkelsamling, er heile boka rekna som éi kjelde. Kvar identifiserte avisartikkel er rekna som éi kjelde. Oppslagsverk av typen Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder er rekna som éi kjelde.

45 Karsten Alnæs laga kjeldelister av same slag som Herman Lindqvist. I band III av Historien om Sverige nemner han om lag 170 verk, som er ”några [min. kurs.] av de böcker jag självt läst och haft stor glädje av”. Peter Englund undrar seg: ”Försiktigt räknat handlar det om en textmassa på runt 60.000 sidor som författaren plöjt igenom under de månader som gick åt när han skrev denna bok. Till denna mängd borde rimligtvis också läggas alla de andra böcker som han också läst, både de verk som han också haft glädje, men ej gitter nämna, samt alla de som han läst och INTE haft glädje av – och med tanke på Herman Lindqvists väldokumenterade avsky för historiker torde det vara en icke obetydlig samling. Lindqvist avslöjar sig här som en veritabel lärdomsgigant. Synd bara att han visar så lite av det i sin text. Men visst är det imponerande, detta att han t.ex. läst hela Olof Rudbecks Atlantica i fem bukiga volymer (titeln på verket är dock av någon anledning fel) samt Generalstabens massiva ’Sveriges krig 1611-1632’, alla åtta banden, inklusive supplementet (även där har det råkat slumpa sig så att titeln i litteraturförteckningen ej blivit den rätta). Allra mest imponerad är jag dock av att Lindqvist tagit sig igenom Pufendorfs ’Von Schwedish- und Deutsche Kriegsgeschichte. In 26 Büchern abgefasst’ från 1688. Jag har inte kunnat drömma om det fanns någon av kvinna född som kunde läsa Samuel von Pufendorf "med glädje", men nu vet jag bättre” (Peter Englund i Expressen september 1994, her sitert frå www.peterenglund.com).

46 Dateringa er interessant. Det notatet som nokre dagar var publisert på www.gyldendal.no, var datert 2.11.04. Likevel står det i første avsnittet at ”Gyldendal vil nå sende et innlegg til Samtiden 2/2004 med deadline den 3. september”. Nå? Dette er altså skrive før 3.9.04. Likevel er notatet datert 2.11.04. Undervegs blir det tydeleg at notatet er skrive ferdig etter at oppdragsgivaren hadde skrive artikkelen sin: ”Vi kan stort sett slutte oss til hva Geir Mork oppsummerer i sitt innlegg til Samtiden 2/2004.” Dette gir inntrykk av at den viktigaste funksjonen for notatet har vore å sikre at konsernsjefen ordla seg korrekt når han nærma seg jussen.

47 I notatet er adjektivet nitid brukt, ikkje løpende, som om dei to orda nokon gong har vore synonym: ”En nitid kildeangivelse ville kunne forstyrre leseren og hans innlevelse, og medføre at Alnæs’ målsetting om nærhet til stoffet ikke oppnås.”

48 Diverre blir lesaren no pådytta eit tilbod om å bli med på eit utdrag frå kurs i redaksjonelt arbeid: Det enklaste systemet er som kjent at ein i sluttnotane ordnar tilvisingane side for side, tek opp att nokre få ord frå den setninga det skal visast til, og så skriv kva som er kjelda. Dømet her kunne vere: Det finst enkle Grepstad 2004, s. 000. Det må då lagast eit komplett alfabetisk kjeldeliste i tillegg. Alternativet vil vere å leggje fulle tilvisingar inn i kvar slik note. Eller ein kan ordne tilvisingane etter side og linje på kvar side. Viss forfattaren, men berre viss, på førehand har lagt desse tilvisingane i vanlege sluttnotar, er det heile såre enkelt. Fot- eller sluttnotar er i det heile ein god måte å halde orden på kjeldene på. Sjølv i tekstar der slike tilvisingar ikkje trengst, kan forfattaren for sin eigen del ordne kjeldestoffet slik, og så berre slette alle notane i den versjonen som blir publisert. Store forlagskonsern som sel historieverk for eit stort, men ukjent tal millionar, kan jamvel ta seg råd til å kjøpe eitt av dei profesjonelle tilvisingssystema som er utvikla for forskarar. Då blir kjeldelistene genererte raskare enn bokbindaren lagar ferdige bøker.

49 I notatet frå 2.11.04 skriv dei: ”Hovedintensjonen med en historisk fremstilling er å videreformidle faktum og gi informasjon om konkrete hendelser.” Det er til å forstå viss nokon no saknar ord som tolking og utval.

50 Slike tilvisingar finst det heller ikkje i langversjonen av resonnementa deira i notatet av 2.11.04.

51 Dette uttrykket har dei ikkje brukt i notatet, berre i avisartikkelen, og i notatet nyanserer dei ved å peike på nettopp det at tilvisingskrava varierer med sjangrane.

52 Hans Petter Bakketeig, same stad.

53 Ein av dei som har peikt på dette, var Jan Eivind Myhre på seminaret 4.3.04 (Aftenposten 5.3.04). Til no har likevel ikkje dette vore det tyngste innslaget i Alnæs-saka.

54 Karsten Alnæs i intervju med Knut Gørvell i Bokspeilet 11/1996, s. 7. Vi får skrive det inn i grammatikkens krevjande rekneskap når bokklubbredaktøren ikkje skil mellom ”et temperament” og ”ett temperament”.

55 Alt 28.11.03 skreiv Karsten Alnæs eit innlegg i Dagbladet der han tok ”det hele og fulle ansvar” for at han hadde kome for nær nokre kjelder, og han sa seg lei for at han ikkje hadde nemnt eller kreditert godt nok alle forfattarane av kjelder han hadde brukt (innlegget blei seinare publisert på www.gyldendal.no nokre dagar). Det var så reine ord for pengane at det skulle vere unødvendig å skitne dei til att med debatterande repetisjonsøvingar. Alnæs hadde vist ærleg vilje til å rydde opp. Merkeleg nok levde likevel plagiatdelen av denne saka i eit heilt år etterpå. Det heile blei ikkje enklare av at forfattaren sjølv i det korte innlegget ”En klargjøring” i Aftenposten 7.11.04 ville minne om at ”mitt verk ikke er ment for universitetet, men føyer seg inn i den populærvitenskapelige tradisjonen”.

56 Sitata er henta frå Geir Morks artikkel i Samtiden 4/2004 og frå tekstdøme på www.gyldendal.no.

57 Karsten Alnæs i intervju med Knut Gørvell i Bokspeilet 11/1996, s. 7.

58 Karsten Alnæs i intervju med Cille Biermann i Bokspeilet 4/1997, s. 7.

59 Karsten Alnæs i intervju med Line Baugstø i Bokspeilet 5/1998, s. 6.

60 Forresten: Utsegna til forfattaren kling som eit ekko frå den tyske historikaren Leopold von Ranke (1795–1886). Han var ein av dei aller fremste tyske (og europeiske?) historikarane på 1800-talet, og historiograf for den prøyssiske staten frå 1841. Ranke stilte strenge, positivistiske krav til historikarens omgang med kjelder for at det skulle vere mogleg å vise, som han sa i det vidgjetne uttrykket sitt, ”wie es eigentlig gewesen”.

61 Hans Petter Bakketeig, same stad.

62 Aftenposten 2.10.1996. Eg veit ikkje kor mange faghistorikarar som hadde meldt band I då Mork sa dette fjorten dagar etter lanseringa, men Nils Johan Ringdal kunne tene som ryggdekning, jf. note 12.

63 Då eg hadde skrive dette, kom eg over eit intervju med Ellen Birgitte Johnsrud på morgenbladet.no 28.11.03. Johnsrud hadde i 2000 skrive Historien om historien om Norge. Konstruksjonen av nasjonal identitet i Karsten Alnæs' ”Mot moderne tider” (hovudoppgåve, Universitetet i Bergen). I intervjuet grip ho til dei same uttrykka: ”Det er litt trist at Gyldendal hadde slik hastverk. Verket måtte bli en umulighet i et slikt tempo. Jeg synes også det trist at en såpass dyktig forfatter er blitt presset inn i en så upassende form. Det er blitt så mange feil og mangler.”

64 I databasen BIBSYS heiter det: ”Supprimert av forlaget på grunn av feil og mangler.” Eller som det står i forordet til 2. utgåva: ”I 2. oppl. er det foretatt rettelser og tilføyd noen margtekster".

65 Forlagsredaktør Oliver Møystad i Gyldendal til Aftenposten 16.10.02.

66 André Schiffrin har i Bøker og business, Aschehoug, Oslo 2002, særleg drøfta dei politisk-økonomiske sidene av saka. Andre har vore opptekne av dei teknologiske sidene. Men framleis må forlaga halde seg med redaksjonar også.


Ottar Grepstad (f. 1953) har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999. Han har arbeidd med bøker og forleggeri sidan 1980, m.a. som redaktør i Syn og Segn 1984–88 og som ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget, og har halde mange kurs i redaksjonelt arbeid. Har m.a. skrive Retorikk på norsk (1988), Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (1995, saman med Kirsti Thorheim) og Det nynorske blikket (2002). Norsk språkpris 1999 frå Norsk språkråd for Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk (1997). Saman med Kirsti M. Thorheim gav han i 2003 ut Fotefar mot nord. En kulturhistorisk reise i Nord-Norge og Namdalen, som blei kåra til Årets vakreste bok.

Innhold 4 2004

Aschehougs hovedside

 

SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL