TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL

 










Innhold 4—2005

 

Knut Olav Åmås

Lysta ved språket

 

 

Det er få tema som vekkjer så sterke kjensler i dette landet som språksituasjonen. Eller for å vera heilt konkret: eksistensen av nynorsk. Og kjenslene er like sterke anten dei er positive eller negative. Framleis er det slik at den norske språkkløyvinga seier noko om Norge og gjer noko med Norge. På sitt beste gjev dei to store offisielle språka eit bilete av dei vidt forskjellige røyndomane og historiene som gjer dette landet til det det er.

I Nynorsk faktabok 2005 hevdar Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, at «språket aldri har stått så sterkt som i dag». Han diagnostiserer situasjonen for nynorsk skriftkultur som «stabil, men krevjande».

Kanskje er det siste sitatet meir treffande enn det første. For talet på nynorskelevar i grunnskulen har gått ned til 14 %, og nynorsken har tapt fleire røystingar om skulemålet enn det har vunne. Kvar tredje nynorskbrukar skifter til bokmål før han eller ho er 20 år gammal, og på det raskt veksande Internett er det lite nynorsk, sjølv på nettstader som det offentlege har ansvar for. Nynorsk språk er dessutan usynleg på ordinær redaksjonell plass i t.d. VG og Dagbladet. Dette trass i at VG er største riksavisa i alle nynorskkommunar - ja, nokre stader har den 30 % husstandsdekning, viser Grepstad i Nynorsk faktabok 2005.

På den andre sida finst det positive fakta: Det er kring 600 000 nynorskbrukarar i Norge i dag, 40 prosent av dei vekslar mellom bokmål og nynorsk. Heile 2,9 millionar vaksne nordmenn har fått skriftleg undervisning i nynorsk, og innkjøpsordningane for skjønnlitteratur har vore med på å sikra vekstvilkår for mange forfattarar som skriv på nynorsk.

Det er ingen tvil om at medviten og aktiv institusjonsbygging sidan siste halvdelen av 1800-talet har styrkt nynorsken. Eg tenkjer på slike institusjonar og organisasjonar som Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Noregs Bygdeungdomslag og Noregs Mållag. Innanfor kvar sin sektor har dei gjort bruken av nynorsk språk til noko sjølvsagt.

Flaggskip-institusjonane vil halda fram med å vera viktige sjølv om dei skulle oppleva ein meir pressa situasjon enn før. Det gjer det offentlege ansvaret for å sikra dei endå større. Litteraturområdet viser kor mykje enkeltinstitusjonar og medviten kulturpolitikk har å seia for at nynorsk i det heile eksisterer som verkeleg val og alternativ på visse område.

Den andre sida av institusjonsbygginga er at nynorsken er blitt åtskild og noko «gettoisert» i ein parallell røyndom og dermed òg kan ha usynleggjort seg sjølv i dei største ålmentene og miljøa. Det gjer nynorsken ekstra sårbar.

Difor trur eg vegen fram for nynorsken dei neste åra berre delvis kan gå ut på å halda fram bygginga av separate institusjonar og etableringa av parallelle strukturar i kultur- og samfunnslivet. Det aller viktigaste som kan skje med nynorsken i Norge dei neste ti åra vil utvilsamt vera om språket blir teke i bruk redaksjonelt i dei største riksavisene. Særleg mykje ville det ha å seia om nynorsk blir brukt på reportasjeplass i Dagbladet og VG.

Det er liten grunn til å tru at salet av Dagbladet og VG vil gå ned som følgje av ein viss bruk av nynorsk på vanleg reportasjeplass. Fråværet av nynorsk har heller ikkje hindra desse to avisene i å stupa i opplag siste året. Og det finst døme på storaviser som dekkjer både by og bygd som bruker mykje nynorsk og ikkje lir under det. Sjå på Bergens Tidende, den leiande regionavisa i Norge i dag.

Dette fører meg til eit hovudpoeng: På område der det offentlege og kulturpolitikken kan leggja føringar, står det ikkje så verst til med bruken av nynorsk. Det finst nok av unnatak, men likevel: Nynorsk er i ferd med å bli meir av eit språk for offentleg forvaltning og for deler av kulturlivet.

På alle område som gjeld kommersielle forhold og privat næringsliv, står det verre til. Med unnatak av forretningsverksemder i sterke nynorskområde på Vestlandet, er nynorsk språk så godt som fråverande frå alt som heiter marknadsføring. Nokre av dei mest innverknadsrike arenaene i samfunnet glepp såleis for nynorsken, og det i aukande grad.

Prosentdelen av elevar som har nynorsk som hovudmål i skulen er nokolunde stabil, men oftare enn før skifter unge folk språk når dei sluttar på vidaregåande, om ikkje før. Denne «språklege lekkasjen», som Grepstad har kalla det, er trugande for nynorsken i dag.

Men det er lett å tolka språkskifte som noko utelukkande negativt, berre forårsaka av ytre press, fleirtalstvang og konformitetsønske. Det er biletet som vanlegvis blir gjeve av «lekkasjen». Det stemmer sjølvsagt mange gonger, men er ikkje alltid rett. Kanskje har nokre miljø lagt altfor sterk vekt på språk som identitet, til liks med at det blir venta her i landet at ein til evig tid skal dyrka den vesle bygda ein kom frå ein gong for lenge sidan, og dialekten som blei snakka der for omtrent like lenge sidan. Det er dette eg har kalla «den norske rotmetafysikken». Den står sterkt.

Men språk er ikkje berre røter, historie og identitet. Det er også – og ikkje minst – kommunikasjon og estetikk. Somme skifter språk fordi dei rett og slett ønskjer å utvikla seg i ei anna retning språkleg. Det må respekterast – på same måte som ein må ha respekt for at somme vel å veksla mellom nynorsk og bokmål. Deler av målrørsla har undervurdert verdien av denne språklege fleksibiliteten.

Klokare har målrørsla vore ved aldri å gje opp kampen for skriftleg sidemålsundervisning. Undervisninga kan og må utvilsamt forbetrast og utviklast vidare, men å ta den bort ville svekkja nynorsken uboteleg. Det ville vera ei valdshandling mot den rikdomen det er for eit land å ha to store, sterke og jamstilte språk.

For den beste grunngjevinga for den norske språkkløyvinga har Kristian I. Hanto gjeve: «Vi har to språk her til lands fordi vi har lyst til det.»•


Kjelder
  • Ottar Grepstad (red.): Nynorsk faktabok 2005, Nynorsk kultursentrum, Aasentunet, Ørsta 2005.
  • Ottar Grepstad: «Prinsippet nynorsk. Årstale nr. 5 om tilstanden for nynorsk skriftkultur», manuskript, Nynorsk kultursentrum, Ørsta 2005.
  • Knut Olav Åmås: «Nytt om nynorsken», Aftenposten 3.10.05.


  • Innhold 4—2005

    Aschehougs hovedside

     

    SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL