TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL
|
||
|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Innhold
2 2004
Solveig Aareskjold
– Ein skal vakta seg for forteljingar om kor brutale mennene er og kor sårbare kvinnene er. Den som fortel, identifiserer seg nesten alltid med overgriparen, og godtar seg i løynd på kostnad av det hjelpelause offeret. Då er det godt om dei unge kvinnene greier svara like godt for seg som den freidige jenta i vårvisa til Alf Prøysen. Ho vil på dans, og på dans går ho, trass i at dei føresette gjer alt dei kan for å ta motet frå henne. Først er det bestemora som står i døra og jamrar om at ho er for tynnkledd. Utmed stabbursnova står faren og trugar med represaliar om ho søv for lenge, for i morgon skal dei setta poteter. Til sist er det mora som heng ut gjennom låvegluggen og skrik ned til henne at ho øydelegg ryktet sitt, slik ho driv på. Men jenta slår tilbake med at det knytter seg større risiko til å stå i trekkfulle dører og hissa seg opp i utrengsmål. Og denna lærdommen ska du sæinse: I eit museum i Italia blei eg tilsnakka av ein stilig mann som gav inntrykk av å ha god greie på historie og arkeologi. Eg hadde allereie begynt å gle meg til å eta middag saman med han då han ba meg koma og sjå på noko lenger inne mellom hyllene. Det var ein tallerken med det velkjende motivet av ein satyr som tek ei kvinne bakfrå. Det finst gjengitt i mange bøker som eit døme på pottemakarkunsten i oldtida. Men i denne samanhengen ville det gått ut på eitt om den stilige mannen hadde opna gylfen og blotta seg. Overvelda av skam og vonbrot lirte eg av meg ei lekse om pottemakarkunsten i oldtida. Då raudna den stilige mannen som ein liten gut som blei teken i øyret og sendt til sengs utan middagsmat. Andre møte har ytre sett vore langt meir farefulle, men har likevel gitt ein heilt annan ettersmak. Til dømes den filosofistuderande basketballspelaren som eg ein søndag føremiddag blei sitjande ved sida av på metroen til Vatikanet. I rein tankeløyse fortalde eg han kor eg budde. Då me skildest, eg for å sjå maleriutstillinga, han for å helsa på paven, strauk han meg over håret. Det gav meg eit løft. Inne i museet blei eg ståande lenge framfor eit maleri av jomfru Maria som sit oppi himmelen ved sida av Jesus, som er framstilt som ein røsleg tømmermann. Akkurat som henne kjende eg meg nesten ung igjen. I kveldinga ringte basketballspelaren på og spurde om eg ville vera med og eta middag med han og vennene hans. Dei hadde ein temperamentsfull omgangstone, som mellom anna gjekk ut på at basketballspelaren kasta ein av kompisane ned trappa for å få han til å skunda seg ut etter vin. På heimvegen blei han så varm og kjærleg at det var reint for mykje. Best som det var, tok han og løfta meg opp på ein bil. Sjølv om det var ganske forfriskande med dette overskotet av maskulin kraft, blei eg litt engsteleg. Eg hadde ofte nok høyrt om kva som kan skje med kvinner som gir seg i lag med framande menn nattestid. Om eg til denne tid aldri var blitt ramma av det sjølv, kunne det jo vera at eg bare hadde hatt flaks. Kan henda hadde eg opparbeidd meg ein heilt urealistisk idé om den naturlege harmonien i tilværet. Men det gjekk nå av i likaste laget, som det heiter, og då eg låste meg inn heime hos meg sjølv, lova eg å skriva eit kort. Eg fekk endåtil svar, eit vakkert blått brev med forsikringar om at neste gong eg kom til Roma, skulle me vandra vennskapleg gjennom gatene og samtala om filosofi. Og sjølvsagt var det ikkje meir merkeleg at eg kom frå denne hendinga med helsa i behald, enn alle dei gongene eg har kjørt ut på motorvegen i personbil utan å bli kjørt ned av ein trailer. For at mishandling skal kunna skje, må det finnast ein idé om at det er rett å gjera det, og at den det går utover, har plikt til å gi etter. Som den gongen for nokre år sidan då ei svart reingjeringshjelp i Trondheim blei lagd i golvet av fem mann, arrestert med handjern og kasta på glattcelle, mistenkt for bankran. Ho på si side heldt fast på at ho ikkje ville rana banken, bare vaska han, sjølv om timelønna ikkje var rare greiene. Ein politimann som hadde skjelt henne ut for ein svart faen, fekk ei bot på tre tusen kroner. Seinare blei han frikjend i ein høgare rettsinstans. Eg tenkte litt på det neste gong eg sat på metroen i Roma. Framfor meg sto to afrikanske jenter og fylte vogna med tøys og fjas. Då setet til venstre for meg blei ledig, sette den eine seg og gav seg til å lesa i ein religiøs brosjyre, ein slik som blir delt ut på fortauet og som dei fleste puttar ned i nærmaste bosskorg. Ei rosa A4-side, bretta på midten, tilrettelagt for utlendingar på lettfatteleg engelsk. "Beware of the black monster inside you," sto det. Som om ikkje ein illegal innvandrar hadde verre ting å passa seg for. Nå var setet til høgre blitt ledig, og venninna hennar sette seg og tok opp att samtalen frå tidlegare. Og eg som nettopp hadde synst at det fekk vera måte på fromme haldningar, tok til å undrast på kva slags oppseding det var dei fekk der nedi Afrika. For dei snakka ikkje bare over hovudet på meg, men tvers gjennom meg som om eg var luft. Eg skulle til å foreslå at me skulle bytta plass. Då sansa eg kor frisk pusten deira var her inne i den daude undergrunnslufta. Endå dei var to fullt utvaksne unge kvinner, var rørslene så lette at det var som å ha fått eit par kattungar på fanget, med duft av sol i pelsen. Sjølv om det blei nesten for mykje av det gode då dei fekk ei fnisekule og lente seg så nær einannan at hovuda deira møttest ved brystet mitt. Eg kremta og spurde kor desse damene kom frå. Dei retta seg opp og såg meg smilande inn i ansiktet. Dei kom frå Nigeria, sa dei, og arbeidde i ein frisørsalong. Dei tok meg i hendene og sa det var nesten som eit under at me skulle møtast her i dag. Frå begge to strålte den same uimotståelege energien som hos den danseglade jenta til Alf Prøysen. Då eg steig av, sto dei i døra og vinka. Å koma nær slike menneske er å få sin eigen ungdom og heile verda innover seg på ein gong. Ein kjenner seg open for alt, ikkje minst den kunstopplevinga som denne utferda var retta mot: Eg skulle til Villa Borghese, som eit av dei gjevaste kunstmusea i Roma, og endeleg få sjå med eigne auge dei mytologiske skulpturane til Bernini, som eg hadde sett gjengitt i så mange lærde verk. Siste del av vegen gjekk gjennom ein stor park. Unge kjærastar låg og klinte under pinjene. Graset var grønt for alle. Då var det at eg blei stansa av ein av desse som har fått det for seg at det er ein menneskerett å plaga andre folk med behova sine. Møtet med dei skjønne jentene på metroen hadde gjort meg mild heilt inn i hjarterøtene, og eg var innstilt på å vera vennleg sjølv mot dei lågaste av medskapningane våre. Derfor prøvde eg bare ganske vennleg å børsta han av meg. Det tok han dessverre som ei oppmuntring. Han var nok tidlegare blitt fortald av sjølvoppnemnde ekspertar at nei betyr ja. Det enklaste var å springa frå han. Sidan alternativet var å finna ein stein og knusa skallen på han, hadde eg eigentleg ikkje noko anna val. Men det stadfesta vrangførestellingane hans og krenkte meg sjølv, og øydela ein dag som til denne tid hadde vore perfekt. Kan henda ville Villa Borghese i alle fall ha fortona seg som eit av dei styggaste byggverk eg nokon gong hadde sett. Nå såg det ut som Oslo rådhus i bordellrokokko. Inne gjekk fullt av eldre turistar og vagga omkring mellom skulpturane og innbilte seg at dei auka den kulturelle kapitalen sin. Kvar gong nokon dytta borti meg, gav eg dei eit rasande blikk og overlét orsakinga til dei. Svart i hugen blei eg ståande framfor Dafne og Apollon: ei jente som blir til eit laurbærtre idet den unge mannen vil slå armane omkring henne. Det er ein gammal myte om tiltrekking og fråstøyting, om korleis ei jente kan smetta unna ein overstrøymande beilar. Men her er begjæret blitt til overmakt og motviljen til avmakt. Den som ingen vil ha, vil jo heller høyra at han er sterk enn at han er avskyeleg. Han vil heller ha sleipe løgner i glatt marmor enn bli fortald ansikt til ansikt at han er ein liten drit. Dafne ville jo bare vera taktfull, ho prøvde jo bare å unngå å såra kjenslene til Apollon. For å koma seg diskret ut or ein pinleg situasjon, sprang ho inn i buskene og gjekk i eitt med vegetasjonen, heimekjend i skogen som ho var. Det tok den innbilske tosken til inntekt for seg sjølv. Der ser ein kva ein har igjen for å ta omsyn til folk. Men skulpturen av dødsguden Pluto som bortfører Prosepina, gjorde meg bare trist. Somme tider er der ingen utveg til flukt. Ein møter veggen, ein blir lagd i golvet av fem mann. Me skal nok ta dykk, seier dei. Det er me som har styrken og makta, og er ikkje det nok, skal me knekka dykk med kulturen. Men eit museum er eit museum, og verda utanfor er noko heilt anna. Ute i parken igjen ligg dei unge elskande par om par bortover grasbakken. Ingen blir ført bort med vald. Ingen blir forvandla til eit laurbærtre.• Innhold 2 2004
|
|
|
SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL |
||