TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL

 










Innhold 4 2003

 

Hadle Oftedal Andersen

Bjerck Hagens problem

 

 

Denne artikkelen sto første gang på trykk i Klassekampen 10.1.04.

Eg talar for ein litteraturvitskap som er open både mot sterke og svake teoriar, det vil seia både mot dei analysane Erik Bjerck Hagen er for og dei han er mot.

I ein artikkel i Samtiden nyttar eg Erik Bjerck Hagens (EBH) lesing av Jan Erik Volds dikt «Om kriveligheten» i innføringsboka «Hva er litteraturvitenskap?» som negativt døme på formidlinga av litteratur og litteraturteori i Noreg, der det for einsidig blir lagt vekt på autonomiestetikk. I sitt svar i Klassekampen 13. november peikar EBH på at eg har unnlatt å nemna at han i boka si òg har ein analyse av eit anna dikt av Vold, der han nyttar ein «heteronomiestetisk» metode, det vil seia at han set teksten inn i ein sosiokulturell samanheng.

Dette er rett. Og EBH har tidlegare presentert seg som ein mann som vil opna litteraturen mot sider som ikkje bare har med kunst for kunstens eigen del å gjera. Men det er nett dette som etter mitt syn er problemet: EBH postulerer at han har eit ope syn på litteraturen. Men kva er det eigentleg han gjer? Jo, den analysen der han med eigne ord set diktet inn i ein større samanheng, framstiller Volds dikt som skildring av hyggeprat mellom kunstnarvenner. Faktisk nyttar han ordet «trivelig» i høve til begge dikta av Vold. Og å gjera 60-talets litterære motspråk, som mellom anna var ein reaksjon på den borgarlege kunstens vending vekk frå problema i verda, og på den kalde krigens retorikk, om til triveleg småprat, er ikkje det same som å sjå diktet som «fullstendig integrert i den større eksterne kulturanalysen», som EBH uttrykker det.

Borgarleg sjarm

Dette er eit problem. Ikkje fordi EBH tar feil. Men fordi han presenterer sin lesemåte, som tenderer mot å få kunsten til å passa inn i borgarskapets diskrete sjarme, som meir «rett», og i tillegg som metodisk og teoretisk meir «open» enn andre forståingar.

For det er to former for teori som ikkje får innpass i EBHs system.

Det eine er den som er knytt til det kunst-, ide- og realhistoriske, der kunsten blir plassert i ein situasjon, slik at det blir mogleg å forstå kva punkt i den pågåande kulturelle samtalen – «diskursen» – ein er i når orda fell. I og med dette fråværet blir det uråd å forstå kva kunsten seier, i det ein kan kalla ein hermeneutisk analyse. Sidan dette punktet manglar, blir det dessutan uråd å gjera ein kritisk analyse, der ein forsøker å nytta «mistankens hermeneutikk» til å lesa teksten «mot håra» for å undersøka kva det eigentleg er som står på spel.

Sterke teoriar

Det andre er fanga inn i denne formuleringa frå EBHs introduksjonsbok: «Teori er ikke bruk av ideer på tekster, men refleksjon over hva det vil si å handle empirisk, metodisk og teoretisk i det litteraturvitenskapelige feltet.»

Dette kan ein faktisk oppfatta som ei avvising av teori i det heile. Men hovudpoenget her er at det i denne til synes uskyldige formuleringa ligg ei avvising av «sterke teoriar», det vil seia teoriar som gjev påfallande resultat, som fører litteraturforståinga ut av det common sense-aktige og ålmene.

Slike teoriar, anten dei er utforma av Foucault, Habermas, Bourdieu eller andre, er ofte – men ikkje alltid – samfunnskritiske. Og desse analysemodellane er det altså EBHs opne system ikkje omfattar.

Men det er ikkje slik at eg bare vil ha slike sterke teoriar. Poenget er at eg vil ha dei òg. I dag kan ein til dømes sjå at Jon Severud i Ubehaget i skolen nyttar eit marxistisk perspektiv, utan at dette gjer han til marxist, men fordi dette er eit analytisk reiskap han ser nytte i der og då. Og slik må det etter mitt syn vera, både med marxismen og andre analytiske verkty. Personleg vil eg til dømes nytta Jung til å lesa Vesaas. Ikkje fordi eg er jungianar, men fordi Jung var framme på den tida Vesaas skreiv, og fordi eg kan sjå stader i forfattarskapen der Jungs teoriar kan opna opp for forståing.

Dialogisk

Eller, for å nytta et visst dikt av Vold som døme:

– kriveligheten
sier du, kriveligheten
er mye kriveligere
enn virkeligheten, syns

du ikke? Jo, det er vel
så, svarer jeg, men
virkeligheten
er nå virkeligere

da. Du sier: hva
hjelper det
mot kriveligheten, så
krivelig som den er

Det er ikkje, som EBH synest å meina, slik at ein må velga mellom å stå på parti med den eine eller den andre av dei to i denne dialogen. For det er nemleg ein dialog, dette her. Og det gjer at ein kan ta utgangspunkt i Mikhail Bakhtins teori om den dialogiske romanen, og seia at dette diktet presenterer to personar som har innbyrdes motstridande normer. Virkelighet versus krivelighet. 60-talsradikalisme versus borgarleg småsnakk. Om ein oppfattar diktet slik, vil det på same måte som dei dialogiske romanane vera ei utfordring i høve til den vestlege, hierarkiske tenkinga. Det presenterer oss for A og ikkje-A på ein gong. Og gjennom ei slik lesing, basert på ein sterk teori, er ein tilbake ved det kritiske att, ved det som utfordrar etablerte tenkemåtar. For gjennom si dialogiske form blir diktet demokratisk, på ein heilt ny måte.

Ikkje open

Samstundes som ein med utgangspunkt i «mistankens hermeneutikk» nok likevel kan seia at diktet er monologisk, at det etablerer ein tilsynelatande dialog der det likevel ligg i korta at ein skal komma ned på 60-talsradikalismens, på språk- og maktkritikkens side. For å opna opp språkets hierarkiske struktur på denne måten, under Vietnamkrigen, året etter studentopprøret, og med vekt på motsetnaden overflate/overflate i staden for overflate/kjensledjup, er noko anna enn å invitera til å oppfatta diktet som «en autonom, selvrefererende gjenstand».

Eg talar altså for ein litteraturvitskap som er open både mot sterke og svake teoriar, det vil seia både mot dei analysane EBH er for og dei han er mot. Og dette er ikkje bare ein motsetnad mellom mitt og hans syn. Det er ein motsetnad mellom hans syn og store delar av det teoretiske apparatet som står til rådvelde når ein skal arbeida med litteratur. Store delar som er utelatne i EBHs framstilling, eller presenterte saman med ei åtvaring, eller vidareformidla som «svake» teoriar, slik at det kulturkritiske potensialet er tapt. Samstundes som han altså får lesarane av innføringsboka si til å tru at han er open. Det er det som er problemet.

 

Innhold 4 2003

Aschehougs hovedside

 

SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL