TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL

 










Innhold 4 2003

 

Kjartan Fløgstad

Kvite flekkar, svart historie

 

 

«Nasjonalisme er ein doktrine som blei oppfunnen i Europa i førstninga av det nittande hundreåret.» I løpet av dei fire tiåra som har gått etter at den blei formulert, har denne læresetninga fått breitt gjennomslag i akademiske miljø, som eit postmoderne dogme på linje med at «Arbeidssamfunnet har avgått ved døden» og liknande godtkjøpssanningar, skriv Kjartan Fløgstad.

[1]
Skrivekunstakademi skaper skriveakademikunst. Forfattaren Adam Hochschild underviser i skrivekunst ved University of California i Berkeley, og det viser. Her er ein forfattar som kan kunsten. Prosaen i King Leopold's Ghost duvar og glid som ein blankpolert luksuslimousin gjennom hugen til lesaren. Eller som ein saumlaus Hollywood-produksjon, utan språklege og fortelletekniske mislydar av noko slag. Heltar og skurkar er klårt og tydeleg teikna, og alle får sin fortente bekomst, om ikkje i det hinsidige, så i Hochschilds velsmurde tekstmaskin.

Helt står mot skurk, rettferdige mot urettferdige, og David sigrar over Goliat så det er ein fryd og ein sann svir å lesa. Undertittelen er «Ei soge om grådigskap, skrekkvelde og heltemot i kolonitidas Afrika». Skrekkveldet er den belgiske kong Leopold 2.s private tropekoloni, seinare kalla «belgisk» Kongo. Bak denne skrivebordsforbrytaren, som aldri sette sine bein i Afrika, for ikkje å seia i Kongo, figurerer ei lang rolleliste med handgangne menn, frå den mytomane oppdagaren Henry Morton Stanley til kaptein Léon Rom i okkupasjonsstyrken Force Publique. Som den første i ei rekke av verdige kandidatar utnemner Hochschild kaptein Rom til modell for Mr. Kurtz i Conrads Heart of Darkness og Coppolas Apocalypse Now. Rom har med andre ord æra av å vera forbildet for den mest illgjetne litterære forbrytaren i det forrige hundreåret. Hans private samling av afrikanske hovudskallar kan stå som eit makabert symbol på dei mange – kanskje ti millionar – ofra for Leopold 2. av Belgias kongelege afrikanske slaveleir.

For heltemotet med å avsløra det kongelege afrikanske skrekkveldet står eit mindre persongalleri med den engelske forretningsmannen Edmund Dene Morel og den britiske diplomaten og irske nasjonalisten og politikaren Roger Casement i spissen. Kampen desse to fører – og vinn – mot kongeleg slavedrift og folkemord er skildra med suveren kontroll over fortellekunstens reglar og grep, som personifisert høg moral, motgang, triumf, og endeleg nederlag. Inn i det store historiske dramaet flettar det seg personlege tragediar, både for rettferdige og urettferdige. Det kongelege belgiske familielivet var ein skandale. På den andre sida blei Roger Casement avretta for høgforræderi i London den 3. august 1916, medan hans gamle ven og kampfelle Morel året etter fekk ein dom på seks månaders tvangsarbeid for antikrigsaktivitetar. Samstundes levde Léon Rom og mange av dei andre kongolesiske valdsmennene i sutlaus velstand som velakta funksjonærar i Kongo-adminstrasjonens standsmessige lokale i rue Bréderode mellom Palace du Roi og Egmontpalasset i Brussel, der dei innimellom andre gjeremål også fekk tid til å skriva bramfrie livsminne om sine rike år i den kongolesiske fristaten.

Belgisk Kongo fekk, som det heiter, sjølvstende i 1960. Ved Romatraktaten tre år tidlegare var den europeiske fellesmarknaden EEC oppretta med hovudsete for den mektige Kommisjonen i Brussel. Nye, men ikkje altfor ulike arbeidsoppgåver og stillingar venta på dyktige embetsmenn med lang røynsle frå koloniadministrasjon.

[2]
«Nationalism is a doctrine invented in Europe at the beginning of the nineteenth century.» Slik lyder den vidgjetne første setninga i ei bok som kom ut i London i 1960. Boka heiter Nationalism og forfattaren er Elie Kedourie, ein naturalisert engelskmann med bakgrunn som irakisk jøde frå Bagdad.

«Nasjonalisme er ein doktrine som blei oppfunnen i Europa i førstninga av det nittande hundreåret.» I løpet av dei fire tiåra som har gått etter at den blei formulert, har denne læresetninga fått breitt gjennomslag i akademiske miljø, som eit postmoderne dogme på linje med at «Arbeidssamfunnet har avgått ved døden» og liknande godtkjøpssanningar.

Mindre kjent er det at hos Kedourie heng avvisinga av nasjonalismen saman med eit sterkt forsvar for imperialisme og kolonistyre. Kedourie meiner beint fram at koloniseringa stort sett har vore til velsigning for dei koloniserte, ja, i den grad at det verste utslaget av vestleg imperialisme, det som har ført til størst ulukke for dei gamle koloniane, er innføringa av den vestlege, les: tyske, tanken om nasjonal frigjering og sjølvstyre.

Etter at liknande idear i mange år knapt har vore presentable, kan det sjå ut som om klassisk kolonialisme er i ferd med å få ein renessanse, både i offisiell amerikansk utanrikspolitikk og i norsk debatt, gjennom framlegg om nykolonialisering som ei løysing på Afrikas politiske vanskar. Ikkje minst denne dimensjonen gjer Kedouries diskusjon av nasjonalismen særleg aktuell i dag. Spørsmålet er om ein må godta heile Kedouries argument, og ikkje berre halvparten. Eller sagt på ein annan måte: Kan ein i den globaliserte tidsalderen vera antinasjonalist utan å bli fanatisk amerikansk nasjonalist?

Sjølv om det klassiske forsvaret for kolonialismen som system er skrive av ein naturalisert engelskmann med minoritetsbakgrunn frå Midt-Austen, er Kedourie paradoksalt nok kritisert for eurosentrisme. Nasjonalisme kan vera så mangt. Offisiell nasjonalisme voks fram som eit reaksjonært svar på nasjonalismen nedanfrå, den som utfordra kolonimakter og lokale aristokrati. I Imagined Communities frå 1991 viser Benedict Anderson at den første nasjonalismen langt frå er ei oppfinning av Herder og den tyske romantikken på seint 1800- og tidleg 1900-tal. Tvert om kjem nasjonalismen frå det Anderson kallar «creole pioneers» i dei europeiske koloniane i Amerika, så vel i det anglosaksiske nord som i det latinske sør. Nasjonalismen er med andre ord meir eit barn av vestleg liberalisme og frigjeringsideologi enn av kontinental romantisme og opphavstenking.

Heller ikkje hos Adam Hochschild er det tilsynelatande mulig å finna støtte for ideen om kolonistyret som ein lykkeleg og frigjort tilstand. På den andre sida er King Leopold's Ghost fortald på ein måte som gjer at lesaren kan fristast til å skilja mellom den dårlege og private koloniseringa til kong Leopold, og det statlege og om ikkje gode, så moralsk forsvarlege kolonistyret til England og Frankrike. Ein slik distinksjon er ikkje mulig i den neste boka som her skal omtalast.

[3]
Mike Davis er best kjend som byforskar og forfattar av Los Angeles-boka City of Quartz. Han er redaksjonsmedlem i det London-baserte tidsskriftet New Left Review og bur i Papa'aloa på Hawaii. Siste boka hans kom ut i London i 2001 under tittelen Late Victorian Holocausts, undertittelen «El Niño Famines and the Making of the Third World» understrekar at dette er eit stort og ambisiøst verk. Samanlikna med Adam Hochschilds virtuose og lettflytande fortellekunst er det også ein hard pakke (på bortimot 500 sider) av kunnskap og indignasjon Davis leverer, til dels knudrete skrive og med sterke innslag av statistikk og diagram.

Temaet er samanhengen mellom meteorologi, kapitalisme og hungersnaud. Spørsmålet om korleis tørke og nedbør heng saman med skifte i dei viktigaste tropiske klimasonene var eit av store vitskaplege mysteria i det nittande hundreåret. Det avgjerande teoretiske gjennombrotet kom først på 1960-talet, då Jacob Bjerknes ved University of California for første gong var i stand til å visa at det ekvatoriale Stillehavet saman med passatane var ei slags global varmepumpe som påvirka nedbørsmengder overalt i tropane og til og med i tempererte strøk. Bjerknes junior var son av Vilhelm Bjerknes, og dermed direkte knytta til Bergensskulen og opphavet til den fysikkbaserte dynamiske meteorologien og moderne vêrvarsling i det heile.

Rask oppvarming i den austlege delen av det tropiske Stillehavet (som blir kalla El Niño-fenomenet), har til dømes samanheng med svekka monsunvindar og tilsvarande tørke over store område i Asia, Afrika og den nordaustlege delen av Sør-Amerika. Når det austlege Stillehavet er kaldare enn vanleg, får ein det motsette mønsteret (som blir kalla La Niña), og unormalt stor nedbør og flaum i dei same «fjerntilknytta» områda. Heile denne veldige bølga av luftmassar og havtemperaturar som også strekkjer seg like inn i Det indiske havet, er det som til saman blir kalla «El Niño-Southern Oscillation»: El Niño-Sørleg pendelrørsle.

Dårleg vêr eller dårleg økonomisk system? Det er spørsmålet Mike Davis stiller seg i denne boka. Utgangspunktet er nye forskingsresultat (Bairoch, Maddison) som viser at på 1700-talet var skilnadene i velstand og inntekter mellom dei store sivilisasjonane relativt små: «Det er svært sannsynleg at den gjennomsnittlege levestandarden i Europa midt i det attande hundreåret var eit lite hakk lågare enn i resten av verda». Funn frå India tyder på at i same tidsrom tente sørindiske arbeidsfolk betre og levde i større økonomiske tryggleik enn kollegane på dei britiske øyane. I år 1900 var gjennomsnittsinntekta til ein britisk familie derimot blitt 21 gonger så stor. Rundt år 1700 kunne Timbuktu og Oxford samanliknast som to likeverdige kosmopolitiske lærdomssenter. To hundre år seinare var det ein avgrunn dei imellom. I dag tenker mange brasilianarar på landet sitt som eit slags Belindia, det vil seia Belgia i sør, India i nord. Men rundt 1870 var både livskvalitet og økonomisk nivå i nordaust heilt på høgde med, om ikkje høgare enn i sørvest. Den japanske økonomen Eisuke Sakakibara summerer det opp slik (International Herald Tribune 5.2.03): «I førstninga av det nittande hundreåret var Kina den leiande økonomiske stormakta, medan India ikkje låg langt bak. Ein reknar at Kina sto for bortimot 29 prosent av verdsproduksjonen i 1820, og India for 16 prosent.»

Boka til Davis handlar med andre ord ikkje om ahistoriske «svoltområde», men om historia til menneska i tropane i det spesielle tidsrommet mellom 1870 og 1914, då arbeidet og produkta deira på dynamisk vis blei innskrivne i ein verdsøkonomi med London som sentrum. Millionar av menneske døydde, ikkje fordi dei fall utanfor «det moderne verdssystemet», men tvert om fordi dei var i ferd å bli pressa inn i dei økonomiske og politiske strukturane til dette systemet. Utanom Kongo er det mest opprørande dømet sannsynlegvis krigane britiske narkobaronar førte for å tvinga opium på det kinesiske folket. Men opiumskrigen var berre eit ekstremt utslag av den normale kolonipolitikken som samla fekk katastrofale følger for livet til folk i tropane. Dette «koloniale folkemordet» kosta truleg 60 millionar bønder i Asia, Latin-Amerika og Afrika livet. «Dei døydde i gullalderen til den liberale kapitalismen: verkeleg, mange blei myrda, som vi skal sjå, av den teologiske bruken av dei heilage læresetningane til Smith, Bentham og Mill.» I global samanheng virka liberal kapitalisme som ein gigantisk drapsmaskin.

Utan tvil førte kolonialisering og industrialisering både til større sosial mobilitet og auka muligheter for transport av varer. Men nettopp utbygginga av jernbanen og overgangen til monokulturar i landbruket gjorde at temperaturendringar og tørkeperiodar resulterte i svoltkatastrofar av heilt nytt omfang. Verdsmarknaden tvinga dei tropiske fattigbøndene endå lenger ned på kne. Dei få indiske bøndene som fekk engelsk matvarehjelp under svoltkatastrofen på 1880-talet, fekk litt mindre enn det som var dagleg rasjon i Buchenwald i 1944. Moderniseringa av infrastrukturen i koloniane gjorde lokalsamfunna meir sårbare for tørke og svolt, slik den «irske løysinga» alt hadde utarma og erobra landsbygda i eit engelsk nærområde. Britane konsoliderte styret sitt i India ved å overføra kontroll over strategiske ressursar som reint vatn, dyrefôr, bygningsmateriale av tre og leire frå landsbysamfunnet til staten. Det både koloniadministratorar og misjonærar, saman med innfødde oligarki, såg på som eldgamle og tilbakeliggande samfunnsformer, var i staden typisk moderne strukturar av formell eller uformell imperialisme.

I kombinasjon med det økonomiske verdssystemet har El Niño med andre ord forma særlege «hungerklima» i India, Indonesia, Nord-Kina, det sørlege Afrika og Nordaust-Brasil. Klimasjokk og tilhøyrande avlingssvikt blei omskapte til prissjokk som gjekk kloden rundt like hurtig som telegrafsignala børsane imellom. I staden for å avhjelpa følgene av klimaendringane, oppsto det overraskande nok eit perverst samsvar mellom modernisering og dødelighet.

Svaret på spørsmålet til Mike Davis er altså dårleg klima og dårleg system. Rettare sagt: Den koloniale omskapinga av produksjonssystemet endra måten dei klimatiske faktorane slo ut på, og til det verre. For folk i tropane førte den kapitalistiske moderniseringa til modernisering av fattigdom og industrialisering av naud og utbytting. Mike Davis si bok handlar om opphavet til og skapinga av Den tredje verda, som blei styrta ned i fattigdom i kapitalismens gullalder. Kong Leopolds Kongo var berre eit ekstremt uttrykk for den same politikken som også førte til folkemord andre stader.

[4]
Manns minne når lenger enn eit menneskeliv. I 1970, det året eg blei innvotert, hadde Den norske Forfatterforening også eit medlem ved namn Fredrik Parelius. Fødd i 1879 hadde Parelius eit mangslunge forfattarskap og eit endå meir fargerikt liv bak seg. Romanar som Agny (1919, debut) og Bastarden frå 1922 blir rekna som klassiske oppvekstskildringar frå gamle Kristiania. Parelius voks opp med ti par pleieforeldre, etter det han sjølv seier «fordi min mor altså var en prostituert i Vika. Hun oppsøkte meg av og til, men ikke ofte», legg han til. «Hun hadde visst mer enn nok å gjøre på de steder hun arbeidet.» Til gjengjeld for sine fråverande foreldre seier Fredrik Parelius at han hadde 16 koner, og slett ikkje 17, som avisene ville ha det til!

I tillegg, og ikkje minst, hadde Parelius eit godt hovud, og stor appetitt på livet. Etter først å ha blitt rik på Kristiania-boomen rundt hundreårsskiftet, tok han krigsskulen i 1901 og blei juridisk kandidat i 1904. Frå 1906 tenestegjorde han som offiser i Kongo-statens Force Publique, eit system han sjølv kallar 'voldscivilisationens dampveivalse'. Parelius var med andre ord kollega av Léon Rom og dei andre modellane for Kurtz i Mørkets hjarte.

Skildringane frå livet som globetrotter i 40 land og kolonitenestemann i Kongo gav Parelius ut i fleire band, Min sorte legende i 1919, Urskogens fredløse i 1921, Trope i 1929 og Gale faktorer i 1942. Dette er sterkt poetiserte og litterariserte tekstar, som fekk både Parelius sjølv og mange lesarar til å tenka på bøkene til Joseph Conrad. Som vitnemål frå livet i Belgisk Kongo har dei truleg større litterær enn dokumentarisk verdi. Men her og der, som i Trope dukkar det opp slike setningar:

Jeg er ikke sterk for tiden, og jeg har drukket mye palmevin. Så jeg kommer i skrytende stemning: Her er jeg hersker over tusener av sjele. Makt! Det er at eget sinn trenger som en dirrende kile inn i andres sinn. Og her jeg går er jeg loven og livet …

På sine eldre dagar budde Parelius sentralt i Oslo, i Parkvegen bak Slottet, eller rettare sagt Inkognitogata 15, øverste etasje, med utsyn mot morgonsola over Oslo og med tropesola i Afrika fjernt i minnet. Her får den gamle vitjing av sin yngre kollega Gunnar Bull Gundersen. Slik Gunnar Bull fortel om dette i Forfatternes litteraturhistorie, band 3, blir han straks invitert i nittiårsdag på Blom, fordi ein av gjestene har meldt avbod: jubilanten sjølv. Festen går av stabelen med styret i Forfattarforeininga og ein god del andre som gjester. 90-årsbarnet sjølv sit heime i Inkognitogata. «Og vi gjorde ham glad med en regning av de aller største», fortel Bull Gundersen, som bankar på neste dag for å levera rekninga.

Samtalen mellom den gamle og den yngre kollegaen held fram. Dei snakkar om den høge marssola i vindauga, og Parelius, som døyr året etter, sit og filosoferer. Slik:

– Christiania er en stillferdig og vakker by å få sin alderdom i. Men aller mest kommer jeg til å savne solen.
– Savne?
– Ja, der jeg kommer, om jeg kommer noe sted, – morgensolen her gjennom disse vinduene og tropesolen i Afrika. Det er vel det som er døden, tenker jeg, savnet av solen. Men den over Kongo kan være i meste laget, den vil jeg ikke alltid savne.
– Hva gjorde du der? Tjente de belgiske koloniherrer?
– For så vidt …
– Hva ellers?
– Å – jeg gjorde så mye rart –
– Som hva?
– Dommer, magistrat, guvernør, statsadvokat, skifterett, vergeråd for de innfødte. Med andre ord, stor makt.
– Som du ikke brukte?
– Brukte og brukte …
– Tenker du aldri på det nå mer – den politiske side av saken?
– Det var bare ikke sånn den gang. Man tok jobbene som var å få, siden fikk man være så menneskelig man ville, eller kunne.

[5]
I tillegg til Hochschilds bestseljar var Fristaten Kongo også emne for to andre bøker på norsk i 2002, begge utgivne utanfor den etablerte forlagsindustrien. Kongelig slaveleir er norsk utgåve av Edmund Morels Red Rubber frå 1906, omsett og med fyldige kommentarar av utgivaren Syphilia Morgenstierne, som ikkje minst viser kloa si i bibliografien, der Henry Morton Stanleys hovudverk sikkert fullt fortent blir kalla «Skrøner fra psykopat som ble alle gutters forbilde i sin tid». Dessutan gir Morgenstierne utfyllande opplysningar om kongostatens nordmenn, gjengir brev heim, og ajourfører kolonihistoria fram til mordet på Patrice Lumumba i 1961.

Redigert av Kirsten Alsaker Kjerland og Anne K. Bang gav Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke i Bergen i 2002 ut artikkelsamlinga Nordmenn i Afrika – Afrikanere i Norge. Her er både Fredrik Parelius og andre slitesterke Kongo-veteranar med. Ikkje minst pelotongsjef og forlikskommissær mmm. Albert Joleik, som var i Kongo på same tid som Parelius, frå 1905 og tre år framover, og må ha hatt same type arbeidsoppgåver som dei andre kolonioffiserane. Joleik kom attende til fedrelandet like heil, med urokkeleg pågangsmot, og med sonen Olav, som var fødd i Kongo i 1907. Mora heitte Wanga og var visstnok dotter av ein etiopisk embetsmann. Heime i Norge levde Joleik eit langt liv som bladmann, lokalhistorikar og målstrevar. Alderen såg ikkje ut til å bita på han. Men etter nokre spretne rheinlendarar i bondeungdomslaget Gimle i Bergen i 1968 merka den då 88 år gamle Joleik at han kjende seg noko svimmel. Legen fann et blodprosenten hans var på 50. – Dei hev funne ut at eg er halvblods, sa Joleik, og døydde kort tid etter.

Nordmenn i Afrika inneheld både denne anekdoten og liknande forteljingar om mange andre afrikafararar. Fagmessige notar og kjeldeopplysningar manglar ikkje, men det må kunna seiast at stilen er meir fargerikt skildrande enn strengt moraliserande, og slett ikkje overteoretisert. Her er mykje forvitneleg stoff, om Herlofsons negerslave i Arendal, om misjonærsettlarane i Sør-Afrika, om dommar Hansson i Egypt, og om Ian Smith i Kristiansand. Det er spennande å få vita kor sterkt ei norsk kvinne har opplevd «det fantastiske og magiske Kenya». Samstundes er det kanskje eit refleksjonsnivå som manglar, når ein vidare kan lesa om «Sonni Krag: Hustru, mor, forfatter og storviltjeger» at «Sonni forlot landet i 1962. Hun hadde fått oppleve det beste av Afrika – nå var det på tide å reise.»

Det beste av Afrika var det kvite settlarstyret?

Til saman 1500 skandinavar var med på koloniseringa av Fristaten Kongo, av desse var det bortimot 100 nordmenn som gjorde teneste i kong Leopolds rike. Femti nordmenn mista livet. Legen Inge Heiberg, bror til Gunnar, Kristiania-bohem og ulykkeleg forelska i Bokken Lasson, levde 19 år i Kongo og var koloniens medisinaldirektør før han blei sjuk og vende heim og døde i 1920. Frå to års dommargjerning i Kongo vende også Karl Johanssen heim til ein framgangsrik karriere som utanriksjournalist og kommentator. Trass i alle spaltemeter i avisene og sendeflatar i radio nemnde Johanssen aldri eitt ord om røynslene sine som førsteinstansdommar i Kongo. Morgenstierne opnar for å tolka både denne togna og Johanssens legendariske alkoholisme som talande uttrykk for at kolonilivet var tunge minne å leva med.

Heiberg reiste ut i 1898, då «Fristaten» framleis var under etablering. Parelius, Joleik og Johanssen kom nokre år seinare. Men Kongo var framleis Kong Leopolds private eigedom heilt fram til 1908, då han selde kolonien til den belgiske staten. Espen Wæhle, som har skrive kapitlet «Monganga Makazzi, Judchi og andre nordmenn under Kongo-stjernen 1885–1918» formulerer seg heilgardert på denne måten:

I det store og det hele hørte de verste overgrepene, eller «negerplageriene», som Aftenposten kalte det, fortiden til da Heiberg og Parelius ankom til Kongo. Det er sannsynlig at også noen norske offiserer hadde det egentlige ansvaret for hva som foregikk. Det samme kan være tilfellet for dem som var ansatt i de private selskapene. Men de var underlagt streng taushetsplikt. Derfor er det ikke mulig å vite om nordmennene har tidd i hjel grusomheter som de hadde ansvaret for, eller om de rett og slett ikke var involvert.

[6]
Etter statssosialismens implosjon har lokale variantar av Le livre noir du communisme dukka opp i mange land. I Norden er det nok å tenka på Per Ahlmark i Sverige og Bent Jensen i Danmark. (Det fortel mykje om dei ideologiske konjunkturane i dagens Danmark at då lesarane av Weekendavisen skulle kåra den beste boka frå 2002, gjekk sigeren til Bent Jensens GULag og glemsel. Gjennom mange år har Weekendavisen legitimert antikommunisme og framandfrykt som akseptable haldningar i den danske intelligensia: Med Fogh og Kjærgaard ser ein følgene i praktisk politikk. Her skal både den norske Weekendavisen, altså Morgenbladet, og den norske politiske høgresida ha honnør for ikkje å ha innleda posthume antisosialistiske felttog).

Hos forfattarar som Ahlmark og Jensen blir meir og mindre seriøs forsking og statistikk kombinert med svært seriøs politisk nymccarthyisme. Mykje av dette er velkjent og omdiskutert stoff frå forfattarar som Conquest, Nove, Naumov og Getty. Same kva ein meiner om dei ulike ideologiske tendensane, dei moralske strafferundane og dei statistiske overdrivingane, er mange av kjensgjerningane for lengst vel etablerte og ikkje til å komma ifrå. Talrike og grufulle brotsverk er gjort i sosialismens namn, og det i eit omfang som nesten kan måla seg med folkemorda som kapitalismen og kristendommen er historisk ansvarlege for. (Og som held fram: Overslag over døde menn, kvinner og barn i den engelsk-amerikanske luftkrigen mot Irak, fram til år 2000, varierer mellom fem hundre tusen og ein million, noko som gjer det til «one of the largest mass killings in the past quarter century» ifølge Tariq Ali i New Left Review i september 2000. Ikkje minst USA har gode grunnar for å unngå den internasjonale domstolen i Haag).

Midt i all sin narrative briljans tilbyr Hochschilds bok om kong Leopold ein semiotisk maskin som gjer det mulig å ta eit oppgjer med kapitalismens brotsverk utan å kritisera kapitalismen. Kong Leopold var unntaket, ikkje regelen. Belgisk Kongo låg utanfor hovudstraumen for kapitalistisk kolonisering. Leopold var eksentrisk utlending, som snakka og tenkte rart. Begge heltane i Hochschilds bok er engelsktalande britiske statsborgarar. Deira innsats i britisk og amerikansk opinion var avgjerande for å få slutt på det kongelege skrekkveldet i Kongo. Det er lett å forstå at nettopp denne boka har blitt ein internasjonal bestseljar, og også har komme i norsk utgåve.

I 2002 gav forlaget Robert Laffont i Frankrike ut ein oppfølgar til Svartboka om kommunismen. Historikaren Marc Ferro redigerte Le livre noir du colonialisme XVI-XXIe siècle. De l'extermination à la repentance til eit omfattande verk på 850 sider, med bidrag frå eit tjuetals historikarar, sosiologar og etnologar, og med særleg vekt på den franske sida av saka.

Med Victorian Holocausts har Mike Davis skrive sin variant av kapitalismens svarte bok. Men han er ingen revansjist av typen Ahlmark i Sverige eller Jensen i Danmark, eller Hagtvet i Norge. Er Vestens intellektuelle kollektivt ansvarlege for Afrikas tragedie under kapitalismen? (Kvar var Ibsen, kvar var Bjørnson osv., osv?) Svaret er nei, men svaret er at ingen er skuldlause, uansett kva slags samfunnssystem og vegar til modernisering ein har sympatisert med eller arbeidd for. Eller nytt fruktene av.

Grupperingar som AKP (m-l) i Norge var ein pest og ei plage, både på grunn av det dei meinte, og måten dei meinte det på. Få har gjort meir for å skjemma ut samfunnskritikken og strevet for sosial rettferd. Men det er historie, i dag er m-l-rørsla ubetydeleg, og mange akåpistar har vist i ord og gjerning at dei har komme på betre tankar. Medan AKP verkeleg blir stilt til ansvar, har det offisielle Norge i mindre grad blitt konfrontert med si eiga rolle i støttearbeidet for Raude Khmer. Kanskje det kunne vera ein idé å senda Willoch, Bondevik, Harlem Brundtland og statsråd Dørum til Phnom Penh saman med Pål Steigan? Og med Hartvig Sætra som ein meir merittert reiseledar enn t.d. professor Hagtvet. Redaktørforeninga og presseforbundet burde truleg også tildelast ein plass i delegasjonen. Så kunne alle gode krefter endeleg semjast om å gi Nobels fredspris til den vietnamesiske regjeringa, for den humanitære innsatsen som gjorde slutt på folkemordet til Raude Khmer.

Joseph Conrads roman om kolonialismen handlar om ei reise oppover Kongo-floden mot Mørkets hjarte. For oss i det rike nord er det betryggande at mørkret og vondskapen finst ein annan stad, svært langt borte. Det bøkene til Mike Davis, Adam Hochschild, Kirsten Alsaker Kjerland, Anne K. Bang og Syphilia Morgenstierne på ulikt vis fortel, er at mørkets hjarte ikkje berre finst i det svarte Afrika. Men i det kvite Europa. Men i Wall Street. Men i Akersgatene. Men i Egmontpalassa. Men i oss sjølve.

Litteratur
Davis, Mike: Late Victorian Holocausts. El Niño Famines and the Making of the Third World, Verso, London/New York 2001
Hochschild, Adam: King Leopold's Ghost. A Story of Greed, Terror and Heroism in Colonial Africa, Houghton Mifflin, New York 1999 (norsk utgåve: Kong Leopolds arv. En beretning om grådighet, forferdelser og heroisme i det koloniale Afrika, omsett av Mie Hidle, Pax, Oslo 2002)
Kjerland, Kirsten Alsaker og Anne K. Bang: Nordmenn i Afrika – Afrikanere i Norge, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke, Bergen 2002
Morel, Edmund D.: Kongelig slaveleir. Historien om et terrorregime, ved Syphilia Morgenstierne, Fritt og Vilt, Nesbru 2002

 

Innhold 4 2003

Aschehougs hovedside

 

SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL