TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL

 







E-post til Samtiden

Innhold 4 2001

 

Jon Erik Hagen

Norskfaget som stengsel – og opning

 

 

I sin elles innsiktsfulle artikkel "Norskfagets forfall og fall" i Samtiden 3/2001, bruker Trond Andreassen og Kjell Lars Berge ordet "vitenskapsflinkhet" om eit trekk i nordiskstudiet ved universitet og høgskolar som dei ser på som uønskt. Eg forstår det slik at Andreassen og Berge meiner at moderniseringa av dei språklege vitskapsdisiplinane i faget dei siste åra, ikkje er relevante i den typen moderne studiefag dei ser for seg i framtida. Eg vil i den samanheng knyte nokre merknader til språksida i nordiskfaget.

Ein får likevel tru at Andreassen og Berge meiner at studiet bør og skal vere fundert på vitskapleg innsikt. Det kjem i alle høve til uttrykk i visjonen deira om eit alternativt nordiskfag. Og det er mykje godt å seie om deira kritikk av nasjonsbyggingsideologien – som eg er samd i er eit stengsel. Denne ideologien har lege som ei klam hand over faget i altfor mange år.

Vitskapleggjeringa har sprengt ideologien

Det eg ikkje er samd i, er at den vitskaplege utviklinga i dei einskilde vitskapsdisiplinane som nordiskfaget byggjer på, er eit problem for framtida. Det er snarare utviklinga i språkemna som vitskapsdisiplinar som framfor alt har bidrege til å sprengje den nasjonsbyggingsideologien som tradisjonelt har bore studiefaget -- og som Andreassen og Berge med rette kritiserer. Fagutviklinga har gjort det mogleg å studere nordisk språk i breiaste forstand med teoretiske modellar, omgrep og analytiske prosedyrar som er utvikla til dels utanfor Norden og til og med utan nordisk språk som primært studieobjekt.

Det har hatt fleire gode verknader: For det første har ein kunna generalisere resultata av studiet av nordisk språk i høve til studiet av menneskelege språk i det heile. Difor har det vorte mogleg å sjå nordisk i ein djupare, breiare og meir allmenn samanheng. Og ikkje minst har det blitt mogleg å etterprøve allmenne teoriar om lingvistikk, sosiolingvistikk, tekstlingvistikk etc. med nordiskspråkleg tilfang. For det andre gjer det at vi då faktisk lettare kan sjå særnordiske og særnorske fenomen, fordi dei kjem i klårare relieff til det vi elles veit om menneskelege språk. For ein som steller med norsk som andrespråk, som eg gjer, er dette særs tydeleg.

Utanlandske impulsar har såleis verka moderniserande og vitaliserande på alle språkdisiplinane i faget. I dei sosiolingvistiske emna som inngår i grunnfagsstudiet i Bergen, er dette heilt tydeleg. Tidlegare var sosiolingvistikken den mest stagnerte og tilstivna av språkdisiplinane, no er den no vorten ein av dei mest vitale, ein av dei mest utoverretta og spennande. Det pensum vi tilbyr i dag, er djupare og breiare i sin perspektivrikdom og betre teoretisk forankra enn det eg las i mi studietid. Diverre ser Andreassen og Berge ut til å meine at denne disiplinen ikkje er relevant i det ideelle nordiskfaget dei førestiller seg for framtida, av di dei meiner at det framtidige nordiskstudium skal innsnevrast til "tekststudium".

Det er ikkje dei moderne impulsane som er problemet for studiefaget nordisk, spesielt på grunnfagsnivå, men at det er for lite rom for dei innafor ei trang grunnfagsramme. Valfridomen i det nye nordiskfaget ved Universitetet i Bergen tar sikte på å skape det rom som trengst for å bevare det vitskaplege ankerfestet for studiet av norsk språk i dag. Vi meiner dette har ein heilt sentral eigenverdi.

Eit felt, ikkje eit fag lenger

Og her trur eg vi må respektere at ulike studentar vil ha ulike fokus i studiet sitt. Og "tekst", som Andreassen og Berge gjer til eit hovudomgrep, er eitt mogleg fokus i så måte. Ein lyt vedgå at faget som noko einskapleg langt på veg er avskaffa, utan at det treng vera noko stort problem. Det fagideologiske fundament som tradisjonelt har halde disiplinane saman i eitt og same studiefag, manglar i vår tid. Dette fordi studiefaget som resultat av ei vital og spennande utvikling i vitskapsfaga etter kvart har vorte eit heterogent felt snarare enn eit homogent fag – av den enkle grunn at menneskeleg språk er eit så mangfaldig fenomen.

Det gamle nasjonsbyggingsparadigmet er stein daudt. Spørsmålet er: Kva skal kome i staden og kvifor? Ein kan nedleggje heile faget som institusjon. Prinsipielt kan det vere ei løysing som iallfall eg ikkje er framand for å diskutere. Om så skjer, er det i alle høve éin ting vi kan vere trygge på, og det er at dei vitskapsfaga som inngår i det noverande nordiskfeltet, både dei språklege og dei litterære emna, vil bli intenst utforska også i framtida. Dei eksisterande institutta for allmenn litteratur og allmenn lingvistikk, kanskje òg dei kulturhistoriske institutta for dei meir historiske emna, vil kunne gjere den jobben på ein fullnøyande måte. Men sjølv trur eg ein slik tanke er urealistisk og heller ikkje ønskjeleg, utan at eg skal gå nærare inn på det her.

Før vi diskuterer kva språkdelen av nordiskfaget skal femne om, er det eitt grunnleggjande spørsmål vi må stille: Kvifor er det viktig at norsk skuleungdom som ledd i allmennutdanninga si får kunnskapar om og i norsk språk? Med adjektivet "viktig" ønskjer eg å fokusere at det ligg visse verdival til grunn for vår utforming av fagplanar i skulen og vår innretting av studiefaget på universitet og høgskular. Det kursiverte spørsmålet kan ha mange svar. Ein type svar går på at vi skal gi dei unge ei nasjonalpatriotisk oppseding, der slike omgrep som "identitet", "røter" og "nasjon" blir viktige, omgrep som i vår globaliserte og multikulturelle tid ikkje er uproblematisk positive.

Korleis språket formar oss

Eg er likevel overtydd om at eit visst mon av etnisk identitetstenking må ha eit rom også i framtida. Men dei to omgrepa "nasjon" og "nasjonalisme" må ikkje forvekslast. Stalins kategorimistak var at han prøvde å avskaffe nasjonalismen i Sovjetunionen ved å avskaffe nasjonane, noko som viste seg både å vere fånyttes og å ha dramatiske verknader. Men at norskfaget bør syne oss korleis vårt språk formar oss og har forma oss som nasjon både i fortid og notid, vil vel alle vere samde om, og at nokre av delmåla for norskfaget i Noreg må definerast langs slike liner også i framtida, tykkjest heilt klårt, under føresetnad at alle snev av etnisk sjåvinisme blir haldne utanfor! Det er ein vesenskilnad mellom dei to transitive relasjonane "forskjellig frå" og "betre enn" …

Men i vår tid er dette etniske sjølvrefleksjonsperspektivet på norsk språk ikkje nok. I den nye studieordninga for nordisk grunnfag ved Universitetet i Bergen er det føreslege ein passus i føremålsparagrafen som er ny samanlikna med den gamle planen, og som dekkjer eit poeng eg trur få vil vere usamde i, men som no er uttrykt klart for første gong:

Målet for nordisk grunnfag er a) å gje studentane kunnskapar i nordisk, særleg norsk, språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn, b) Fordi språket og litteraturen er så nær knytte til opplevinga vår av individuell og sosial identitet, kan studiet også gje viktige impulsar til den personlege utviklinga hos den einskilde studenten, c) Dessutan er norsk språk og norsk litteratur eineståande innfallsportar til forståing av språk og litteratur som allmennmenneskelege fenomen for alle med norsk som morsmål.

Punkta a) og b) stod også i den gamle planen, punkt c) er nytt. Det peikar på at for oss som har norsk som morsmål, har språket norsk både som studie- og skulefag ein funksjon som er heilt annleis enn den som andre språkfag har. For språket vårt er ikkje berre ein perifer regional variant av germansk. Det er også, vel å merke for oss nordmenn, ein viktig innfallsport til forståing av språk som allmennmenneskeleg fenomen. Og dersom vi meiner det er viktig at ungdomen får litt innsikt i dette, er det nett norskfaget som er den mest praktiske inngangen til slik innsikt, iallfall på skulenivå.

Det allmenne i språket

Sjølv om vi godtek at nasjonal identitetsbygging er den viktigaste motiveringa for norskfaget, må vi vere klår over at identiteten vår ikkje berre blir danna av kva som er spesifikt for oss som norske, men også av kva vi har felles med andre folk, det vil seie kva vi er som menneske. Det å tale, skrive og lese norsk er ein av dei utallige måtane ein kan vere eit språkleg aktivt menneske i verda på. For oss er det nett norsk språk som er den viktigaste portalen, eller opninga, til innsikt om dette.

Og det er vi, og berre vi, som kan rapportere til resten av verda om korleis allmenne språklege fenomen er manifestert i vårt språksamfunn, og me som utforskar norsk språk som har norsk som morsmål, har spesielle føresetnader for å fortelje om korleis nettopp vårt språk kan kaste lys over fellesmenneskelege tilhøve. Eg oppfattar faktisk dette som ei heilt sentral internasjonal plikt for oss nordistar.

Kva er då dette allmenne i språket? Svært mykje. Språket er både noko som har med vår tilhøve til andre menneske å gjere, både som kommunikasjonsmiddel og som sosialt konstituerande fenomen på eit mangfald av måtar.

Men språket er ikkje berre noko vi forheld oss til andre med; det er også ein reiskap til handsaming av informasjon, til refleksjon og til stønad for tankeverksemd og kjensletolking. Sambandet mellom språket på den eine sida og tanker og kjensler på hi er komplekst og har grenseflater mot menneskeleg åtferd elles, til dømes læring, tankeverksemd – men også kultur og sivilisasjon.

For at språkopplæringa skal vere tilstrekkeleg allmenndannande, er det viktig at morsmålsopplæringa på alle plan speglar mangfaldet av måtar som språket grip inn i våre liv på. Derfor verkar det synet på morsmålskunnskap som tekstkunnskap som Andreassen og Berge legg opp til, så reint for snevert.

Innhold 4 2001

Aschehougs hovedside

 

SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL