|
![]() ![]() ![]() ![]() |
Innhold
3 2001
Kjartan Fløgstad
Ramma er strengt konspiratorisk. Før møtet går i orden, sikrar dei retretten og ser sine folk an. Til vanleg tar det fleire veker å få i stand eit intervju. Mine kontaktar trur kanskje dei skal kunna klara det på like mange dagar. Men det krev mykje fotarbeid, brå fråvere og lange nattlege utflukter med landrover ut av byen. Medan eg går rundt i hytta og ventar på at Comandante Moisés frå Ejercito Zapatista de Liberación Nacional (EZLN) skal dukka opp, tenker eg tilbake på den nyleg avvikla Kongressen for kultur og utvikling i Havana. Etter å ha site på baken som kongressist i fem dagar og høyrt den kommunistiske møteliturgien kverna fram einstonige klagesongar over "globaliseringa", blir ein sterkt frista til å gjera det motsette: å feira den. Feira den globale triumfen til latinamerikansk litteratur, for eksempel. Og sidan det var på Cuba kongressen fann stad: globaliseringa av latinomusikk, ikkje minst. Og feira gjennombrotet til latino nuevo i matvegen. Og remeksikaniseringa av Texas og California, med andre ord ekspansjonen av spansk språk i USA, sjølv om det framleis med nød og neppe går an å klara seg med engelsk i nokre av dei nordlegaste sambandsstatane, etter det eg har høyrt. Og sist, men ikkje minst, sidan eg nå er i Chiapas: Det moralske hegemoniet til zapatistrørsla EZLN utgjer også ein triumf for globaliseringa, av motstanden. "El pensamiento único", som den nyliberale marknadstenkinga blir kalla her, har dobbel karakter og er langt frå unik. Mynten, sjølv den mest blankpussa kapitalistiske, har to sider, globaliseringsprosessen er dialektisk. I staden for allmenne tordentalar mot "frivolitet og individualisme" kan ein trekka fram den globale styrken til det lokale, til det særeigne, det spesifikke. Til og med det frivole. Det er sant og visst at USA har eit revolusjonært regime, i den forstand at det prøver å forma alle land i verda i sitt bilde. Det same kunne i alle høve tidlegare seiast om Cuba. I dag må det først og fremst seiast at landet har halde ut, og at kubansk skaparkraft, livsglede og politisk styrke har halde fast på ein alternativ modell til kapitalens einsrettande og forflatande modernitet, tett opp til det kapitalistiske imperiets indre grenser. I mange amerikanske land er nasjonal byrgskap og patriotisme grunnlagt på heroismen til dei innfødde som nasjonen måtte utsletta for å bli ein nasjon. Dette utgjer eit djupt nasjonalt traume: Chile, Uruguay. På Cuba er det motsett. Her bygger patriotismen på at alle grupper som vil dela folkets kår, kan vinna sin plass i nasjonen. Så får dei andre ta tantene sine med seg til Miami, som Neruda seier. Likevel, den kubanske revolusjonen er eit barn av det forrige hundreåret, knytta til Komintern-tradisjonens fiksering på statsmakt og sentralisering og kontroll. I dag er Chiapas, som heller ikkje ligg langt frå Imperiets grenser, truleg det sterkaste motstandspunktet for å hindra at den nordamerikanske prærien rundt – lat oss seia Kansas City – blir det det einaste indre landskapet som er gangbart utkast til eit framtidig idealsamfunn. Både EU og NAFTA handlar om å pulverisera all motstand mot "den vestlege kulturen", gjennom ein sivilisatorisk krig, der dei indianske samfunna i Mellom-Amerika, med EZLN i spissen, i dag står for den mest heroiske motstanden. Denne motstandskampen er like gammal som den europeiske koloniseringa. Og like nådelaus. I august 1961 deltar Comandante Che Guevara som kubansk utsending på eit møte i CIES, det organet i Organisasjonen for amerikanske statar som tar seg av det økonomiske samarbeidet. Møtet blir halde i Punta del Este, ein badeby for søramerikanske rikfolk. Fleire land og statsleiarar viser interesse for den kubanske revolusjonen. Men i løpet av få månader etter møtet fell dei to landa som har uttrykt ei sjølvstendig line i forhold til USA – Brasil og Bolivia – og dei to presidentane som har hatt private samtalar med Che – Brasils Janio Quadros og Argentinas Frondizi – som offer for USA-støtta militærkupp. Seinare gjentar dette mønsteret seg i land etter land. Det er nærliggande å tenka i slike banar om bord på Air Cubanas Yakovlev 42, som går i rute mellom Havana og Guatemala by, og som er eit framifrå fly, sjølv om det tar nokre turar før ein venner seg til at det alltid stig røyk opp i midtgangen ved avgang. Og nye røyksignal kjem opp frå golvet før landing i Guatemala, som ligg geografisk ein stad mellom den reelt eksisterande karibiske sosialismen og zapatistopprøret i Chiapas. 2 Ein velta skigard av tropisk tre lagd flatt på eit langt bord og delt på langs i ulikt lange fjølbitar, til eit musikkinstrument som blir kalla marimba, traktert med vatterte trommestikker, av urfolk med strunk haldning og steinandlet. Lyden er øyredøvande og bedøvande. Sjølv i globaliseringas tidsalder kan ein kanskje tvila på om slike lydar vil nå eit globalt publikum, sjølv med tonefylgje av ståbass og trommesett? Og med Paul Simons vokal lagt på toppen? Det særeigne ved Guatemala by er at gamlebyen, der marimbaen nå ljomar ut i gatene, ikkje ligg i byen, men på landet. La Antigua Guatemala, eller berre Antigua, ligg ein kort kjøretur både frå dei fattige sitt bysentrum, og frå bydelssentra til dei rike. Det får ein kalla ei praktisk arbeidsdeling. Turistane har ein heil gamleby for seg sjølv, heilt ekte, men forlaten i landlege omgivnader, medan innbyggarane får driva sin daglege dont i den verkelege byen, som er valdeleg, kaotisk og forureina, og nådelaust lagdelt mellom fattig og rik. Virtualiseringa av La Antigua er også av dei få tinga som er vellykka ved Guatemala, som etter frigjeringa av Sør-Afrika sannsynlegvis er den mest råbarka apartheidstaten i verda. Det store og fattige indianske fleirtalet blir framleis styrt med hard hand av ein liten euro-amerikansk herskarklasse, som på ingen måte er riden av fattigdom, men til gjengjeld av frykta for dei fattige. Guatemala er det eine. Det andre tyngdepunktet for indiansk kultur og motstand ligg i det sørlege Mexico. Også der er fleirtalet etterkommarar etter mayafolket. Men opprøret i Chiapas ser ikkje ut til å ha overføringsverdi til det meir massivt fattige Guatemala, sjølv om zapatistane på si side gjerne nemner den guatemaltekiske geriljaen frå 70- og 80-talet som utgangspunkt og inspirasjon for deira eigne aksjonar. 3 I eit forrykande tropisk regn og torever ber eg ryggsekken over elva ved Talismán, sør for den meksikanske grensebyen Talpachula. Etter å ha kjørt buss i fem og ein halv time ned frå Guatemala by, gjennom heitt lågland og tett Tropenwald (som det står på eit eller anna skilt; Guatemala har hatt ein stor tysk koloni), er eg framme ved ei verkeleg grense. Kvifor den heiter Talisman, som altså betyr amulett eller fetisj, må gudane vita. Imperiet i nord har flytta den ytre forsvarslinja mot innvandringa frå det fattige sør ned til denne staden som altså er døypt Lykkeamulett. Sentralamerikanarar som søker lykka i nord blir stoppa her, meksikanarar i same ærend prøver grensepolitiet å ta ved Rio Grande. Talismán er stadig ei av dei grensene i verda der du sjølv må bera bagasjen over skiljelinja, gjennom ein sann hærskare av tollarar og syndarar, skopussarar, hustlers, pengevekslarar, tiggarar, sykkeldrosjar over til den andre sida: i forhold til Guate er Mexico den 1. verda. Den omvende rasismen gjer at mitt blonde hovud og mitt norske pass slepp lett gjennom folkemylderet og stempelputene og det desinfiserande golvteppet som skal hindra innføring av europeisk munn- og klovsykje. Sjølv om hotellmuzaken i Talpachula spelar "O Mein Papa" på elektronisk trompet, og jenta i kiosken på busstasjonen broderer på ein duk med byrelieff frå Europa, er det lett å merka at ein er i ein ny kultur. Brått er omgivnadene prega av fargane ikkje berre frå den grøne regnskogen og dei knallraude mayadraktene, men også frå den meksikanske høgkulturen, frå appelsingult til oransje, frå lakseraudt til rosa, frå teglraudt til kobolt blått og fargen av mogne sitroner. Gjennom fem hundre år med europeisk kolonisering og økonomisk modernisering, er etterkommarane av mayaindianarane drivne lenger og lenger til skogs og til fjells, til dei må dyrka bønnene og maisen til seg og sine på usle og steinete jordlappar heilt oppe under himmelen, samstundes som dei utgjer den globale arbeidsreserven for den grenselause marknadsøkonomien. Frå Talpachula stig vegen til fjells gjennom tett og yppig regnskog. Tettstadene heiter: Huixtla. Motozintlo. Comalapa. Ciudad Cuahautemoc. Comitán. Teopisca. Enkle forhold, landsens fattigdom. Det mest slåande med Chiapas er kontrasten mellom økonomisk rikdom og materiell fattigdom. Sjølv om dei berre utgjer rundt tre prosent av det samla innbyggartalet, produserer Chiapas over halvdelen av Mexicos vasskraft, er den nest største oljeprodusenten og den største kaffieksportøren. Staten er også rik på mais, kveg, tobakk, bananar, soya og kakao. Framleis er Chiapas den nest største tømmerprodusenten i Mexico. Landet er rikt, folket utfattig. Eg starta frå Guatemala klokka seks om ettermiddagen og bankar først på klosterporten i San Cristóbal de las Casas halv to på natta. Vegen har heile tida gått gjennom fattig bondeland, som samstundes er nøye overvaka grenseland. Den fjerde kontrollposten ligg ein stad som heiter El Dorado. Her er det grensepoliti med lette handvåpen. På den femte kontrollposten på vegen opp frå Talpachula til San Cristóbal kjem soldatar i full felt med automatvåpen inn og kontrollerer bussen. Narkotika, subversive. Det eine er påskot for det andre, og omvendt. Ikkje eit ord blir sagt. Endå ein kontrollpost, den sjette, på vegen frå den guatemaltekiske grensa opp til provinshovudstaden i Chiapas. 4 Grunnlaget for opprøret til den meksikanske bondeleiaren Emiliano Zapata (1879-1919) var det enkle kravet at jorda skulle eigast av dei som dreiv den. Det djupt fascinerande ved nyzapatismen ligg både i det enkle og det svært tvetydige. EZLN – Ejército Zapatista de Liberación Nacional eller Zapatisthæren for nasjonal frigjering – er ein geriljaorganisasjon og ikkje ein gerilja. Leiaren er Subcomandante og ikkje comandante. Aksjonen er lokal, og derfor global. Urfolket er på internett. Det militære målet er ikkje militær siger. Kommunikasjonen er direkte, moderne og open, med tildekka andlet. I tidlegare tider brukte geriljastyrkar fritida til å pussa våpen og lagra ammunisjon. Subcomandante Marcos seier: "Våre våpen er ord, og vi kan når som helst få bruk for dette arsenalet." Leiarane kalla okkupasjonen av San Cristóbal de las Casas natta til 1. januar 1994 for "un poema". Den var eit dikt. Å innta den geografiske staden var å erobra ein skriftstad. Slik nådde orda deira lenger ut enn berre til den minoriteten dei sjølve representerte. Ved å ta byen lokalt, tok dei ordet globalt. Finlandshetta både anonymiserer og gir orda vekt. Maska avslører dei som ber henne. Ein meksikansk provinsby blir global landsby. Den globaliserte massekommunikasjonen gjer det særeigne allment. San Cristóbal de las Casas blir San Cristóbal de las Masas: eit massekommunisert symbol på motstand. For dei innfødde handlar det om å vinna livsrom. Men for å få livsrom treng dei sendeflate. Det er EZLNs postmoderne nyvinning. Skriftstader og sendeflate på teve er ein del av den nye grunnflaten livsrommet må byggast på. Jo fleire skriftstader, jo breiare sendeflate, jo større livsrom. 5 Kommandostrukturen er like tvetydig, for ikkje å seia flytande. "Comandante" er ein offentleg tittel som zaptismens talsmenn kan utstyrast med etter som det trengst. Spørsmålet er ikkje kven Subcomandante Marcos er, men kva han og dei andre kommandantane er. "Comandante Esther" som framførte bodskapen til zapatistane for nasjonalforsamlinga i Mexico by, kan neste dag vera ei anonym kvinne som står og bakar tortillas i ein av zapatistbyane, utan at nokon anar at bakstekona Juanita samstundes er den berømte Esther frå teve og aviser. Tittelen kommandant uttrykker altså ikkje dei verkelege maktforholda. Dei som bestemmer, er medlemmene av Forsvarsrådet, og av dei igjen dei 6-8 viktigaste områdeleiarane, ein post som kan gå på omgang, og som grunnplanet søker råd hos. I tillegg til å vera massekommunisert poet er Subcomandante Insurgente Marcos også militær leiar. Men den militære makta er underordna den sivile, og dei sivile leiarane er underordna folket. Verken "El Sub" eller dei andre leiarane kan gjera noko utan at folket bestemmer. Seier dei sjølve. Maktbasen er like tvetydig. Namnet Aguascalientes tyder "varme kjelder" og kan føra tanken til klassisk geriljalære om fisken i vatnet, der fiskane er geriljasoldatar og det varme vatnet er folket som omsluttar dei. Men Aguascalientes høyrer samstundes med til mytologien rundt Emiliano Zapata. Dagens zapatistar har fem slike Aguascalientes i tydinga sikre baseområde. Likevel er ikkje områda sikra militært. Ein stad i skråninga frå høglandet rundt San Cristóbal og ned mot regnskogen, vitjar eg ein landsby som har dobbel maktstruktur. Både regjeringa og zapatistane er representerte på same tid, med kvar sitt sjukehus, skule, til og med butikk i spent samliv, men ikkje open konflikt. Ein annan stad oppe i høglandet kjører vi først kollektivdrosje ein times tid til bygdesentret Chenalhó, og vidare til stoppestaden Jabteklum, før vi tar beina fatt til flyktningleiren X´oyep, der det verken er zapatistar eller regjeringsfolk som rår grunnen, men ein meir pasifistisk orientert organisasjon ved namn Las Abejas – Biene. Hytter med jordgolv, vegger av plastduk og tørka leire. Derifrå igjen kan vi kappgå ein times tid langs stiane i utmarka, som her følger åskanten, fordi det er dei tørraste rutene i regntida, bort til zapatistområda i Pohlo og Acteal. Mot hovudvegen blir området markert med ein port og eit stort veggmåleri som bilde på at her råder zapatistane, men utan noka form for væpna vakt. 6 I staden for å snakka abstrakt mot globalisering, kan ein konkret gå mot privatisering og inn for direkte demokrati. Opprøret i Chiapas er postmoderne i forma, men samstundes eit svar på tre tiår med kapitalistisk modernisering. Etter tilpassing av jordbruksproduksjonen til den internasjonale marknaden, og boom innan oljeutvinninga på 1970-talet, blei Chiapas hardt ramma av den økonomiske krisa på slutten av det følgande tiåret. Innføringa av frihandelsområdet NAFTA i 1994 var både symbolsk og reelt utløsande årsak til den væpna protesten. Få delar av Latinamerika har ei så stor og intakt indiansk befolkning som Chiapas. Motsetninga til det kapitalistiske moderniseringsstrevet blir ekstra skarp her. Elles skil ikkje Chiapas seg avgjerande frå andre delar av Latinamerika som lid under kapitalistisk rovdrift. Når fortenesta av arbeidet i stigande grad blir overført frå produsentar til aksjeeigarar, blir kapitalismens tendens til å gjenskapa og skjerpa ulikskap og urett meir og meir brutal. Zapatismen er ein del – kanskje den mest avanserte – av den samla motstanden mot denne nyliberale globaliseringa, som gir seg tallause andre uttrykk. I 1990 gjennomførte til dømes regjeringa til den nå arresterte president Menem privatiseringa av det argentinske flyselskapet Aerolinas Argentinas ved å overføra kontrollen av selskapet til spanske interesser. Då privatiseringa starta hadde ikkje AA uteståande skuld, tente meir enn 50 millionar dollar i året, med utsikter til vidare vokster, ein flåte på 27 fly, og hadde aktiva på til saman tusen millionar dollar. Elleve år seinare har AA tusen millionar i skuld, berre eitt fly og ingen aktiva. I juni 2001 protesterer tilsette i selskapet mot nedlegging av livsnerven, ruta Buenos Aires-Madrid, ved å blokkera hovudflyplassen Ezeiza både fysisk og med parolen "Viss AA ikkje flyr, flyr ingen frå Ezeiza!" I Luna Park i sentrum av Buenos Aires gir Mercedes Sosa, Fito Páez og mange andre artistar solidaritetskonsert, der tusenvis av tilskodarar ropar "Somos todos Aerolineas!/Vi er alle Flyselskapet!", og vil ha stilt til ansvar dei som selde landet, i ei storstilt mønstring ikkje mot globalisering i og for seg, men mot privatisering som underslag av folkets eigedom. Meir presist kan det ikkje seiast. Privatiseringa kappar vengene av folkets eigedom, nektar dei å fly, set dei fattige landa på bakken. 7 Då han omsider dukkar opp, vil ikkje Moses snakka abstrakt om politikk. Han vil snakka om erfaringar, som han gjerne uttrykker i bilde. Både han og eg har spansk som andrespråk. Mål og midlar kjem av praksis, seier han. Vi prøver å praktisera våre andrespråk. Praksis går ut på å få alle til å sjå på Den Andre som medmenneske. Også om den andre er tzotzil eller tzeltal eller nordmann. Vi står på kvar vår side av ein avgrunn. Korleis skal vi fylla denne avgrunnen? Det er dette zapatismen dreiar seg om. Eg gjentar hans eige spørsmål: Med kva slags materiale skal ein fylla denne avgrunnen? Det er opp til kvar og ein å finna det materialet. – Chicán? Forstår du? Seier han, i det han slår over på tzotzil og ser hardt på meg. Eg veit ikkje. Eg trur ikkje heilt vi klarer å fylla avgrunnen mellom oss. Vi sit i ei hytte i utkanten av San Cristóbal de las Casas. Han er ein av EZLNs sentrale kommandantar, kjend under fleire dekknamn, mest som Comandante Moisés. For meg presenterer han seg med eit vanleg fornamn, som heller ikkje er hans rette. Eg held meg til Moses, som det mest treffande. Møtet er organisert på ytterst konspiratorisk vis. Dørene blir lukka. Omsider er vi i same rom. Bak meg sit vertinna. På golvet mellom oss sit og ligg ei ung jente eller dame og vekselvis klipper tånegler og knaskar kjeks. Ho er kledd i tzotzilbunad, og lyser av indre styrke gjennom sine trivielle gjeremål. Dagen før dukka ho brått opp frå det ukjende og stilte meg skarpe og presise spørsmål. Kven eg er, kva eg gjer på, kva eg vil? Nå forstår eg kvifor. Ho har sjekka meg på oppdrag for kommandanten, som går med på å møta meg, på vilkår av at det ikkje blir tatt bilde eller tatt opp lyd. Og han vil komma til meg, ikkje eg til han. Det er søndag formiddag, og han kjem inn til byen frå ukjend stad. Moses kjem ned frå berget. Huset ligg fritt med utsyn over kassebordslummen inn mot sentrum. Han ventar bak i landroveren til kysten er klar. Og det er den ikkje. Det oppstår ein slags comic relief då brått to naboar og husvenner dukkar uanmeldt opp og må avleiast i upåfallande vennlege former. Så skulle alt vera klart. Midt i juni, sommar, høgland, klår og kald fjelluft. For ein skandinav er det gjenkjenneleg natur og vegetasjon i dei grøne åsane rundt byen. Vi trur ikkje vi er i naturen, seier han. Vi trur vi er naturen. Chicán? Vi er ikkje idealistar. Vi materialiserer. Sola, månen, vatnet, jorda er gud. Han ser seg rundt i den enkelt utstyrte hytta. Det står mat på kjøkkenbenken. Kva er brødet? Brødet er korn. Kva er kornet? Kornet kjem av jorda. Og kven gir jorda liv? Og mjølka, kvar kjem mjølka frå? Frå kua, frå graset, frå jorda. Og sola. Sola er liv. Sola er gud. Chicán? Jo, eg forstår ein del. Den byintellektuelle Subcomandante Marcos står bak ein omfattande forfattarskap som prøver å setta det indianske verdsbildet – frå slike kjelder som "El Libro de los libros del Chilam Balam" og mayamytene, etter at hieroglyffane blei tolka for første gong av Juri Knorosov på 1980-talet – inn i ein moderne og politisert samanheng. I Los relatos del Viejo Antonio møter Marcos "Gamle Antonio" og blir eit slags medium ved hjelp av transe og rituell ekstase, slik at Antonio kan døy med ro i sjela, i vissa om at visdommen hans blir ført vidare. For å forklara kvifor regjeringa er så redd for det meksikanske folket at dei må ha fullt av soldatar og politi, seier Gamle Antonio til Marcos, ein ettermiddag i mai når det regnar og det er tid for ein røyk og ein prat "at ein er like stor som fienden ein veljer å slåst imot, og at ein er like liten som redsla ein måtte ha er stor. Velg ein stor fiende og du vil bli tvinga til å veksa for å møta han. Gjer redsla di mindre, fordi, dersom den veks, vil du bli mindre". Dette kan likna New Age og mystisisme av det slaget som lett kan tenna svermariske vesterlendingar på jakt etter djup og uforpliktande innsikt. Slik tale har også røter i katolsk frigjeringsteologi. Men gamle Antonio er ikkje berre mytologisk grunnleggar av zapatismen. Han var ein levande mann, ein chiapanenco med kone og barn, ein mann i samfunnet og i historia, der han levde eit liv som dei andre i landsbyen, til han døyr av tuberkulose i 1994. Subcomandante Marcos seier også: "… vi bør gjera ein sving bakover for å kunna gå vidare fram og bli betre. I fortida kan vi finna stiar inn i framtida. Og vi, de, har ikkje noko større håp enn framtida. Derfor er fortida viktig. Viss noko nytt blir fødd, er det fordi noko gammalt døyr." Maska seier at mennesket bak maska ikkje er eitt med sin eigen identitet. For zapatistane uttrykker maska at det er dei anonyme frå det store kollektivet som er dei verkelege heltane. Som El Viejo Antonio er også Comandante Moisés eit levande menneske. Han møter meg utan maske. Utan maskas karisma og autoritet viser han til gagns at han er eit vanleg menneske. Særleg utan maskering viser han dette. Det forvirrar meg. Det er vanskelegare å skilja kva han er frå kven han er. Saman er vi to svært vanlege menneske som sit og prøver å snakka saman over ein vid avgrunn, på eit framandt språk, og over hovudet på kvinna mellom oss, ho som har eit lys over seg som overstrålar våre to meir audmjuke lysglimt. Ved å bli individuell, utan maske, blir han anonym. Ved å bli anonym, med maske, blir han Comandante Moisés. Kjempar kommandanten for den anonyme zapatisten med maske eller for det avslørte individet som sit framfor meg? Av og til, sannsynlegvis når eg har stilt eit ekstra dumt spørsmål, snakkar og ler dei to usjenert saman på tzotzil, eit språk som finst verken i skulen eller i massemediene. Ti millionar innfødde får aldri læra sitt eige morsmål. Likevel, eller derfor, snakkar han konsekvent i bilde. Eg spør kva som skjer nå, etter samanbrotet i dialogen med regjeringa. Han svarar med endå eit bilde: I 1994 drog vi til sides gardinene. Sidan har vi sett ut, og verda kunne sjå inn på oss. I dag har vi knust vindusruta. Og sjølv om regjeringa lyg for oss: Vi veit at folket har eit langt minne, at dei hugsar. Folket er vår øverste kommandant. El Sub kan falla. Kommandantar kan falla frå. Folket fell aldri frå. Folket kan ikkje falla. Men striden vil bli lang. Fedrane er stolte av oss, av vår generasjon. Vi kan ikkje tapa. Vi lid frå vi ligg i mors liv til vi ligg i grava. Vi vil ikkje venda tilbake til fortida. Men vi vil heller ikkje leva og døy i den, slik som nå. At vi skal bli meir menneskelege alle saman. Det er det striden vår handlar om. Bodskapen vårt er at vi skal tena andre menneske, ikkje pengar. Chicán? 8 Tzotzilsk mytologi seier at kolonistane "stal boka". I dag er "boka" teve, radio, internett, video, aviser. Gjennom desse "bøkene" og gjennom spelet på maskering og avsløring, har zapatistane tatt ordet på ny. Vinteren 2001 la ein delegasjon frå zapatistleiinga ut på ei lang og risikabel reise frå Chiapas gjennom sørlege og sentrale delar av landet heilt fram til Mexico by. Då delegasjonen kom attende til Chiapas i den tru at dei hadde ein avtale med regjeringa om ei ny lov som regulerte rettane til dei innfødde folkeslaga, blei det skipa stor fest i landsbyen Oventic, Aguascalientes nummer 2, i høglandet. Zapatistar og sympatisørar frå heile Chiapas var samla for å feira sigeren. I tre heile dagar venta dei på at dei 23 kommandantane og Subcomandante Marcos skulle komma tilbake frå marsjen mot Mexico by. Tre netter tett i tett saman mot den strenge kulden i høglandet. Tre dagar i skuggen av improviserte presenningar, medan mødrene amma ungane sine og unggutane spela basketball. Alle i spent forventning. Då kommandantane til slutt nærmar seg, dukkar det også opp pressefolk og andre representantar for statsmakt og sivilt samfunn. Først då blir maskene og finlandshettene funne fram, og maskeraden tar til. Sjølve samlingsstaden var eit stort amifteater rundt ein basketballbane. Langs vegen dei skal gå inn på banen og opp på scenen, er kommandantane omgitt av eit levande skjold av menneske, kvinner og barn fremst, mennene bak, alle hand i hand. Slik er innmarsjen, ikkje berre i leiren, men i det som såg ut til å bli ei fredeleg framtid. El Sub Marcos, som mange meiner er Rafaél Guillén frå Tampico, heldt ein kort tale. Deretter var det dans. Bygdedans i det meksikanske høglandet. Basketball, maskeball. Til tonane frå rancheros, som er meksikansk country&western med trekkspel og smektande song, løyser lenkene av menneske seg opp, medan festdeltakarane i finlandshetter svingar seg og kvarandre i eit uutgrunneleg politisk maskeball. Kan den karnevaleske karakteren til det zapatistiske opprøret uttrykkjast tydelegare enn i denne maskedansen, som av alle krefter prøver å halda fast ved at makt og prestisje er noko flyktig, forbigåande, som i neste nå kan råka ein annan, og som kan takast av og fjernast utan eit spor når finlandshetta blir vrengd av hovudet til den maskerte, som er individualisert, og derfor anonym, på ny? 9 Før eg drar ned frå høglandet, set eg meg i den stille baren på eit godt hotell i San Cristóbal og gjennomfører heile tequilaritualet. Tequila Quita Penas må passa bra i ei slik stund, og sangrita i smale, men kompakte glas. Salt på grøne sitronskiver, nøtter, tecate. På veg sørover i verda, mot den guatemaltekiske grensa, er det ingen kontrollar. Ingen grensevakter eller opprørspoliti er redde for at eventuell subversjon og narkotika skal gå den vegen. Turen går først i taxi, så i rutebuss, så i minibuss til grensa. Velkommen til Guatemala, seier grensevakta høfleg og dunkar stemplet inn i passet. Frå La Mesilla på guatemaltekisk side går ferda først med kyllingbuss, og så med avdanka gul-lakkert skulebuss frå Kansas, som tidlegare har frakta elevar rundt i den reelt eksisterande nordamerikanske utopien. Nå bremsar den opp på torget i den guatemaltekiske provinshovudstaden Huehuetenango. Lyd er lys etter oppbremsing? Og kaoset, vegstøvet, folkemengda, fattigdommen, lausbikkjene, transistorlarmen, dei flaksande hønene, lurvelevenet frå hundane som gøyr og hanane som gjel og hustleren som overdøvar dei alle saman med å ropa Guate! Guateguateguate? og Chelachelachela? Mestis kjem av det latinske ordet mixtus, som tyder blanda. Mestisering, fattigdom, sosial rikdom, herleg blanding? Kanskje dette er den alternative moderniteten? Eg skal ikkje til Quezaltenango, men til Guatemala by, til Guateguateguate, som skyssvervaren ropar idet han under kyndig leiarskap pressar meg og ryggsekken ut av den utopiske skulebussen og ned i den forvirrande røyndomen. Den neste kjøredoninga har sprekk i frontruta og i eit av sidevindaugo, ikkje vindusviskar for sjåføren, men bussvertinne, som sit på ei kvelvd plastbøtte i midtgangen. Frå tid til annan ser vi litt av vegen framfor oss. Seks timar tar det. Femogtjue kroner er prisen for å reisa gjennom halve Guatemala. Rett som det er må sjåføren ut av førarsetet og ned i motoren med skrunøkkel i handa. Radioen spelar evangelisk kristenpop og rancheros. Musikken fell inn og ut i takt med at radiomottakaren blir rista laus av humpane i vegen og mangel på fjøring i bussen, og blir sett på plass igjen av bussvertinna. I sin store biografi over Ernesto Guevara, siterer Paco Ignacio Taibo II følgande setning frå eit foredrag av "El Che": "Amerika er i dag ein vulkan; den har ikkje brote ut, men den skjelv av det overveldande ståket frå undergrunnen som varslar om det som skal komma". I falleferdig rutebuss følger eg kongeleg skyss tilbake mot hovudstaden mellom Guatemalas sovande og majestetisk utsløkte vulkanar. Innhold 3 2001 |
|
|
SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL |
||